Alt du ynskjer å vite om Norsk WebDewey i nytt kurs!

Nasjonalbiblioteket lanserer, i samarbeid med Biblioteksentralen og OsloMet, eit nytt nettkurs om Deweys desimalklassifikasjon og verktøyet Norsk WebDewey.

Her får du kunnskap om Deweysystemet, og du lærer å klassifisere frå grunnen av. I tillegg får du oversikt over verktøyet slik det er bygd opp og fungerer i dag, samt tips og triks til å nytte verktøyet i søkearbeidet.

Kurset er utarbeida av autoritetar på området. Det er Ingebjørg Rype ved Nasjonalbiblioteket i samarbeid med Marit Kristine Ådland ved OsloMet og Elise Conradi frå Biblioteksentralen som står bak dei ulike leksjonane. Tonje Sivertsen ved Nasjonalbiblioteket har utarbeida oppgåvesetta.

Sjølv om mange, særleg i folke- og skulebiblioteka, ikkje klassifiserer sjølve i særleg grad, er det likevel viktig at flest mogeleg får ein grunnleggjande kunnskap om verktøyet. Eit ekstra pluss er å få kunnskap om korleis Dewey kan nyttast i tenester til sluttbrukaren.

Nyfiken på om dette er noko for deg? Nettkurset vil gje nybyrjarar grunnleggjande kunnskap om klassifikasjon med Dewey,  og vere nyttig for dei som ikkje klassifiserar sjølve, men jobbar i bibliotek som brukar Dewey. Kurset kan óg nyttast som oppfrisking og som eit oppslagsverk for dei som har klassifisert ei stund.