30
mai

Kunnskapsorganisasjonsdagene 2024

Heldags torsdag 30. mai 2024 – fredag 31. mai 2024
OsloMet, Oslo Metropolitan University
Påmeldingsfrist 16. mai

Arrangør: Institutt for Arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet – Storbyuniversitetet.

Kunnskapsorganisasjonsdagane er ein konferanse for bibliotekarar, arkivarar og andre som jobbar med eller berre synes det er gøy å drive med kunnskapsorganisasjon. Konferansen har aktuelle bidrag frå inn- og utland.

Program og påmelding for Kunnskapsorganisasjondagane er no klart. Me kan nemna nokre godbitar: 

  • Trondheim folkebibliotek presenterer SmartLib-prosjektet, for utforsking av KI i folkebibliotek 
  • Nasjonalbiblioteket presenterer sitt nye NB-Whisper, eit tale-til-tekst-system 
  • Det svenske nasjonalbiblioteket presenterer sitt KB-labb, der dei har samla KI-arbeidet sitt 
  • Vår eigen Nils Pharo kåserer: «30 år med websøk: Yahoo!, Kvasir, Duck Duck Go & Co» 

Arrangementet si nettside