Litteratur og livsmeistring

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Lærdal bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2023

Søknad

Mål

– Auke leselysta hjå ungdommane i kommunen
– Styrke litteraturkompetansen til vaksne som ungdom møter på skulen og på fritida.
– Bruke litteratur som eit reiskap for livsmeistring

Beskrivelse

Dei siste åra har Lærdal folkebibliotek arbeida aktivt med å verte meir synlege i lokalmiljøet og styrke biblioteket som møtestad. Me har fått god effekt av dette, men ser at det er ei målgruppe me ikkje klarar å nå godt nok ut til. Ungdommane har allereie ein etablert møtestad på ungdomsklubben, og er lite på biblioteket på fritida. Me merkar også at utlånet til ungdom er synkande og at me må ta grep for å få denne målgruppa til å få eit større eigarskap til bibliotek og for å auke leselysta. Her har me fleire tiltak me tenkjer å sette i verk for å oppnå dette. Samtidig som me vil styrke leselysta, vil me også synleggjere korleis litteratur kan nyttast som reiskap for livsmeistring, både ovanfor ungdom og vaksne.

Lærdal kommune er i gang med eit større prosjekt som heiter «Tett på born og unge i Lærdal». Målet med dette prosjektet er at kommunen gjennom samarbeid og samhandling skal styrke born og unge sin sosiale kompetanse og fremja eit godt og inkluderande oppvekstmiljø. Her kan biblioteket bidra inn med å synleggjere korleis litteratur kan støtte opp om dette. Livsmestring er eit viktig omgrep i prosjektet og er også eit av emna i fagfornyinga som inngår i læreplanen på skulen. I formidlingsprosjektet vil me sjå meir på korleis me kan bruke litteratur for å fremje livsmeistring.

I prosjektet vil me møte ungdom på deira arena, både i klasserommet, på ungdomsklubben og digitale flater. I tillegg vil me aktivt formidle litteratur for målgruppa ovanfor vaksne som er kring dei. Dette kan vere foreldre, lærarar, tilsette på ungdomsklubben og tilsette i helsetenesta. Målet er at me ved å formidle litteratur for ungdom ovanfor desse, vil dei seinare kunne nytte litteratur i møte og samtale med barn og unge. Prosjektet vil også utforske korleis me kan nytta digital formidling i samarbeid med målgruppa.

Prosjektet har fire tiltak:
– Drive aktivt formidling ovanfor ungdom på deira arena.
– Formidle litteratur for ungdom til vaksne som arbeidar med eller har tett relasjon til målgruppa.
– Sette opp minibibliotek på ungdomsklubb og i klasserom for å gjere litteraturen meir tilgjengeleg.
– Utforske digital formidling i samarbeid med målgruppa.