«Jakten på sannheten» ut til alle

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vestland fylkesbibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye samarbeidsformer og partnerskap, Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:400 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2024

Søknad

Lenker

Mål

Effektmål:
Bygge robuste mediebrukarar.
Utvikle biblioteka sitt bidrag til auka kunnskap og kompetanse i å navigere trygt i informasjonsstraumen.

Resultatmål:
Utvikle ein modell for fylkesbibliotek som ønskjer å tilby «Jakten på sannheten» til biblioteka i eigne fylke.

Beskrivelse

Interaktiv læring med opplegg
Prosjektet «Jakten på sannheten» (2023 – 2024) er støtta av Nasjonalbiblioteket og leia av Bergen Offentlige Bibliotek i samarbeid med Tenk.faktisk.no, Medietilsynet, Senter for digitalt narrativ (UIB) og Bibliotekutvikling Vestland. Utstillinga har som hovudmål å bygge robuste mediebrukarar i informasjonssamfunnet.

Gjennom ei interaktiv utstilling får brukarane kunnskap om korleis informasjon opptrer i sosiale medier, og korleis vår oppfatning av informasjon blir påverka av mellom anna algoritmar, kommersielle aktørar, visuelle verkemiddel og kampanjar. Kjeldeforståing, kjeldekritikk og kjeldebruk er i tillegg til kunnskap om algoritmar og kunstig intelligens, viktige element i den interaktive utstillinga. Hovedmålgruppa er ungdom mellom 15 og 20 år, men utstillinga er relevant og tilgjengeleg også for brukarane av biblioteket elles.

Utstillinga er delt i tre delar: installasjonar, spelbrett og plakatar med qr-kodar til filmsnuttar på YouTube. På hovudbiblioteket i Bergen, var også to døme på kunst laga med KI inkludert.
– Det er utarbeidd eit opplegg for bibliotektilsette som skal gjennomføre klassebesøk, med utgangspunkt i hovudbiblioteket i Bergen:
https://tenk.faktisk.no/elevopplegg/jakten-pa-sannheten
– Det er også laga eit opplegg for skular, til bruk før og etter besøket for å få mest mogleg ut av utstillinga: https://tenk.faktisk.no/elevopplegg/utstilling-jakten-pa-sannheten

Erfaringar så langt
Utstillinga sto i hovudbiblioteket på Bergen Offentlige Bibliotek, tre veker før lokalvala, frå 24. august til 12. september – med fokus på demokratiske utfordringar med informasjonssamfunnet i dag. Over 700 elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular besøkte den. Erfaringane til no er at elevane visar stor interesse for utstillinga, tar den i bruk og uttrykker at dette er ein gøy måte å lære på. Den passar aller best frå 10. klasse og oppover. Tilbakemeldingane frå lærarane er også svært gode.
Ulike bibliotektilsette har hatt ansvar for klassebesøka, og meiner opplegget i kring fungerer godt.
Publikum elles har også teke installasjonane i bruk, og dette blir no testa vidare når utstillinga står på Åsane filial. Filialen er eit kombinasjonsbibliotek med Åsane vidaregåande skule (opna i 2020), og biblioteket blir mykje brukt av mange unge – i tillegg til andre innbyggjarar i bydelen.

Tenk.faktisk.no
Bergen Offentlige Bibliotek trekker fram samarbeidet med Tenk.faktisk.no som særleg viktig for kvaliteten på installasjonen og opplegget i kring. At Tenk ønskjer å satse vidare på samarbeid om utstillinga også i dette prosjektet om modellen for vidareføring i fylka, sikrar at vi held på den faglege kvaliteten også i ein justert versjon.

Stor interesse
Utstillinga vekker brei interesse frå ulike fagmiljø og kantar av landet. Fleire bibliotek har teke kontakt med Bergen Offentlige Bibliotek og ønskjer gjenbruk. Sidan feltet er dagsaktuelt, i endring og viktig for folk flest – treng biblioteka enkle og oppdaterte verkty som gir innbyggjarane naudsynt hjelp her og no.

Kritisk mediebruk og utfordringar med KI er kompetanse som er etterspurd av bibliotektilsette. Utstillinga er teke med som døme på eit konkret verkty biblioteka kan ta i bruk etter å ha delteke i kompetanseheving, som skildra i søknaden “Kunstig intelligens, kildebevissthet og kritisk mediebruk – et grunnkurs for bibliotekansatte” av Rogaland fylkesbibliotek (bibliotekutvikling Vestland er med i ressursgruppa som evt. skal vere med å samarbeide om kompetanseopplegget).

Modell for fylkesvise opplegg
Bibliotekutvikling Vestland si rolle er å utforske korleis «læringsopplevelsen kan spres og gjenbrukes i andre bibliotek», i utgangspunktet tenkt starta opp i 2025 (https://bibliotekutvikling.no/prosjektbank/prosjekt/jakten-pa-sannheten/) På grunn av den breie interessa for utstillinga, og dagsaktuelle tematikken, ønskjer vi å gå gong tidlegare med denne delen av prosjektet, og i tillegg utvide målet .

Gjennom å utarbeide ein modell for korleis utstillinga kan gjennomførast og transporterast mellom ulike bibliotek, kan alle fylka som ønskjer det tilby kommunane «Jakten på sannheten», og spreie kunnskap om kritisk mediebruk til så mange innbyggjarar i landet som mogleg. Ved å få utstillinga tidlegare ut til fleire, kan vi vere med å etablere folkebiblioteket som møteplassen der innbyggjarane får naudsynt kunnskap også i kritisk mediebruk.

Modellen skal gi svar på korleis ein kan skalere ned utstillinga til bruk også i dei små biblioteka med minst ressursar, og framleis gi læringsoppleving og nytte til brukarane.

I prosjektet vil vi lage ein modell for bruk og transportering av utstillinga i små og mellomstore bibliotek.

Forankring
Prosjektet er forankra i Handlingsprogram 2023-2026. Regional plan kultur 2023 -2035 Vestland under delmål 2.3 Vestland skal ha opne og inkluderande kulturarenaer, strategi 2.3.2 Styrke kulturarenaer som kjelder til danning, opplysning og myndiggjering og tiltaket Støtte arenaer, miljø og tiltak som fremmer kritisk tenking.