Saman – ein formidlingsbank

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Lærdal bibliotek
Samlet støtte:300 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021, 2022

Søknad

Rapporter

Mål

Målet med prosjektet er å nå ut til målgrupper som i større grad kan nytte seg av bibliotekstilbodet, og slik få opp besøkstal og utlånstal. Tiltaket vil også gjere bibliotekstilbodet meir kjent og gjere samlinga meir tilgjengeleg. Det er også eit mål å frigjere meir ressursar til å kunne drive med utadretta formidling, gjennom etablering av ein felles formidlingsbank.

Beskrivelse

Biblioteknettverket i Sogn har inngått ny samarbeidsavtale gjeldande frå 2020-2024. I avtalen står det at nettverket skal samarbeide om mellom anna erfaringsutveksling, prosjektsøknadar og arrangement- og turnésamarbeid. I tillegg skal nettverket samarbeide om digitale løysingar. Fleire av kommunane som inngår i nettverket har utarbeida ein samarbeidsavtale med dei lokale skulane der formidling er eit av punkta biblioteka skal samarbeide med skulane om. Kommunane er av ulik storleik og har ulik mengde ressursar. Eit samarbeid på tvers av kommunegrensene er positivt og fruktbart for å kunne utvikle og forbetre drifta av det enkelte bibliotek. I denne søknaden har 4 bibliotek, med til saman 6 avdelingar, gått saman om to felles tiltak.

Tiltaka nettverket søker tilskot til er:

1. Biblioteknettverket vil styrke formidlingsaktiviteten på nye arena. Kvart bibliotek vil gjennomføre minst 5 formidlingstiltak i løpet av året på ulike arena i kvar kommune. Biblioteka vil samarbeide om deling av formidlingsressursar på tvers av kommunane.

Det vil verte utarbeida formidlingsopplegg og utført formidling på fleire arena, døme på dette kan vere:
– Skulebesøk med formidling knytt til nye læreplanar
– Formidling for barnehagar/småskulen på Dagsturhytta
– Bokprat på barseltreff på helsestasjonen
– Bokprat på Seniorkafé/eldrekafé
– Popp-opp-bibliotek i samband med større arrangement i kommunen, til dømes på festivalar

2. Biblioteknettverket i Sogn vil utarbeide ein felles formidlingsbank med formidlingsopplegg som kan delast mellom biblioteka i nettverket. Opplegga som vert utarbeida for formidlingsøktene i tiltaket over vil inngå i denne banken. Ved å etablere ein felles formidlingsbank vil me frigjere ressursar på tvers av biblioteka, og utvide repertoaret til den enkelte medarbeidar. Me vil kunne dele det som vert utarbeida på det enkelte bibliotek, og slik bruke mindre tid på å førebuing. Her kan me hente ut formidlingsopplegg til ulike målgruppe og få inspirasjon til nye formidlingsopplegg. Ved å dele boklister, presentasjonar og bokomtalar vil me auke bokkunnskapen til den enkelte medarbeider og ha meir ressursar som kan nyttast til utadretta formidling.

For å kunne gjennomføre tiltaka søker me om frikjøp av personalressursar til utvikling av formidlingsopplegg, gjennomføring av formidling på nye arena, utarbeiding av felles formidlingsbank og prosjektstyring av tiltaka.

Vidareføring
Formidlingsbanken vil verte ein ressurs for heile biblioteksnettverket i Sogn. Ansvaret for oppdateringar og vedlikehald av banken vil rullere med eit ansvarleg bibliotek kvart år. Det vert etablert årlege møter der formidling er tema. Når me har utarbeida opplegg er det lettare å ta det opp igjen seinere. Det vil gi betre mogelegheiter for å etablere faste samarbeid mellom biblioteket og andre aktørar i dei ulike kommunane, som helsestasjon, skule og eldresenter.

Formatet og metoden som vert utarbeida kan delast vidare med andre bibliotek i regionen eller overførast til andre biblioteksamarbeid.