Møte i strategisk råd våren 2025

Nasjonal bibliotekstrategi skal gjennomførast i perioden 2020–2025, og strategisk råd skal gje råd til Nasjonalbiblioteket i arbeidet.
Rådet møtes to gonger om året, og vårens møte fann stad i Mo i Rana 29.04 med omvising på Nasjonalbiblioteket dagen etter.
I dette møtet orienterte Nasjonalbiblioteket særskild om status for to av tiltaka det har vore jobba mest med i perioden, metadatabrønn og formidlingsløysing.
Andre saker som vart drøfta og orientert om frå Nasjonalbiblioteket var E-bøker og lydbøker, nasjonalt lånerregister og utviklingsmidlar. I tillegg nærmar strategiperioden seg slutten, og rådet drøfta kva alternativ som ligg føre for tida etter strategiperioden. Rådet er samde i at strategien har virka samlande og styrkande for bibliotekfeltet, og at ein må sikra dette vidare. Nasjonalbiblioteket vil evaluere strategien i 2026.
Saman med referatet finn du vedlagt notat om vegen vidare, og presentasjonar av metadatabrønn, formidlingsløysing og evaluering.
Strategisk råd består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet. Rådet skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden.