Sats på kulturfondbøker!
Søknad
Rapporter
Mål
Gjennom målretta merking i katalogen, styrkt marknadsføring mot publikum og forfattarbesøk, ønskjer Levanger bibliotek å fremje bruken av, og debatten om, bøker som blir kjøpte inn gjennom Kulturfondet.
Beskrivelse
Bøker frå Kulturfondet utgjer 27 % av den årlege tilveksten på Levanger bibliotek. Så godt som alt av norsk skjønnlitteratur kjem på «K-fond», både kjende og ukjende forfattarar med breie og smale nedslagsfelt. Vi vil bidra til å formidle dei meir ukjende forfattarane ut av hyllene gjennom bruk av digitale og analoge hjelpemiddel og forfattarmøte.
Vi vil måle effekten av prosjektet gjennom å måle utlånet av kulturfond-eksemplar føre og etter prosjektperioden. Ved stor effekt vil tiltaket gå inn i den vanlege drifta ved biblioteket.
Prosjektet er sett saman av tre ulike hovuddelar: den digitale, den fysiske og møtet.
1) Den digitale.
Kulturfondbøkene skal skiljast ut i katalogen slik at ein for kvar utsending frå Kulturrådet kan sjå kva bøker som kjem med utsendinga. Det gjeld både P- og E-bøker. Her er eit døme på noko tilsvarande vi har gjort med nominasjonane til Brageprisen 2015:
http://www.levanger.folkebibl.no/cgi-bin/websok?mode=vt&dbpath=/usr/biblo/data&eccl=bragenominert
Når meldinga frå Kulturrådet kjem om kva bøker som er på veg, skal vi registrere bøkene med ein gong, føre dei kjem fysisk til biblioteket. Dette blir så publisert på dei digitale kanalane til biblioteket (Heimeside, blogg,Facebook, Instagram og Snapchat), med melding om at desse bøkene er på veg. Då får lånarane høve til å reservere bøker, og vi får i gang praten om bøkene.
Levanger bibliotek er mellom dei mest aktive på Instagram på taggen #bokfjesfredag/#bookfacefriday. Dette vil bli utnytta til å fremje kulturfondbøker gjennom prosjektperioden.
Her vil det vera ein god regional effekt. Gjennom våre tiltak vil dataene vi produserer bli tilgjengelege for resten av biblioteka, slik at dei på ein enkel måte kan hente inn våre redigerte data til sine katalogar og dermed få til like søk.
2) Den fysiske.
Ved kvar pakke som kjem av kulturfondbøker, vil det bli laga utstilling i biblioteket med bøkene som er komne. I og med at bøkene av kjende/populære forfattarar i stor grad går av seg sjølv, kjem dei fleste bøkene i utstillinga til å vera av dei meir ukjende forfattarane, t.d. debutantar. Plassert på ein godt synleg stad bør utstillinga bidra til å få bøkene meir ut.
Alle k-fondbøker for vaksne frå inneverande år vil bli plassert på ein godt synleg plass nært inngangen til biblioteket, slik at det blir lettare å berre plukke opp for lånarar som er ute etter ei god bok. Vi vil òg skrive ut gode bokmeldingar og stille ut saman med bøkene.
3) Møtet.
For å få meir blest og samtale om bøkene ønskjer vi å ha 5 bokbad i løpet av prosjektperioden. Vi ønskjer å invitere aktuelle forfattarar, som har med bøker i dei aktuelle bokpakkane. Det vil seie at vi ikkje har ei liste med forfattarar per i dag, den lista vil bli til etter kvart som bøkene for den aktuelle runden (1-5) kjem. Bokbadar Ingrid Storholmen vil vera sentral bidragsytar for å velje unge og/eller ferske forfattarar.
Når vi lagar avtalar med forfattarar vil vi òg syte for at andre bibliotek i regionen kan få tilbod om å møte forfattaren, anten gjennom opplesing eller bokbad. I tillegg har biblioteket allereie boklunsjprat kvar torsdag, og vil prioritere kulturfondbøkene i desse.
Dette er eit prosjekt vi òg søkjer støtte til frå Norsk kulturråd si ordning til litteraturformidling. Dette er ikkje stadfesta, og om vi ikkje får støtte frå dei vil punktet «Møtet», dvs. arrangementa i denne søknaden falle vekk, og det som går på digital og fysisk formidling stå igjen.