Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vestland fylkesbibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Mangfold og inkludering, Nye samarbeidsformer og partnerskap, Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:800 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2017, 2018, 2019

Søknad

Rapporter

Lenker

Mål

Målet er å stimulere til lesing og bibliotekbruk ved å etablere nynorske turbibliotek i dagsturhytter i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Delmål:
* å gjere nye grupper kjende med litteratur og bibliotektilbod i kommunane
* å auke kunnskapen om nynorsk språk og litteratur
* å gi innbyggjarane i fylket felles natur- og kulturopplevingar
* å gi barnehagebarn lese- og kulturopplevingar og tilknyting til biblioteket
* å stimulere til lesing av sakprosa på ungdomstrinnet
* å formidle kunnskap om kultur, bibliotektilbod og friluftsliv til flyktningar/innvandrarar
* å utvikle samarbeid mellom biblioteka og med andre institusjonar og organisasjonar

Beskrivelse

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til å få bygt dagsturhytter i alle kommunane i fylket. Hyttene vert lagde til turmål kommunane vel ut, på fjell og ved sjø, i høveleg dagstur-avstand frå køyreveg. Målet er å leggje til rette for auka friluftsaktivitet og dermed bidra til betre folkehelse. Alle dei 26 kommunane i fylket har takka ja til hyttene, som får lik utforming og blir finansierte mellom anna ved spelemidlar og støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. I alle hyttene skal det vere eit lite bibliotek. Kommunane Balestrand, Gloppen, Florø, Førde, Jølster og Luster skal byggje sine hytter i 2017, dei resterande kjem i 2018 (fleire av kommunane, m.a. Jølster, Førde og Solund, skal ha to hytter kvar). Kommunane skal drifte hyttene med hjelp frå frivillig sektor. Sjå teikningar av hytta i vedlegg.

Biblioteka i dagsturhyttene vil bestå av ei lita samling av primært nynorske bøker, 25-30 bøker i kvar hytte. Det vil vere biletbøker, forteljingsbøker og faktabøker for barn, men òg bøker for ungdom og vaksne, som friluftsbøker, naturbøker, samlingar av segner og eventyr og bøker om kulturminne frå områda hyttene ligg i. Vi ser for oss at kring ein tredel av bøkene må skiftast ut kvart år på grunn av slitasje og for å fornye samlinga. Bøkene er til bruk i hyttene, ikkje til heimlån. Fylkesbiblioteket har teke ansvar for å byggje opp ei grunnstamme av bøker til biblioteka (til éi hytte i kvar kommune), men har avklara med kommunane at dei vil ta ansvar for drifta framover i samarbeid med lokale organisasjonar.

Gjennom turbiblioteka ynskjer vi å nå ut til eit breiare publikum enn dei som vanlegvis nyttar folkebiblioteka. Vi legg til rette for at små og store, enkeltpersonar og familiar, vil finne litteratur av interesse i biblioteket, og at det skal vere plass både til å kunne sitje og bla i/lese ei bok og til høgtlesing. Hyttene vil bli innreia med utstillingshyller for bøkene, slik at det er lett å orientere seg i samlinga også for dei som ikkje elles søkjer til biblioteket eller er vande med å gå til ei bokhylle for å finne lesestoff.

Det vil bli utarbeidd materiell som fortel om folkebiblioteket i kommunen, plakatar og brosjyrar, og dette vil vere tilgjengeleg i hyttene. Vidare er det planlagt ein app som gir tilgang til informasjon om bøker, bibliotek og nettsider som kan stimulere til vidare lesing – i tillegg til opplysningar om turstiar, naturfenomen, kulturminne m.m.

For å nytte ut potensialet i turbiblioteka – moglegheita dette gir for å nå brukargrupper som ikkje elles kjem til biblioteket – legg vi opp til tre delprosjekt retta mot høvesvis barn, ungdom og flyktningar/innvandrarar. Delprosjekta dreier seg om å trekkje desse gruppene til turbiblioteka og å kople besøka til aktivitetar i folkebiblioteket i kommunen. Aktivitetane og besøka vert skipa til i samband med opninga av hyttene, men må leggast til sein vår, sommar og tidleg haust i 2018 og 2019.

Delprosjekt A: Barnehagane
I dette delprosjektet går det barnehagetog til dagsturhyttene. Dei eldste barnegruppene i barnehagane vert inviterte med. Nokre av hyttene vil liggje så langt frå køyreveg at det blir uaktuelt, men vi reknar med at delprosjektet vil la seg gjennomføre i halvparten av kommunane.

Ein eller fleire forteljarar er med på turen. Undervegs er det stogg med lesing, det dukkar kan hende opp eventyrfigurar som troll, feer og huldrer. Kanskje er det ei bru på vegen, med eit troll under. Når barna kjem opp til hyttene, et dei nista si og får servert frukt og drikke. Forteljarane har ei framsyning, og barna brukar biblioteket, dei ser i bøker og dei vaksne les høgt for dei.

Tilbake i barnehagen teiknar barna frå framsyninga eller boka dei har sett i/fått lese til seg. Dei tek med seg teikningane til folkebiblioteket der dei vert stilte ut. Folkebiblioteket inviterer barnehagen til samlingsstund der dei med utgangspunkt i teikningane samtalar om turen og finn nye bøker. Det blir premiar til alle som har teikna.

Biblioteket tek initiativ til samarbeid med Barnas Turlag for å orientere om dagsturhyttene og turbiblioteka. Med bakgrunn i opplegget barnehagane har hatt, vil det liggje til rette for å få fleire familiar til å nytte både turbiblioteka og folkebiblioteka i kommunane.

Delprosjekt B: Ungdomsgruppa
Her er det ungdomsskuletrinnet i kommunane som vert inviterte med til dagsturhyttene. Gruppene kan utgjere heile ungdomsskulen der det er naturleg, eller invitasjonen kan gå til utvalde trinn og klassar. Dette delprosjektet vil vere mogleg å gjennomføre i alle kommunane.

Det kan vere ei utfordring å halde på dei unge lesarane, og særleg gutane. Sakprosatekstar kan vere ein veg inn til denne gruppa. I dette prosjektet vil vi knyte bruk av sakprosa til friluftsliv og trening.

Dei fire regionvise biblioteksamarbeida i fylket vil få eitt tilbod kvar om eit felles opplegg der ein kjend treningsprofil/sportsprofil som òg er forfattar blir med på tur til dagsturhytta. Biblioteka må verte samde om kva kommune som skal ha dette programmet. Dei resterande kommunane får tilbod om program med ein aktuell sakprosaforfattar. Vi legg altså opp til fire meir omfattande og kostnadskrevjande opplegg og 22 enklare program.

Før elevane skal på tur, har biblioteket laga til ei bokkasse med aktuelle friluftsbøker og treningsbøker som høver for denne aldersgruppa, og bibliotekaren eller lesegledarar (formidlarordning i regi av fylkesbiblioteket og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) har presentert desse i klassane. Læraren har nytta bøkene i førebuinga til turen og motivert elevane til å lese.

I etterkant av turen inviterer biblioteket til møte med lærarar og elevar der dei deler opplevingar og kunnskap frå turen og programmet. Biblioteket lagar utstilling med nye sakprosabøker og presenterer nokre av desse for å inspirere til vidare lesing.

Biblioteket tek kontakt med DNT Ung, lokallaga av Norges Jeger- og fiskerforbund og andre aktuelle organisasjonar med mål om å få ungdom til å nytte dagsturhyttene og biblioteka. Gjennom dagsturhytte-appen kan biblioteka nå ut med informasjon og kommunisere med unge brukarar.

Delprosjekt C: Flyktningar/innvandrarar
Éi av gruppene vi ynskjer å leggje spesielt til rette for, er flyktningar og innvandrarar. I samarbeid med Røde Kors, flyktningekonsulentar, frivilligsentralar og andre vil vi arrangere felles turar til dagsturhyttene for etablerte innbyggjarar i kommunane og flyktningar/innvandrar. Her blir kunnskap om lokalområdet, tursko og -kle, niste og drikke osv ein viktig del. Men like sentralt i vår samanheng vert å gi kulturopplevingar og kjennskap til litteratur og bibliotek. Vi vil leggje vekt på tilknytinga til folkebiblioteket i kommunen, og nytte høvet til å spreie kunnskap om tilbodet der.

Vi legg opp til ei litterær hending når gruppa kjem fram til dagsturhytta. Teatergruppa Aldateateret vil syne framsyninga Gilgamesh av dramatikar, forfattar og skodespelar Rolf Losnegård. Dette er ein forteljeteaterversjon av eposet om Gilgamesh – verdas eldste nedskrivne historie. Forteljinga er frå eit område i dagens Irak, og har slik potensial til å byggje bru ved at ho kan vere gjenkjenneleg for ein del av flyktningane. Vi kombinerer såleis norsk tradisjon og kultur, friluftsliv og nynorsk språk, med formidling av litteraturen frå eit av områda vi tek imot flyktningar frå. Gilgamesh er ei kort framsyning med éin aktør. Teksten er planlagt å kome ut i nynorsk gjendikting med arabisk og engelsk omsetjing i løpet av 2017. Boka vil kunne nyttast som utgangspunkt for samtale på språkkaféar i folkebiblioteka før og etter programmet på dagsturhyttene. Turane er også gode utgangspunkt for å formidle bøker om natur, friluftsliv, kulturminne m.m.

Strategisk forankring
Prosjektet er forankra i Kulturstrategi 2015-2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune, vedteken 25.11.14 (http://www.sfj.no/kulturstrategi-2015-2018.336696.nn.html), i dei gjennomgåande perspektiva Born og unge, Den kulturelle grunnmuren, Nynorsk språk, Tilgjengelegheit og i satsingsområdet Frivillig sektor.

Planar for oppfølging etter prosjektslutt
Det er planlagt møtepunkt/kontaktpunkt for erfaringsdeling og kunnskapsutveksling gjennom heile prosjektperioden. Prosjektdeltakarane vil verte godt kjende med kvarandre, og prosjektet vil dermed vere med på å utvikle samarbeidet mellom biblioteka og med andre institusjonar og organisasjonar. Moglegheitene vil vere gode for å føre samarbeidet vidare i nye prosjekt.
Gjennom delprosjekta, marknadsføring og kommunikasjon kan biblioteka knyte nye brukargrupper til biblioteket. Etter prosjektslutt vil biblioteka følgje opp desse brukargruppene for slik å stimulere til vidare bruk av biblioteka.

Erfaringsdeling/overføringsverdi
Erfaringsdeling internt vil skje i prosjektmøte og ved tett kontakt mellom samarbeidspartnarane gjennom heile prosjektperioden.

Eksternt vil vi presentere prosjektet på biblioteka sine heimesider, på konferansar, i rapportar og i media.

Vi meiner prosjektet vil ha overføringsverdi til andre satsingar der målet er breie samarbeid for å nå nye brukargrupper, samarbeid mellom bibliotek, med andre institusjonar og med frivillig sektor. Prosjektet vil samle verdifulle erfaringar om biblioteket som ein møteplass der ein arbeider aktivt for å trekkje nye grupper til seg. Dette er òg eit døme på formidling der biblioteket går ut og etablerer tilbod på nye arenaer. I prosjektet vil vi byggje ny kunnskap om biblioteket som formidlar av litteratur og kulturopplevingar, kunnskap som kan vere nyttig også for andre bibliotek og for kulturinstitusjonar elles.