Ungdomsbiblioteket

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Øystre Slidre bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som møteplass
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2014, 2015, 2016

Søknad

Mål

Vi vil inspirere og engasjere ungdom til refleksjon og debatt. Målet er todelt: 1. Inspirere ungdommen og styrke dei i evna til refleksjon rundt aktuelle tema. 2. Vekke ungdommen sitt samfunnsengasjement og vilje til å nå fram hjå politikarane med sine syn.

Beskrivelse

Prosjektskildring
Øystre Slidre folkebibliotek er eit kombinasjonsbibliotek som ligg i første etasje i ungdomsskulen.
Vi er svært godt besøkt, og fungerer i dag godt som ein sosial møteplass. Kvar dag sviv ungdommane rundt i lokala i friminutt og fritimar, tittar litt, låner litt, spelar sjakk, sit litt rundt omkring. Det same er tilfelle for biblioteket på Valdres vidaregåande – eit ope bibliotek med godt besøk og god kontakt med ungdom.

Men kva med bibliotekrommet som «arena for offentleg samtale og debatt»?
Vår plan er å «snike oss inn i ungdommen sitt synsfelt», vekke deira samfunnsengasjement. Vi vil laga utstillingsplassar rundt omkring i bibliotekrommet, der vi kan henge opp avisutklypp, stille ut bøker og store overskrifter om aktuelle debatt-tema særleg retta mot ungdom. Vi vil også bruke sosiale media for å inspirere og engasjere til refleksjon og debatt. Vi tenkjer oss å fokusere på eit tema kvar månad. To gonger i året vil vi invitere forfattarar/musikarar/foredragshaldarar til å setja fokus på eit særskilt tema med påfølgjande debatt.

For å forsterke formidlingseffekten i ungdomsgruppa og sikre brukarmedverknad i prosjektet, vil vi samarbeide med Øystre Slidre ungdomsråd. Ungdomsrådet består av samfunnsengasjerte elevar frå 13 – 18 år. Halvparten går på ungdomsskulen og halvparten på Valdres vidaregåande skule.
Ungdomsrådet vil kunne bidra med forslag til tema som vekkjer engasjement både på ungdomsskulen og vidaregåande, vera med å henge opp plakatar på skulane, og hjelpe til ved arrangementa.

Vi tenkjer oss at dette prosjektet lett kan overførast til andre kommunar i landet med aktive ungdomsråd, og særleg i samarbeid med folke-, skule- og kombinasjonsbibliotek som vil utvikle rolla si som arena for offentleg samtale og debatt. Barneombodet ønskjer at alle kommunar skal ha ungdomsråd, og meiner det er viktig at alle barn og unge får moglegheit til å påverke politikarane. Første steg på vegen er engasjement i saker ungdommen sjølve er opptekne av.

Framdriftsplan
Dersom vi får støtte til prosjektet, vil vi gjennomføre dette i skuleåret 2014/15. Deretter vil vi evaluere tiltaket, laga ein prosjektrapport og dele våre erfaringar med dei andre folkebiblioteka og vidaregåande skulane i Valdres og Oppland. Lukkast vi, vil vi gjerne vidareføre prosjektet dei komande åra.

Skuleåret 2014/15:

Inspirere og engasjere:

Idé- og temautvikling: Ungdomsrådet, bibliotekarane frå Øystre Slidre folkebibliotek og Valdres vidaregåande.
Gjennomføring: Oppslag i sosiale media, utstillingar i biblioteket, plakatar på biblioteket, i ungdomsklubben og på skulen, gjerne på uventa plassar, som dodører, på pultane osb.
Behov: Personalressurs, displaygavlar på hyllene, plakattavler. Innkjøp av aktuelle bøker.

Refleksjon og debatt:

Idé- og arrangementsutvikling: Ungdomsrådet, bibliotekarane frå Øystre Slidre folkebibliotek og Valdres vidaregåande.
Gjennomføring: Arrangement med forfattarar/foredragshaldarar/musikarar. Skriveverkstad, teikning/måling med utstilling i etterkant. Nettdebatt.
Behov: Personalressurs, honorar til eksterne aktørar, scenebakgrunn.

2015/16 og komande skuleår:

Inspirere og engasjere:

Evaluering og prosjektrapport: Ungdomsrådet, bibliotekarane frå Øystre Slidre folkebibliotek og Valdres vidaregåande.
Idé- og temautvikling: Ungdomsrådet, bibliotekarane frå Øystre Slidre folkebibliotek og Valdres vidaregåande.
Gjennomføring: Oppslag i sosiale medier, utstillingar i biblioteket, plakatar på biblioteket, i ungdomsklubben og på skulen, gjerne på uventa plassar, som dodøra, på pultane osb.
Behov: Personalressurs, innkjøp av aktuelle bøker.

Refleksjon og debatt:

Idé- og arrangementsutvikling: Ungdomsrådet, bibliotekarane frå Øystre Slidre folkebibliotek og Valdres vidaregåande.
Gjennomføring: Arrangement med forfattarar/foredragshaldarar/musikarar. Skriveverkstad, teikning/måling med utstilling i etterkant. Nettdebatt.
Behov: Personalressurs, honorar til eksterne aktørar.