Nasjonalbiblioteket lyser ut midlar til aktiv formidling for 2023

Har du lyst til å drive aktiv formidling ved å: 

  • oppsøke nye brukarar?
  • oppsøke nye stader?
  • prøve nye metodar?
  • bli tryggare i rolla som formidlar?
  • nå ut til alle uavhengig av funksjonsnivå?
  • prøve digital formidling?

Då oppfordrar vi deg og biblioteket ditt til å søke midlar hjå Nasjonalbiblioteket.

Vi opnar opp søknadsskjemaet i midten av august, og søknadsfristen er 10. oktober 2022. Vi har no lagt ut utlysingstekst og krava til søknadane på våre sider.

Vi arrangerer nettseminar den 20. september der vi tar for oss korleis du kan søke midlar. Fleire detaljar om seminaret kjem over sommaren.

Vi oppfordrar også dei som har tenkt å søke om å bruke prosjektbanken til inspirasjon, her er det mogeleg å sjå kva andre bibliotek har gjort med midlar frå Nasjonalbiblioteket tidlegare.