Vår lille verden- lokalhistoriske «lydbøker»
Meråker bibliotek tok initiativ til eit fruktbart samarbeid med Meråker Historielag og ikkje minst lokalavisa, for å produsere lokalhistoriske «lydbøker». «Lydbøkene» er basert på artiklar som er henta frå historielaget sine årbøker «Mårråk», og vart lest inn av forfattarane eller andre medlemmer.
«Lydbøkene» vart lagd ut på Youtube, kommunen si heimeside, historielaget si heimeside og ikkje minst vart dei sluppe som daglege «påske-egg» i regi av lokalavisa Meråkerposten.
Lytt til den fyrste forteljinga, lev deg tilbake til barndomen og bli frelst!
Auka merksemd
Tiltaket har gjeve det innovative biblioteket auka merksemd, og ikkje minst førte tiltaket til auka formidling av både lokalhistorie og geografikunnskap i bygda. Det har vore fleire fysiske besøk blant anna til skyttergravene ved Tunnelhaugen og kvernsteinsbruddet ved Feren.
For eksempel ble episode 1 lyttet til over 200 ganger fra lokalavisa
og snart 700 ganger på YouTube.
Det er lurt å spele kvarandre gode i eit lite lokalsamfunn!
På spørsmål om Meråker bibliotek vil oppfordre andre til å gjere det samme er svaret klart ja. Dei er særleg nøgde med samarbeidet med lokalavisa, sidan dei på den måten nådde ut til mange nye menneske som i ettertid har oppsøkt biblioteket.
Med serien «Vår lille verden» har vi skapt gode historiske tilbakeblikk i form av verdifulle lydbøker som er tilgjengelig for alle.
Biblioteksjef ved Meråker bibliotek Anne Marken
Søk midlar til å etablere tilsvarande tilbod
Nasjonalbiblioteket sine midler til aktiv formidling kan nyttast til tiltak som andre har gjennomført tidligare. Dette inneberer at du kan søke om midlar til Vår lille verden sjølv, eller liknande tiltak.