20
sep

Konferanse for høgare utdanning 2023: Kvalitet og tilgjengelegheit for framtidas behov

Heldags onsdag 20. september 2023 – torsdag 21. september 2023
Arrangementets nettside. Tilgang til strøyming er gratis.
Fysisk deltaking: kr 1200 / kr 1850 inkl. konferansemiddag.
Frist for avmelding for fysisk deltaking er 20. august.

Arrangør: HK-dir i samarbeid med Universitetet i Agder

La deg inspirere og bli med på viktige diskusjonar for universitets- og høgskulesektoren! Velkommen til konferanse i Kristiansand 20.–21. september.

I samarbeid med Universitetet i Agder inviterer vi i HK-dir deg til ein konferanse for høgare utdanning. Gjennomgåande tema for konferansen er korleis kvalitet og tilgjengelegheit kan bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane vi står ovanfor.

På konferansen får du høyre presentasjonar og diskusjonar kring nokre av dei viktigaste utfordringane og høva i høgare utdanning. I tillegg kan du delta i erfaringsutveksling og nettverksbygging saman med andre fagpersonar på tvers av institusjonar og fagfelt.

Konferansen rettar seg mot deg som leiar, pedagogisk støttemiljø, undervisar eller som på anna vis arbeidar med kvalitetsutvikling, omstilling og innovasjon i høgare utdanning.

Arrangementets nettside HK-dir