Regjeringa ber om innspel til strategi mot desinformasjon

Regjeringa ber om skriftlege innspel i arbeidet med strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon.

Spreiing av villeiande og feilaktig informasjon kan bidra til å svekke tilliten i det norske samfunnet. Regjeringa har vedteke å utarbeide ein strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon.

I samband med arbeidet med strategien opnar no regjeringa for at alle som ynskjer kan sende inn skriftlege innspel via deira nettsider. Innspela må sendast innan 1. juli.

Kultur- og likestillingsdepartementet hadde eit innspelsmøte 12. februar i år og tok då i mot ei rekkje innspel frå fleire aktørar, men opnar no for fleire. Her kan du lese Nasjonalbiblioteket sitt innspel ved møtet i februar.

Strategien er ein del av oppfølginga av Ytringsfrihetskommisjonen. Regjeringa planlegg å lansere strategien i løpet av våren 2025.

Les meir om regjeringa sitt arbeid med strategi for å styrke motstandskrafta mot desinformasjon