På jakt etter sanninga
Bergen Offentlege Bibliotek (BOB) er i gang med eit nyskapande prosjekt der dei gjennom ulike læringsopplevingar vil styrkje folks kunnskap og haldningar til informasjon, algoritmar, kodar og data.
Fullbooka utstilling før oppstart
Tidleg i haust rulla Bergen bibliotek ut fyrste del av prosjektet «Jakten på sannheten» med ei interaktiv utstilling i sine lokaler. Temaet var for utstillinga var demokratisk utfordringar knytt til nettet og sosiale medium. Publikum fekk sjølve erfare korleis informasjonslandskapet verkar gjennom algoritmar, appar, influensarar og ikkje minst politiske aktørar med eigen agenda.
Utstillinga har stått i hovudbiblioteket i Bergen i tre veker før lokalvalet. Her har skuleklassar vore innom og fått kunnskap om kjeldekritikk og kritisk tenking, fått prøve seg i den interaktive utstillinga, og sett digital kunst utvikla i samarbeid med kunstig intelligens.
-Vi er kjempenøgde med mottakinga så langt, seier prosjektleiar Johnny Holmvåg ved BOB. Den interaktive utstillinga vår om kjeldekritikk var fullbooka av lærarane allereie før opninga, og vi har hatt 700 skuleelevar inne dei tre vekene utstillinga sto oppe. Dette fortel oss at tema er viktig og høgst aktuelt å arbeide med, og at vi som bibliotek er ein viktig aktør i dette arbeidet.
Ei utstilling som utfordrar brukaren
Utstillinga har ein interaktiv digital del der elevane vurderer utsegn og problemstillingar ut frå ekte og falske premissar, der innhaldet endrar seg ut frå vala den enkelte tek.
I tillegg kan elevane spele ut ein samtale som «fire på rad». Her diskuterer og deler elevane sine tankar om sosiale medium og reflekterer rundt korleis dei ulike plattformane påverkar informasjonen dei får.
Algoritmar kan også lage kunst
– I samband med utstillinga vi har hatt no, har vi vist fram kunstverk laga av dei digitale kunstnarane Dr. Alinta Krauth og Dr. Jason Nelson, seier Holmvåg. Dette har vi gjort for å gje publikum ei vidare forståing av maskinlæring, og vise at KI kan tilby noko anna enn fakta. Kunst er også ein del av dei teknologiske endringane vi er midt oppe i.
I utstillinga deira har publikum kunne sjå korleis Krauth og Nelson har utvikla og skapt kunst saman med kunstig intelligens
Samarbeid med andre fagaktørar styrkjer kvaliteten
Den interaktive utstillinga er laga i samarbeid med tenk.faktisk. Ved å samarbeide med ein så kunnskapstung innhaldsleverandør som tenk.faktisk, meiner BOB dei har fått svært høg kvalitet på innhaldet.
Tenk.faktisk har skuleelevar som hovudmålgruppe, og BOB har fått skreddarsydd innhald. I tillegg er det dagsaktuelle døme frå ungdomens digitale kvardag som utfordrar den kjeldekritiske kompetansen og medvite rundt informasjonssamfunnet.
Prosjektet kan skalerast, flyttast på og delast med andre bibliotek.
Prosjekteigarar Sverre Helge Bolstad og Margrete Rasmussen er også svært nøgde med det Bergen bibliotek har fått til så langt.
-Vi har søkt om midlar for to år, og vi er framleis berre i starten av perioden. Seinare i prosjektet vil vi involvere bibliotekutvikling Vestland, slik at dei kan vere med å kartlegge behov og planlegge for deling med andre. Allereie no ser vi at denne utstillinga enkelt kan vidareutviklast og delast med fleire. Vi har lagt stor vekt på at det skal vere fleksibelt. Innhaldet kan enkelt oppdaterast slik at det dagsaktuelt, og utstillingsmaskinene er mobile, og enkle å handtere.
-Vi måtte ta ned utstillinga grunna andre arrangement i lokalet, men no skal den stillast ut på ein lærarkonferanse, før vi set den opp igjen i Åsane filial. Slik får vi allereie no testa mobilitet og aktualitet. Vi ser at behovet blant lærarar kring falske nyhende og kjeldekritikk er nærmast umetteleg, så dersom vi som bibliotek kan bidra med nå ut til ungdom, og i tillegg kan bidra til at andre bibliotek kan ta i bruk det vi har utvikla, så når vi enno fleire, seier Margrete Rasmussen.
-Dette må ut til så mange som mogeleg , så raskt som mogeleg, seier Johnny Holmvåg med eit smil.
I løpet av prosjektperioden vil BOB også utvikle eit læringsopplegg innan temaet kjeldevurdering og mediekompetanse i dagens informasjonssamfunn for bibliotekstilsette, og håpar å kunne gjere det tilgjengeleg som nettkurs på bibliotekutvikling.no.
Vidare arbeid
Prosjektperioden varar i to år, og inneheld ulike innfallsvinklar til informasjonssamfunnet. I søknaden skisserer dei at dei gjennom erfaringane ved fyrste delutstillinga vil vidareutvikle fleire interaktiv læringsopplevingar. Blant anna har dei plan om å samskrive og illustrer ei bok saman med kunstig intelligens ved Bergens science fiction-veke i februar. Her er målet å setje søkeljos på korleis ein som kunstnar kan skape og ta i bruk teknologien, og vise kva rolle kunstnarar kan ha i møte med KI.
Som sagt er ein del av prosjektet også å utvikle samarbeid og finne måtar å dele resultata med andre. Utover 2024 vil det vere større fokus på attbruk og deling med andre, men det er likevel spanande for andre bibliotek å vite om og følgje prosjektet allereie no.