Leselyst med dei minste – aktiv formidling i Vestland 2024

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Vestland fylkesbibliotek
Samlet støtte:1 150 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående

Søknad

Lenker

Mål

Å stimulere til at barn 0-6 år i Vestland i aukande grad har tilgang på bøker og blir lesne for i heim, barnehage og bibliotek, og at biblioteket kjem aktivt ut til nye og eksisterande brukarar.

– Gi barn 0-6 år gode opplevingar med bøker og inspirere til leseaktivitetar

– Nå ut til dei vaksne rundt barna, som foreldre, føresette, barnehagetilsette og tilsette i helsestasjonar:

-med kunnskap om litteratur for dei minste

-med kunnskap om betydninga av høgtlesing

– Forsterke samarbeidet mellom bibliotek, barnehagar og helsestasjonar om formidling til barn og foreldre

– Bibliotektilsette vil gjennom prosjektet tileigne seg ny kunnskap

og slik heve eigen kompetanse.

Beskrivelse

Utgangspunktet for denne søknaden er utfordringa: Korleis kan biblioteka i Vestland arbeide meir systematisk for å stimulere til at barn 0-6 år i aukande grad har tilgang på bøker og blir lesne med?

Vestland fylkeskommune søkjer på vegner av 22 kommunar om støtte til formidlingstiltak retta mot barn 0-6 år og dei vaksne rundt barna.

Desse kommunane er med på søknaden: Alver, Austevoll, Austrheim, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Luster, Sogndal, Stryn, Sunnfjord, Sveio, Årdal, Etne, Stord, Samnanger, Aurland, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Lærdal, Ullensvang og Vik. Alle biblioteka vil bruke midlane på tiltak som er nye i sin kommune, og midlane vil bli nytta til frikjøp av tilsette (vikarutgifter).

Søknaden er forankra i «Kultur byggjer samfunn», regional plan for kultur i Vestland pkt 5.6, som stadfestar at bibliotek er arena for og skal drive med aktiv formidling for å fremje kunnskap og kulturopplevingar på tvers av profesjonar gjennom samarbeid, med vekt på inkludering og for å forebygge ulikskap.

Leselyst med dei minste
Midlar søkt til aktiv formidling blir sett i samanheng med læringsressursen «Leselyst med dei minste – saman om lesekultur», som fylkeskommunen ønskjer å nå ut til alle kommunane med. Læringsressursen er utvikla i prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF), med støtte frå NB og Foreningen !Les. Vestland fylkeskommune har vore ansvarleg for utviklinga av ressursen.

For å legge best mogleg til rette for bruk av ressursen, har vi utarbeidd køyreplan til ei avsparksamling og ein arbeidsverkstad, samt analyseverktøy i form av taksonomiar (sjå vedlegg).

Kommunane som er med på søknad til aktiv formidling, vil i løpet av opplegget velje ut kva aktivitetar dei vil satse på og definere korleis dei vil bruke midlane til aktiv formidling.

Bakgrunnen for ei satsing

Studiar viser at det blir lese mindre enn ønskja for barn i førskulealder1. Å rette innsats mot dei yngste kan bygge gode vanar med lesing frå tidleg alder, noko omfattande forsking viser gir store fordelar.

Biblioteka har erfaring i formidling til dei minste, og dei har oversikt og kjennskap til litteraturen. Såleis inspirerer dei til lesing hos både barn og vaksne. Likevel fører ikkje det utan vidare til ein aktiv lesekultur for barna i heimemiljøa og i barnehagane. For å nå breitt ut må bibliotektilsette nå dei vaksne rundt barna med målretta formidling. Slik kan lesing og bøker bli ein naturleg del av barna sin kvardag.

Tilgang på bøker er ein heilt avgjerande og nødvendig føresetnad for ein aktiv lesekultur. Men tilgangen aleine kan ikkje sjåast som svaret på at lesing ikkje er kvardagsaktivitet i barna sine liv. Det finst eit unytta potensial i å i sterkare grad formidle kvifor og korleis lese med dei yngste barna for å få med fleire i det lesefremjande arbeidet. Å få til varige strukturar og faste ordningar gjer det enklare å motivere og halde oppe leseaktivitet.

Kunnskapen og den faglege ekspertisen bibliotektilsette sit på, er ein ressurs og eit viktig bidrag i utviklinga av ein lesekultur. Ved å samarbeide med andre profesjonar som barnehagar og helsestasjonar, flyttar biblioteka kompetansen sin nærare barna der den gir størst nytte.

Aktuelle formidlingstiltak kan vere:
-Formidling retta mot barn i barnehage og andre stader der barn er utanfor biblioteket.

-Formidling av bøker til dei vaksne på foreldremøte, planleggingsdagar og andre stader der høgtlesing med barn 0-6 år er relevant.

-Formidle verdien av høgtlesing frå tidleg alder til vaksne

-Boktips utarbeidde i nye format i gjeldande kommune. Det kan t.d. vere å ta utgangspunkt i lesersørvis-metoden og formidla i både digitale og fysiske format: i sosiale medium, videoboktips om barnebøker til barn, brosjyrar og hefte osb.

-Utandørsformidling – bibliotekar med på tur

Lista er ikkje uttømmande, det kan kome nye formidlingstiltak til utprøving i løpet av prosessen. Biblioteka som er med på søknaden, har i dag forskjellig tilbod retta mot målgruppa, og det vil vere stor variasjon på kva kommunen vel av aktive formidlingstiltak. Felles er at kommunane prøvar ut noko nytt: det kan vere ein ny arena, ny målgruppe og/eller formidlingsmetode. Uansett ligg det til grunn at målgruppa vil vere dei yngste og deira nære vaksne.

Vi legg til grunn kostnad for frikjøp kr 3000 for eit dagsverk. Ei aktiv formidlingsstund inkludert førearbeid blir rekna som eitt dagsverk, medan formidling av boktips blir rekna til eit halvt dagsverk.

1 Sjå lesevaneundersøking utført av Lesesenteret: https://www.uis.no/nb/barnehage/en-av-tre-foreldre-oppgir-at-de-leser-ingen-eller-fa-boker-for-barna-sine?fbclid=IwAR0KjTMH2_4KuGfDqHHASWASloFhJ_tMOyaWNt27AF6Wz2-dzARl9dt4u28 . Om lesestunder i småbarnsavdeling i barnehagar: https://www.utdanningsnytt.no/barnehageforskning-barnehagepedagogikk-forste-steg/fa-lesestunder-i-barnehagen-de-ansatte-lar-seg-distrahere/350060