Høg tillit til folkebiblioteka

Nasjonalbiblioteket gjennomfører for tida kvartalsvise spørjeundersøkingar der vi ser på folk sin bibliotekbruk i Norge. Datainnsamlinga vert gjennomført av Norstat, og undersøkinga har eit landsrepresentativt utval på i overkant av 1000 respondentar.

Den siste undersøkinga vi gjennomførte var i desember 2022. Då spurte vi folk både om deira bruk av folkebibliotek og deira haldningar til bibliotek. 

Bruken av bibliotek aukar

Ved spørsmål om besøk i folkebibliotek, ser vi at 47% har besøkt eit folkebibliotek i løpet av det siste året. Til samanlikning låg denne andelen på 38% då vi spurte om det same i mai 2021. Dette kan tyde på at folk er på veg tilbake til biblioteka etter pandemien.

I tillegg seier 52 % av befolkninga at dei har nytta biblioteket i løpet av dei siste 12 månadane. Dette inneberer dei som har nytta biblioteket anten fysisk, digitalt eller begge deler.

Figuren viser at 52% har nytta eit folkebibliotek dei siste 12 månadane, fysisk eller digitalt. Nasjonalbiblioteket, des 2022.
Figuren viser at 52% har nytta eit folkebibliotek dei siste 12 månadane, fysisk eller digitalt. Nasjonalbiblioteket, des 2022.

Positive haldningar til bibliotek

Vi har i denne undersøkinga også spurt om folks haldningar til bibliotek, gjennom ulike utsegn folk har teke stilling til. Folk er jamt over samde i at biblioteket tilbyr eit breitt utval av materiale, og at ein kan stole på informasjonen ein får.

Svara viser også at omdømmet til bibliotek er høgt, både blant dei som seier dei brukar biblioteket, men også blant ikkje-brukarane.

Det er meir variasjon i haldningar til biblioteka si samfunnsrolle, som til dømes biblioteket si rolle i å motverke einsemd, om bibliotek er ein god stad å vere, og kor viktig biblioteket er i dagens samfunn.

Grafen viser at folk i stor grad er enige i utsagnet "biblioteket har et godt omdømme i befolkningen". Figur hentet fra brukerundersøkelse desember 2022.
Dette er eitt av ni ulike utsegn folk har teke stilling til.  I hovudrapporten kan du gå inn på dei enkelte utsegna og granske svara nærare. desember 2022

Biblioteket er viktig for dei eldre

Respondentane i den eldste alderskategorien skil seg ut som dei aller mest positive til bibliotek, både til tenestene biblioteka tilbyr og til funksjonen biblioteket har i samfunnet. Vi ser også at dess eldre ein er, dess meir einig er ein i at biblioteket motverkar einsemd, og at biblioteket er enkelt å nytte. Dette viser oss at biblioteket har en sterk posisjon blant dei eldste brukarane.

I den øvste alderskategorien er heile 9 av 10 einige i påstanden om at bibliotek har eit godt omdøme blant befolkninga.

Yngre er meir usikre på biblioteket sin funksjon i samfunnet

Vi finn dei minst positive eller dei som ikkje veit eller ikkje bryr seg i den yngste aldersgruppa (15-29 år). Særleg gjeld dette utsegn om at biblioteket ikkje lenger er viktig i dagens samfunn. Sjølv om dei fleste er ueinige, så svarar  16% i den yngste aldersgruppa at dei er heilt eller delvis einige i at biblioteket ikkje er viktig. 25 % svarer enten nøytralt eller at dei ikkje veit om biblioteket er viktig.

Kor viktig er biblioteka sine digitale tilbod?

Eit annet funn er at det er ein ganske høg andel som ikkje har nokon formeining om biblioteka sine digitale tilbod er gode eller ikkje. Dette talet ligg rundt 40% i alle grupper av de spurte. Dette betyr ikkje at dei  aldri har brukt digitale tilbod, men at dei  ikkje veit eller har tatt stilling til tilbodet.

Totalt er det 41% som svarer vet ikke/ikke aktuelt på utsegnet "Biblioteket har et godt digitalt tilbud". Figuren er hentet fra brukereundersøkelsen desember 2022
Totalt er det 41% som svarer veit ikkje/ikkje aktuelt på utsegnet «Biblioteket har et godt digitalt tilbud». Figuren er hentet fra brukereundersøkelsen desember 2022

Du kan laste ned heile rapporten om bruk og haldninger til folkebibliotek her, og nytte han som grunnlag for vidare gransking og analyse.