Ut av bibliotekrommet

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Surnadal bibliotek
Samlet støtte:60 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2023

Søknad

Rapporter

Mål

-Auke bibliotekpersonalet sin kompetanse innan formidling av litteratur

-Bringe biblioteket og litteraturformidlinga ut av bibliotekrommet

-Nå nye brukarar gjennom lesegrupper og sosiale medier

-Formidle litteratur og gje litteratur-opplevingar til grupper som brukar biblioteket lite

Beskrivelse

Vårt hovudfokus i arbeidet med å nå måla vil vere lesegrupper med Shared Reading-metoden. Biblioteksjef skal ta leseleiar-kurs i oktober –22, og vil gjerne få prøve ut metoden i etterkant, og få meir erfaring og kompetanse i å ha slike lesegrupper. Særleg vil vi prøve ut metoden hos grupper som ikkje brukar biblioteket mykje – t.d. ungdomsskule-elevar, elevar på vidaregåande skulen, eldre som har vanskeleg for å gå ut mykje, folk som bur i utkantane i kommunen osv. Til dømes har nærbutikken i ei av utkant-bygdene ønska å ha ei depotsamling frå oss – det er jo eit godt utgangspunkt for samarbeid. Kva for grupper vi “endar opp” med å ha lesegrupper for, vil avhenge av kvar vi får til samarbeid. Vi har ikkje nokre slike samarbeid ferdig avtala, men vil kontakte ungdomsskulen og vidaregåande i første omgang. Vi vil og undersøke mulegheiter for samarbeid med t.d. helse- og omsorg-sektoren og frivillige organisasjonar for å prøve ut Shared Reading som metode for litteraturformidling til grupper som ikkje kjem på biblioteket – og håpar at dette kan gje gode opplevingar av både litteratur og fellesskap.

Vi vil og arbeide med å bli meir aktiv på sosiale medier, og å legge ut innhald som ikkje berre er rein informasjon (om t.d. arrangement, opningstider osv.), men innhald som er av meir inspirerande karakter, og/eller som kan appellere til grupper som ikkje brukar biblioteket mykje frå før. Frå før er biblioteket på facebook og instagram, og viss vi får innvilga midlar, vil vi og opprette ein TikTok-konto. Då vil vi prøve å få til eit samarbeid med elevar ved ungdomsskulen eller vidaregåande, til dømes til å kome på idear til innhald til TikTok, hjelp til filming eller “opplæring” i TikTok. Ved å bli meir aktive på sosiale medier ønsker vi å gjere tilboda våre betre kjent (t.d. e-bok-appen BookBites) og å få meir erfaring i digital formidling, t.d gjennom boktips.

For å få tid til å gjennomføre desse tiltaka, må vi sette inn vikar(ar) i biblioteket.

Med bakgrunn i planverk:
Biblioteket i Surnadal ligg under kultureininga. I kulturplan for Surnadal 2021-2025 er målet for kulturområdet i Surnadal formulert slik: “Saman skal vi skape eit raust samfunn prega av mangfald, toleranse, livskraft og skaparkraft for den enkelte og kvarandre – der kulturlivet er ei drivkraft som fremmer folkehelse og motverkar utanforskap.” Dette er bakteppet for at vi vil sette i gang dei tiltaka vi beskriv i søknaden, då vi trur at dei kan bidra til å oppfylle desse måla. Biblioteket har som mål “å vera ein inspirerande møteplass for alle, med aktivitetar og arrangement som engasjerer vaksne, barn og unge.” Nokre av strategiane for å nå måla er auka satsing på digitalt materiale, eit auka samarbeid med andre bibliotek og med frivillige lag og organisasjonar, aktiv bruk av heimeside og sosiale media for å profilere biblioteket. I handlingsplana for planperioden er Shared reading nemnt blant tiltaka; fortsetje med Shared reading-grupper og introdusere Shared reading for skuleelevar.

Målbar effekt:
-Antall Shared Reading-grupper arrangert, og deltakarar på desse
-Meir aktivitet på sosiale medier; antal innlegg, antall reaksjonar/sjåarar/følgjarar
-Vi vil og sjå på besøks- og utlånsstatistikk – men sidan vi delvis vil prøve nå grupper som har vanskeleg for å kome seg til biblioteket (pga. helse, avstand), så vil det ikkje gje eit godt bilde av effekten av tiltaka.

Ang. budsjett: Her har eg rekna ut frå at vi i gjennomsnitt vil ha ein halv dag kvar veke til å jobbe med tiltaka.