Utviklingsprosjekter

No er berekraftsforsking tilgjengeleg for alle

Ein eigen søkemotor gjer det enkelt for alle å finne forsking frå Norge om FNs berekraftsmål.

Bærekraftsforskning.no kan du søke i publikasjonar utgjeve på norsk eller frå Norge blant hovudmåla og delmåla i FNs berekraftsmål

Opent for alle

Tenesta gjev oversikt over vitskaplege publikasjonar knytt til FNs berekraftsmål. Det har særleg vore viktig å kartlegge publikasjonar frå norske forskingsinstitusjonar og på norsk språk. 

Der det er mogleg gjev tenesta også tilgang til publikasjonane i fulltekst. Målet er å opne opp forskinga, spreie kunnskapen og bidra til at vi når berekraftsmåla.

Korleis finn portalen berekraftsforskinga?

Portalen søker i forskingsinformasjonssystemet Cristin som si hovuddatakjelde, ut frå fastsette kriterium. Det er utvikla komplekse søkestrenger for kvart av berekraftsmåla og delmåla, og desse vert brukte for å kartlegge kva publikasjonar som er knytt til kva mål. I tillegg til forskningspublikasjonar og informasjon om desse, gjev nettsida deg statistikk over forsking relatert til berekraftsmåla.

Støtte frå Nasjonalbiblioteket

«Bærekraftsforskning for alle – en transparent kartleggings- og gjenfinningstjeneste» er eit prosjekt leia av Universitetsbiblioteket i Bergen, med biblioteka ved Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som samarbeidspartnarar. Prosjektet har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket for 2021-2023. og er no avslutta og har levert sluttrapport.

Sluttrapporten seier at vidare drift av tenesta skal takast vare på gjennom ein samarbeidsavtale mellom UiB, HVL og UiS. Ein redaksjon skal ha ansvar for tenesta, og Universitetsbiblioteket i Bergen skal sikre teknisk drift.

Les meir