Ord i spreke spor

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Øygarden bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som møteplass, Mangfold og inkludering, Nye formidlingsmetoder, Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:250 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2014, 2015, 2016

Søknad

Rapporter

Andre filressurser

Mål

Gjennom å koble fysisk aktivitet, natur-, kultur-, og litteruropplevingar saman, ynskjer Sund folkebiblioek å vere ein ambassadør for folkehelsesatsinga. Vi vil utforske nye samarbeidsmodellar, ei annan type formidling og nye aktivitetar ved mellom anna å bruke det potensiale som finnast i dei frivillige organisasjonar i kommunen.

Beskrivelse

Sund folkebibliotek er lokalisert i Sund senter. Biblioteket har knapp opningstid og liten plass for aktivitetar. Vi opplever ofte besøk av innbyggjarar som ikkje veit at det finnes eit bibliotek i kommunen.

Gjennom nyskaping og innovasjon ynskjer Sund folkebibliotek å gjere biblioteket synleg ved å ta i bruk ein ny arena. Vi håpar på å nå fleire nye brukarar ved å vere ein aktiv litteratur- og kulturformidlar i eit samarbeid med skular, barnehagar, kunstnarar og frivillige aktørar i kommunen.

Prosjektet og aktivitetane kan delast i to delprosjekt, med fokus på kulturløypa det første året og appen det andre året.

1.Ei kulturløype med særs fokus på Johannes Kleppevik si dikting og formidling av kystkulturen

Kulturløypa skal formidle den lokale kulturarven gjennom tekstar og melodiar av Johannes Kleppevik. Han vart kalla kystens trubadur, og vi ynskjer at tekstane hans kan leve vidare i nye generasjonar. Johannes Kleppevik sine tekster og viser formidlar kystkulturen vår på ein framifrå måte.

I løypa vil vi bruka ein kombinasjon av faste og flyttbare installasjonar. Ein kunstnar lagar dei faste installasjonane der teksta, sitat og særskilde ord vert rissa inn i t.d. stein eller tre eller keramikk.

Dei flyttbare installasjonane som t.d. informasjonstavler og årlege quizar som vert utforma av biblioteket og dei frivillige aktørane.

Kulturløypa skal ligge på heimstaden til Johannes Kleppevik og vere knytt til barne- og ungdomsskulen og barnehagen, i tillegg til sjølve barndomsheimen til Kleppevik. I barndomsheimen, men også i løypa vil biblioteket ha eventyrstunder, musikk og foredrag. Løypa vil lett kunne brukast i skuletida og invitere til kunnskaps- og kulturopplevingar, natur-eventyr og land-art. Deler av løypa er universelt utforma, då den går langs gang- og sykkelvegen i bygda, og kan dermed nyttast av alle.

2.Ein app som tek utgangspunkt i Kystpasset som nyleg er utgjeve av Sund turlag

Appen skal i tillegg til skildringa av turløypene gje informasjon, inspirasjon og kunnskapsopplevingar ved at vi tek i bruk fleire element som t.d. tekst, foto, og film.

Tekstane i applikasjonen skal ta utgangspunkt i lokale tekstar og litteratur frå Sund og gjere dette digitalt tilgjengeleg, samt vise til tekstane og anna aktuelt stoff i biblioteket sine samlingar. Vi ynskjer å legge til rette for at fastbuande og tilreisande kan få lettfatteleg informasjon om natur, kultur og litteratur i Sund. Det er ikkje meint som ein komplett guide, men meir som ein fylgjesvenn på vegen.

Det er naturleg at vi i appen framleis har fokus på Johannes Kleppevik og kulturløypa.

Det er viktig at prosjeket vert utvikla i tett samarbeid med dei som lokalt ser nytteverdien, då desse er viktige både i utviklinga av innhald og marknadsføring. Samstundes vil vi ha tanke for at dette er offentleg data som skal gjerast kjent for alle.

Prosjektorganisering
Sund folkebibliotek står for prosjektleiing og administrasjon av prosjektet. Det er oppretta ei prosjektgruppe med deltakarar frå Hordaland kommune ved fylkesbiblioteketet og folkehelsa, Sund folkebibliotek, Stranda skule, Sund turlag og 3 andre frivillige aktørar i Sund kommune. Prosjektgruppa skal følgja prosjektet og bidra til eit vellukka samarbeid. Ei styringsgruppe skal sørgje for framdrift i prosjektet og ta stilling til utfordringar undervegs.

Evaluering:
Sjølv om prosjektet er lokalt forankra, vil vi gjennom det tette samarbeide i Biblioteka i Vest, spreia erfaringane våre i regionen undervegs i prosessen. Vidare vil eit vellukka prosjekt med ei grundig evaluering ha verdi for andre bibliotek, spesielt med tanke på samarbeidsmodellar mellom bibliotek og frivillig sektor.