Leseglede

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Øystre Slidre bibliotek
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2024

Søknad

Mål

Den internasjonale leseundersøkinga PIRLS slår fast at Norge er landet der tiåringane rapporterer om lågast leseglede.
Og leseglede er vel nettopp det vi bibliotekarar har som mål å spreie. Å lesa, ikkje for å bli god i eit fag eller nå andre pedagogiske mål, men for å ha glede av boka og lesinga i seg sjølv.

Dette resultatet er dermed ei utfordring for bibliotekarane, og Øystre Slidre folkebibliotek ynskjer å gjera tiltak som kan bøte på dette problemet. Korleis kan vi, heilt konkret, finne måtar å aktivt formidle denne litteraturen, og gleda ved å lesa han, slik at han blir lånt og faktisk lest?

Tiltaka skal gjerast i eiga kommune, men har også som mål å nå dei andre Valdreskommunane gjennom formidling på vår felles heimeside www.valdresbiblioteka.no, og gjennom formidling i avisa Valdres.

Effekten av tiltaka vil vi forsøke å måle ved å nytte den årlege utlånsstatistikken, samt å intervjue lærarar og barnehagestyrarar.

Beskrivelse

Utgangspunktet for denne søknaden er å gjera tiltak som skal svare på statsminister Støre sin kronikk i Dagens Næringsliv 28.07.2023: «Vi har et leseproblem i Norge»

Her tek Støre fram resultata frå dei internasjonale leseundersøkingane PIRLS, som syner at kvar femte norske tiåring har så svake prestasjonar at dei har problem med å lesa ein tekst tilpassa sin eigen alder. Som Støre skriv, er årsaken til dette kompleks og samansett, men han peiker på at Norge er landet der tiåringane rapporterer om lågast leseglede.

Og leseglede er vel nettopp det vi bibliotekarar har som mål å spreie. Å lesa – ikkje for å bli god i eit fag eller nå andre pedagogiske mål, men for å ha glede av boka og lesinga i seg sjølv.

Øystre Slidre folkebibliotek er kombinasjonsbibliotek med ungdomsskulen, og driftar også dei to barneskulebiblioteka i kommunen. Vi har eigne rom til skulebibliotek og 10 % stilling på kvar av dei to skulane. I tre år har vi fått eit ekstra sett med kulturfondbøker til kvar av barneskulane, og vi har søkt om fornya periode i tre år til. Mykje ligg med andre ord til rette, men personalressursane er for små til å få utnytta den ressursen den ekstra tilgangen på kulturfondbøker er. Me rekk kun å drive med innkjøp, tilrettelegge samlinga, rydde og låne ut i dei små stillingane. Det vi saknar er å få tid til den aktive formidlinga.

Korleis kan vi, heilt konkret, finne måtar å aktivt formidle kulturfondbøkene, slik at dei blir lånt ut og faktisk lest? Slik at kvar einskild kan finne fram til si indre leseglede ved å få formidla bøker som høver nett for dei?

Svaret, håpar vi, kan ligge i å søkje på desse midlane for aktiv formidling, og prøve ut tiltak som vi til no ikkje har hatt ressursar til å gjennomføre. Tiltaka skal gjerast i eiga kommune, men har også som mål å nå dei andre Valdreskommunane gjennom formidling på vår felles heimeside www.valdresbiblioteka.no, og gjennom formidling i avisa Valdres.

Vi vil fokusere på bøker for barn opp til 4.klasse. Dersom tiltaka er vellukka, vil vi prøve å finne rom for å vidareføre desse, og gjerne arbeide vidare med å utvikle tilsvarande tiltak for mellomtrinn og ungdomskule. Vi vil fortrinnsvis søkje kommunen om utvida stillingsresursar ved å vise til dette prosjektet. Dersom dette ikkje lar seg gjera, vil vi vurdere evt omlegging av arbeidsoppgåver eller minske opningstida ved hovudbiblioteket for å kunne prioritere dei av tiltaka som har vore mest vellukka og viktigast å vidareføre.

Ein kan sikkert nytte mange ulike strategiar for å nå målet om auka leseglede, men vi har landa på desse tiltaka, som alle er nye måtar å formidle på for oss ved Øystre Slidre Folkebibliotek:

1. Bruke meir tid til gjennomlesing av kulturfondbøkene, frå dei sju kulturfondpuljene som kjem kvart år. Det er definitivt lettare å formidle noko ein har lest. I samband med gjennomlesinga skal vi også kategorisere barnebøkene ved å sette på sjangerklistremerker på bokryggane. Dette skal brukast i direkte formidling ved å lære elevane til å forstå meir om seg sjølv som lesarar, kva for type bøker dei likar å lesa, og samstundes utfordre dei til å velja bøker frå andre kategoriar.

2. Skrive omtaler av alle kulturfondbøkene, som sendast ut som e-postbrev til lærarar og barnehagar, leggast ut på heimesida til Valdresbiblioteka, og på sosiale medier. Nokre av omtalene skal utvidast slik at dei kan sendast som boktips til avisa Valdres.

3. Filme formidling av utvalde bøker frå kulturfondpuljene og legge dei ut på sosiale medier.

4. Opprette barnehagebibliotek. Besøke dei tre barnehagane i kommunen og formidle utvalde biletbøker frå kulturfondpuljene. Samstundes ha med bokkasser til utlån og heimlån.

5. Halde fram med direkte formidling av kulturfondbøkene på skulebiblioteka, annakvar veke til elevar 1.-4 kl, men no med erfaringa frå dei nye tiltaka i ryggen, slik at formidlinga til den einskilde elev kan bli meir treffsikker, og lesegleda dermed større.