Tidlege bokormar i Stryn
Søknad
Rapporter
Mål
Stryn bibliotek ynskjer å gjennom aktiv formidling og utprøving av nye formidlingsmetodar å
– forankre biblioteket som ein naturleg samlingsplass
– gjere biblioteket sine tilbod betre kjend i målgruppene
– medverke til auka leselyst og lesedugleik blant barn og unge i kommunen.
Gjennom utvida samarbeid med barnehage og skule ynskjer vi å utvikle tilbodet til barn i ulike aldrar, prøve ut ulike formidlingsmetodar og teknikkar og finne ut kva som fungerer godt og mindre godt til dei ulike aldersgruppene.
Beskrivelse
Stryn bibliotek har, trass knappe ressursar, hatt ein gledeleg oppsving i utlån og besøk dei siste par åra. I 2013 hadde vi ei auke i utlånet på 26 % frå 2012, og ei tilsvarande auke i besøkstal. Vi har satsa bevisst på samlingsutvikling, fleire utstillingar og arrangement, meir tilpassa opningstider og sosiale medium. I tillegg har vi vore flinke å marknadsføre biblioteket i lokale media når vi har hatt arrangement og samfunnsaktuelle utstillingar.
Vi trur at desse faktorane har vore avgjerande for den gode trenden vi er inne i. Inspirert av dette ynskjer vi no å halde fram den positive utviklinga gjennom auka fokus på formidling. Dette trur vi bidreg til å få fleire til å bli merksame på biblioteket sitt tilbod. I tillegg ser vi det som viktig med tanke på å følgje opp målsettingane i den nye biblioteklova.
Satsinga på formidling skal også bidra til auka leselyst og lesedugleik i kommunen. I 2011/2012 vart det starta opp eit nytt kommunalt prosjekt kalla lesedugnad i skular og barnehagar i kommunen. Innsatsen vart retta mot alle skulefag og organiserte lese-for-økter i barnehagane. Dette prosjektet skal ha sterkt fokus også i tida framover og vi ser mogelegheitar for at biblioteket gjennom fokus på aktiv formidling kan spele ei større rolle på dette området enn kva vi tidlegare har gjort.
Dei to siste åra har bibliotekpersonalet delteke på kurs i litteraturformidling og korleis skape gode lesestunder. Ein av våre tilsette er no i gong med studiet Munnleg formidling (15 stp) i regi av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek/NLA Høgskolen i Bergen, eit resultat av prosjektet Saman for framtida. Vi ser vårt prosjekt som ein mogelegheit til å få praktisert ein del av dei teknikkane vi har lært og vil lære. Vi vil rette innsatsen inn mot å prøve ut ulike formidlingsmetodar og teknikkar for å sjå kva som fungerer godt og mindre godt til dei ulike aldersgruppene, og tilpasse formidlinga i størst mogeleg grad.
Tidlegare har biblioteket drive lite med formidling utanfor biblioteket sine veggar. Dette ynskjer vi også å prøve ut i prosjektet for å nå breiare ut; gjere biblioteket meir synleg og tilboda betre kjent.
Tiltak:
Vi vil rette innsatsen inn mot tre grupper:
1) Foreldre og barn under barnehagealder.
Vi vil invitere foreldre med barn under barnehagealder på eigne arrangement på biblioteket for å gjere dei merksame på kva tilbod biblioteket har å tilby barna deira i åra framover. På arrangementa vil vi presentere kva bøker vi har og kor viktig det er å tidleg bli kjent med bøkene si verd. I tillegg vil vi ha lesestund og musikk for dei minste.
2) Barn i barnehagealder.
Biblioteket har allereie eit samarbeid med dei ni barnehagane i kommunen, og to faste møter i året. Vi tilbyr bokpakkar og besøk på biblioteket. Vi ynskjer no å utvide dette tilbodet til også å gjelde besøk i barnehagane og tilbod om faste arrangement i og utanfor biblioteket. På desse arrangementa ynskjer vi å prøve ut ulike formidlingsteknikkar samtidig som vi vil variere innhaldet i formidlingsstundane for å sjå kva som fenger barna.
3) Barn i grunnskulen.
Det siste året har det vore planar om å få til ein samarbeidsplan mellom biblioteket og dei åtte grunnskulane i kommunen. Det er ikkje ein samarbeidsplan med kvar enkelt skule, men ein felles samarbeidsplan mellom biblioteket og alle grunnskulane. No ynskjer vi å gå vidare med dette arbeidet der eit naturleg fokus vil vere leselyst. Vi skal saman utarbeide planar om korleis vi best kan arbeide for å auke leselysta til elevane, der det frå biblioteket si side er eit ynskje om å leggje hovudfokuset på ulike formidlingsmetodar.
Formidlingsidear:
Vi ynskjer å tilpasse formidlinga til dei ulike aldersgruppene. Noko av det vi vil leggje vekt på i forhold til alle gruppene vil likevel vere eit større fokus på meir sanseleg formidling. Der tilhøyrarane i tillegg til å høyre vil sjå, lukte, smake og føle. Vi vil ikkje avgrense formidlinga til biblioteket, klasseromma, og barnehagen. Litteraturformidlinga kan også skje i naturen, på ein gamal låve, på ein idrettsstadion etc. Eit eksempel kan vere spøkelsesstund på eit gamalt loft med lommelykt og spennande musikk.
Gjennom eit samarbeid med kulturskulen vil vi også leggje vekt på samspelet mellom lyd og litteratur. Denne typen formidling tenker vi kan gå føre seg både på biblioteket og i klasserom/barnehagar. Vi ser også mogelegheitar for å ha dette utandørs der ein bibliotekar kan ha lesestund ein stad, ein musikar kan spele eit instrument ein anna stad og på ein tredje stad kan vi ha rollespel.
Sjølv om det er vår målsetting å teste ut nye måtar å formidle litteratur på ynskjer vi ikkje å gå heilt bort frå meir tradisjonelle lesestunder eller bokpresentasjonar. Desse vil også vere naturlege å ta med seg vidare for å sjå korleis dei står seg i forhold til dei andre formidlingsmetodane vi vil teste ut.
Stryn bibliotek har 1,3 årsverk som skal betene 7151 innbyggjarar, i tillegg til at vi har ein ressurs på 0,5 årsverk knytt til tenester for Stryn vidaregåande skule. Vi ser på dette prosjektet som så viktig at vi sjølv med knappe ressursar ynskjer å setje av 0,2 årsverk som skal vere dedisert arbeidet med å utvikle formidlinga til barn og unge og synleggjeringa av tilboda ved biblioteket.
Vi har stor tru på dette prosjektet og håpar at vi gjennom prosjektperioden får vist for kommunen viktigheita av formidlingsarbeidet og arbeidet med leselyst og lesedugleik, og at ein etter prosjektslutt får tilført kommunale ressursar for å fortsetje arbeidet.
Vi meiner også prosjektet og utprøving av ulike formidlingsmetodar vil ha overføringsverdi for andre bibliotek. Stryn bibliotek har ein eigen blogg (http://strynbibliotek.blogspot.no/), som vi vil aktivt bruke for å dokumentere erfaringar frå prosjektet.