Bøkenes kretsløp
I tre filmar laga av tre storbybiblioteka Bergen, Stavanger og Bærum får vi sjå korleis bøker blir til, vi lærer om kvifor nokre bøker lever lenger og blir klassikarar og vi får innblikk i korleis biblioteka vekkjer bøkene til live for sine lesarar.
Bøkenes kretsløp
I den fyrste minidokumentaren ser vi nærare på bøkenes livssyklus frå forfattaren sitt manus til ferdig innbinding. I episoden frå Bergen dreg litteraturformidlar Marie Amdam ut i byen for å utforske Skrivekunstakademiet, snakke med forfattarar, og besøke forlaget Kinakaal.
Kva er ein klassikar?
Kvifor overlever nokre bøker år etter år, og får status som klassikarar? Er alle klassikarar verd å lese? Kven bestemmer kva som er ein klassikar?
Denne filmen stiller spørsmål om bøkene si levetid. Ørjan Zazzera Johansen, forfattar og informasjonsansvarleg ved Garborgsenteret og Janne Stigen Drangsholt, professor ved Universitetet i Stavanger og forfattar, hjelper oss med å finne eit svar.
Formidling i Bærum
I den tredje filmen får vi eit innblikk i korleis Bærum bibliotek jobbar for å formidle bøkenes magi til lesarane. Vi ser korleis biblioteket ikkje berre formidlar bøker, men også samarbeider med andre aktørar for å sikre at bøkene finn vegen til akkurat den rette lesaren.
Så set deg godt til rette, finn fram popcornet og bli med på ei reise gjennom bøkenes magiske verden!
Bøkenes kretsløp er utført med støtte fra Nasjonalbiblioteket.