Bok + Baby = Barselgruppe på Biblioteket

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Nissedal bibliotek
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2024

Søknad

Mål

Det er eit ynskje både frå helsestasjonen og biblioteket å skape rom for barseltreff på biblioteket. Å gjere biblioteket til ein stad der foreldra saman med babyen kan kome for å møtast. Helsesyster ynskjer å gje eit tilbod om samlingar der ho informerer og tek opp ulike tema av interesse. Dette tilbodet ynskjer ho å leggje til biblioteket.
Biblioteket ynskjer å nå ut med informasjon til heile gruppa om kor viktig det er med lesing heilt frå starten av.
• Gje vaksne og barn i målgruppa ein stad å vere med faste dagar for fellestreff
• Gjennom aktiv formidling informere og inspirere til lesing
• Gje foreldra døme på gode leseopplevingar og korleis skape dei. Døme på rim, regler og bøker
• Fagdag for personalet i barnhagane om språkutvikling og språkstimulering
• At det blir naturleg for foreldra å kome på biblioteket med babyen og finne bøker
• Lågterskeltilbod

Beskrivelse

Helsesyster og biblioteksjef har i samråd sett at det er eit auka behov for eit lågterskeltilbod for barselgruppa. Særleg etter covid, med nedstenging av samfunnet, kan ein sjå at fleire sit alene og treng eit nettverk og eit tilbod for å kome seg ut. Me ynskjer å gje eit tilbod som er målretta mot gruppa og gjev dei eit tilbod om innhald og ein stad å vere. Det vil vere fokus på lesing og kor viktig det er for utvikling av språk hjå born.
Ein studie hjå UiS i 2023 ( https://www.uis.no/nb/barnehage/en-av-tre-foreldre-oppgir-at-de-leser-ingen-eller-fa-boker-for-barna-sine) syner at høgtlesing for små born ikkje er så vanleg som ein trudde. Studien er gjort hjå norske foreldre til born i alderen mellom 3 og 6. 80% av borna ytra eit ynskje om lesing. 33% av foreldra svarte at dei las ei eller inga bok i snitt kvar veke saman med barnet sitt. 41% svarte at dei las to til fire bøker saman med barnet sitt i veka og berre 26% sa at dei las fem bøker saman med barnet kvar veke. I tillegg skal ein kome i hug at mange bøker det vil vere snakk om her er peikebøker og bøker med lite tekst. Det kan sjå ut til at manglande lesing frå starten av gjev eit seinare utvikla og fattigare språk. Ein veit at å lese saman gjer godt både for barn og vaksen. Å høyre mor eller far eller andre lese høgt, utviklar fantasi, gjev rikare språk og gjev ein reiskap for vidare læring.
Me ynskjer å setje av ein måndag kvar månad til barseltreff. Det vil vere ei fast tid, 1100 – 1230, som er før biblioteket opnar. Då vil det i noko av tida vere eit opplegg / tema i regi av helsesyster og bibliotekar. Eigna bøker mm vil vere lagt fram, og dei som ynskjer vil få god rettleiing og døme på kva dei kan byrje med. Dei som ynskjer kan vere på biblioteket så lenge dei vil og nytte det som ein møteplass.
Dette er eit nytt samarbeid mellom bibliotek og helsestasjon, som vil gje gode synergieffektar. Helsestasjonen får tilgang på gode lokale, og biblioteket får direkte kontakt med målgruppa med tanke på bokprat. Både helesyster og bibliotekar ser eit auka behov for å fremje bodskapen om at lesing og språkstimulering er viktig heilt frå starten.
Me tenkjer at dette er noko vi ynskjer skal bli eit fast tilbod vidare etter evaluering av prosjektet. Det vil vere enkelt å justere eller tilpasse denne prosjektideen, så me meiner at det vil vere god moglegheit for overføring.
Stikkord:
• Samarbeid mellom bibliotek og helestasjon
• Fokus på lesing og språkstimulering
• Tilbod om ein møteplass
• 2024: ein måndag i mnd. kl. 1100 – 1230 med opplegg