Bare bok

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Skien bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2021, 2022

Søknad

Mål

Hovudmålet er å rekruttera nye lesarar og skapa leseglede. Vi ønskjer spesielt å nå gutane, som i større grad enn jentene slit med lesing.

Eit delmål er å auka formidlingskompetansen ved biblioteket og legga til rette for spesialisering. Formidling er ei kjerneoppgåve, men det er også eit kompetansefelt som nokre har større ønske enn andre om å fordjupa seg i.

Beskrivelse

PISA-undersøkinga viser at fleire elevar enn før ikkje les i fritida. Det er også ein større del som rapporterer at dei ikkje les i det heile, eller at dei bare les om dei må. I tillegg aukar forskjellen mellom kjønna. Norske jenter presterer no signifikant betre enn gutane i alle dei tre fagområda lesing, matematikk og naturfag. Kjønnsforskjellane er størst i lesing. Kvar fjerde gut slit så mykje med lesing at dei ligg under det OECD omtalar som ei kritisk grense for å kunna ta del i vidare utdanning og jobb. Heile 26 prosent av gutane ligg på dei lågaste nivåa i lesing, medan dette bare gjeld 12 prosent av jentene.

Kritisk lesing er avansert lesing. Når så mange av borna våre ikkje kjem opp på eit godt lesenivå, blir dei lette bytte for enkle sanningar, propaganda og falsk informasjon.

Med Bare bok vil vi reindyrka det boka er best på av alle medier. Vi vil at fleire skal erfara boka sine unike eigenskapar som bærar av kompleksitet, djup innsikt og sterke opplevingar.

Vi vil rydda vekk alt som tek merksemda vekk frå teksten. Ingen ekstra informasjon, ingen skjerm, ingen projeksjon av boka på veggen, ingen flygeblad eller innsal av neste vekes arrangement på biblioteket. Bibliotekaren kjem, skapar ein trygg atmosfære, og byrjar å lesa.

God høgtlesing er ein kompetanse som krev rettleiing og medviten trening for å utviklast. Likevel er dette noko vi sjeldan arbeider med. Gjennom Bare bok vil vi jobba målretta og profesjonelt med lesetrening for bibliotektilsette.

I planlegginga har vi vore i kontakt med Teater Ibsen her i Skien. Dei er positive til å stilla skodespelarar til disposisjon for opplæring og oppfølging av våre tilsette.

I si reinaste form handlar Bare bok ganske enkelt om å heva formidlingskompetansen i biblioteka. Ofte hyrer vi inn ein forfattar eller skodespelar når ting skal lesast høgt. Men vi som jobbar i biblioteket er stadig i situasjonar der formidling av tekst står sentralt. Gjennomføringa av dette prosjektet vil verka positivt inn på all formidling vi gjer i og utanfor biblioteket, som drop in-lesestunder for barnehagar, alminnelege boklunsjar, besøk knytt til Den kulturelle skulesekken og Shared reading-arrangement.

Om du ikkje har løyst lesekoden innan du er åtte år, blir du aldri ein funksjonell lesar, seier utdanningsforskaren John Hattie. Primærmålgruppa for Bare bok må vera born i 1. til 4. klasse. For å nå desse elevane vil vi skipa klassebesøk i skuletida, men i tillegg ønskjer vi å tilby oss å koma til uformelle lesestunder for borna i SFO-tida. Dette trur vi vil gje rom for nære møter rundt boka i rolege, avslappa situasjonar.

I tråd med den nye bibliotekstrategien vil vi dra og ut på skulane og treffa ungane der dei er. Det at vi dreg ut senkar terskelen for å ta imot tilbodet, fordi lærarane ikkje treng å administrera og bruka tid på reising, og vi kan koma inn i ein klasse når det passar i timeplanen. Her kjem dette med pengar til vikarar på biblioteket inn. Ved Skien bibliotek har vi daglege arrangement for ulike målgrupper, stadig fleire besøkande, og i det siste også tidkrevjande smittevernrutiner å følgja opp. Då er det ikkje mykje tid til overs til å reisa ut og formidla. Men med tilskot til å setta nokre av dei erfarne vikarane våre inn på vakter i utlånet og andre funksjonar, blir det enklare for fast tilsette å finna rom til å oppsøka skular og SFO.

Det at vi dreg ut – i motsetnad til det å invitera andre inn til biblioteket – kan også forsterka opplevinga av litteraturen og tekstane som eit alternativ til det kvardagslege og rutineprega. Når opplesinga er god og gir elevane eit utbytte der dei er til vanleg, blir det tydeleg at det er litteraturen som er det verksame elementet.

I tillegg til 1. til 4. klasse ønskjer vi også å tilby Bare bok til born på 7. og 9. trinn. Då får dei eit tilbod også dei åra dei ikkje har DKS, og vi held kontakten med dei i ein fase då det er mykje som kjempar om merksemda.

Vi vil nå gutane som ikkje les. Difor er det viktig å finna bøker som ikkje er for snille og tamme. Dette er ikkje eit prosjekt som har som mål å formidla klassikarar. Arne Svingen skriv i foredraget sitt Gutter og lesing at «Akkurat som hos oss voksne, vil 80 prosent av elevene ha spenning, uansett kjønn. De resterende 20 prosentene fordeler seg mellom fantasy, tegneserier, fotball (guttene), hest (jentene), faktabøker og humor.» Å sikta mot gutane betyr altså ikkje at ein ikkje også når jentene.

Vi legg til grunn at fem av dei tilsette blir med. Dersom alle fem har åtte formidlingar i halvåret kvar, vil vi i løpet av prosjektperioden gjennomføra 80 formidlingar.

Bare bok handlar om å gje ungane eit best mogleg utgangspunkt i livet gjennom å bygga opp ein kultur for lesing. Det endelege målet for prosjektet er utjamning av sosiale forskjellar. Vi vil gjera alt vi kan for å skapa dei gode lesestundene, fordi vi har tru på at dette i ytste konsekvens kan endra liv.