Verkstadsintegrering

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Alver bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Mangfold og inkludering, Nye formidlingsmetoder, Nye samarbeidsformer og partnerskap, Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:150 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2017, 2018

Søknad

Rapporter

Mål

1. Bruke lokale arbeidsgrupper av barn og unge til å finne fram til gode modellar for verkstadsarbeid, der samarbeid gjennom praktisk arbeid skapar venskap og tryggleik på tvers av spåkbarrierar.
2. Karleggje kva som krevst for at små og mellomstore bibliotek kan ta del i utviklinga av biblioteka til å verta praktiske verkstadar for kreativ verksmed for barn og unge.
3. Utvikle modellar for lokale verkstadar i ein region med små og mellomstore bibliotek, der eitt av biblioteka i regionen har ansvaret for samordning og kunnskapsoppdatering.

Beskrivelse

Fleire av biblioteka i Nordhordland har lukkast med å nå vaksne framandspråklege med språkcafé og utlån av samtalepartnarar. No er det vekst i talet unge asylsøkjarar og framandspråklege og biblioteka vil difor utvikle nye typar aktivitetar som er attraktive og engasjerande for ungdom, både framandspråklege og norsktalande. På det viset ynskjer vi å vidareutvikle biblioteket som integreringsarena.

Om vi slår saman behovet for ein integreringsarena for unge, med behovet for eit nytt tilbod som er attraktivt for ungedom, kan biblioteka utvide sitt generelle tilbod og styrkje rolla som integreringsarena. Vi trur at om norsk og framandspråklig ungdom jobbar saman om attraktive, praktiske og interessante oppgåver i eit positivt og leikande miljø vil det styrkje både integrering og språkmeistring. Vårt mål er å skape slike miljø i bibliotekverkstadar (makerspace).

For mange små og mellomstore bibliotek kan verkstadsdelen av bibliotektilbodet verke overveldande og krevjande på eit nivå ein ikkje ser seg i stand til å få til med rådande personalressursar. Ved å jobbe saman kan fleire små bibliotek skape eit tilbod med modulbaserte deler som til saman vert ein heil bibliotekverkstad.

Nordhordlandsbiblioteka har eit godt etablert samarbeid med både små og mellomstore bibliotek og har gode høve for å kunne gjennomføre eit slikt prosjekt og dele resultata med andre bibliotek underveis og i etterkant. Bibliotekverkstaden er tenkt organisert som ein distribuert og sirkulerande modell. Biblioteka kan velje om dei vil delta på innføringskurs i drift av ein eller fleire av modulane. Dei minste biblioteka kan velje å få prosjektleiar til å gjennomføre dei lokale opplegga. Tanken er at flest mogleg av biblioteka skal få grunnkompetanse på alle komponentane i verkstaden og at eitt bibliotek (Lindås bibliotek) vil sitje på spisskompetanse, leie prosjektet og vere praktisk og teknisk støtte til alle dei andre biblioteka.

Det vert utarbeidd 3 modular,
– Modul 1 – Elektronikk- og programmeringsverkstad
– Modul 2 – 3D-printing
– Modul 3 – Bildeverkstad – digitalt fotokurs og bilderedigering

Kvar modul er ei sjølvstendig eining med utstyr og arrangementsopplegg. For dei minste biblioteka som sjølv ikkje har kompetanse og ressursar vil prosjektleiar leie arrangement og ha den tekniske kompetansen som er naudsynt.

Arbeidsgruppene med ungdom vert sett opp i kvar kommune i samråd med asylmottak, språkopplæringa og ungdoms- og vidaregåande skuler der det er naturleg.

Kvar modulperiode vil starte med ein kick-off-dag der arbeidsgruppa vert invitert til opplæring og utprøving. På ettermiddagen/kvelden vil det verte invitert til eit ope arrangement for alle, vaksne og born, på biblioteket. Modulen vil vere tilgjengeleg på biblioteket i ein periode på ca. ein månad. Arbeidsgruppa vil få reservert eigne tider til å jobbe med prosjekt og idear dei har utarbeidd saman.

Modulane vil sirkulere mellom biblioteka på ei månadsrotering. Modulane vil bli utplasserte slik at alle biblioteka får alle tre modular i løpet av prosjektperioden.

Modulane vil verte justert og evaluert fortløpande ut frå tilbakemelding frå arbeidsgruppene og bibliotektilsette.
Om dette har den ønska verknaden på integrering og språkopplæring vil biblioteka i Nordhordland vurdere ein vidareføring og utviding av prosjektet med mål om å få til faste verkstadar i fleire av biblioteka.