13 bibliotek har fått midlar til digital opplæring  

Folkebiblioteka er vesentlege i kommunane si satsing på digital kompetanse. Det viser tilskota frå Digitaliseringsdirektoratet for 2026.  

Av til saman 18 tiltak som får støtte, er bibliotek involvert i heile 13 av desse som eigar eller samarbeidspart.  

Det er Digitaliseringsdirektoratet som deler ut tilskotet på åtte millionar kroner etter søknad frå kommunane. Tilskota skal nyttast til å setje i verk tiltak for digital opplæring og rettleiing til innbyggjarane sine.

Totalt fekk Digdir inn 67 søknader. 

Dei 13 biblioteka og kommunane som får støtte: 

  • Bergen kommune, Bokn kommune, Eidsvoll kommune, Fredrikstad kommune, Haugesund kommune, Løten kommune, Narvik kommune (bibliotek), Sokndal kommune (bibliotek), Stad kommune, Stjørdal bibliotek, Sveio kommune (bibliotek), Søndre Land kommune, Trondheim kommune,  

Lågterskeltilbod i kommunane 

Formålet med tilskotet er å legge til rette for etablering av eit lågterskel rettleiingstilbod der innbyggarar med liten, eller ingen digital kompetanse, kan få hjelp og rettleiing for å ta i bruk digitale verktøy og digitale tenester. Rettleiingstilbodet skal gje innbyggarar, som har eit behov, moglegheit til å tileigne seg dei grunnleggande digitale ferdigheitene som trengst for å kunne ta i bruk digitale verktøy og digitale offentlege tenester frå kommune og stat. 

Kommunen (ane) står som ansvarleg søkjar overfor direktoratet, men tiltaket kan utførast i samarbeid med andre kommunar eller med bistand frå frivillige organisasjonar. 

Les meir på Digdir.no sin nettstad

Fleire samarbeidstiltak om digital inkludering 

Det pågår for tida fleire samarbeidstiltak blant ulike aktørar som arbeider med digital inkludering.

Eit samarbeidsprosjekt med fokus på rettleiarane i digital inkludering, er ei todagars erfaringssamling for rettleiarar som går føre seg 27. og 28. oktober på Lillestrøm bibliotek. Erfaringssamlinga kjem i stand for tredje året på rad, og er eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold, KS, HK-dir, Lillestrøm bibliotek, EPALE og Nasjonalbiblioteket. 

Erfaringssamling for digital inkludering – Trygg digital veiledning i en utrygg verden

Man. 27. oktober – Tir. 28. oktober (heldags)

Nasjonalbiblioteket deltek også i Samarbeidsforum for digital inkludering. Samarbeidsforumet vart oppretta som ei oppfølging av regjeringa sin Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn.

Forumet skal bidra til auka samhandling og koordinering av offentlege, frivillige og private verksemder sitt arbeid med digital inkludering, gjennom å følgje opp handlingsplanen, dele kunnskap og drøfte utfordringar i arbeidet. Neste møte i forumet er 31. oktober.

Les meir om samarbeidsforum for digital inkludering på digdir sin nettstad

Få nyheter om tjenester og innhold for bibliotek

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrev fra Bibliotekutvikling

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.