
Digitalt påfyll : Hvordan kan kunstig intelligens brukes i biblioteket?
Gjennom prosjektet BIB9000 har Agder fylkesbibliotek saman med bibliotekarar og bibliotekbrukarar kartlagt korleis kunstig intelligens kan brukast i biblioteket.
I dette digitale påfyllet presenterer Agder fylkesbibliotek, ved Leon Bang-Hetlevik og Gunn Brenden Larsen, funna frå sitt KI-prosjekt støtta av Nasjonalbiblioteket.
Du får innblikk i åtte konkrete bruksområde for kunstig intelligens, og korleis disse kan gi betre og meir effektive bibliotektenester for publikum. Dei deler også erfaringar frå den grundige kartleggingsprosessen og kva dei lærte undervegs.
Dette er både ei lansering av prosjektrapporten og starten på neste fase – arbeidet med å utforske korleis disse løysingane kan takast i bruk i biblioteka. Kva ressursar trengst og korleis kan sektoren saman ta dei neste skritta mot ein gjennomtenkt bruk av KI i biblioteka.
Digitalt påfyll er ein del av det nasjonale samarbeidsprosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FIF). Agder fylkesbibliotek er ansvarleg for arrangementet. Det vert krevd ei påmelding, og du får tilsendt ei unik lenke. Du kan sjå påfylla i opptak på Bibliotekutvikling.no.