Lettare litteraturnett – del 2

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vestland fylkesbibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Digitale tjenester, Nye formidlingsmetoder
Samlet støtte:120 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2016, 2017

Søknad

Mål

Dette er ei sluttføring av prosjektet «Lettare litteraturnett», der Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Nordland fylkesbibliotek utviklar ein metode for å bygge opp lokale litteraturnett på ein enkel måte. Målet er å leggje til rette for å synleggjere og formidle lokale forfattarar og litteratur i større grad. Prosjektet inneber å utvikle ein mal for oppbygging av litteraturnett, å finne løysingar for å hente ut data frå opne kunnskapskjelder og deretter å formidle data inn i litteraturnetta.

I prosjektet baserer vi oss på prinsippet om lagring av data ein stad, og aktiv bruk av eksisterande kunnskapskjelder som Wikipedia og Nasjonalbiblioteket sine databaser. I utviklinga av teknisk løysing brukar vi open kjeldekode og tilgjengeleg teknologi.

Separate litteratur-/forfattarnett for Nordland og for Sogn og Fjordane vil bli etablerte basert på løysinga som blir utvikla. Programvare og metodar frå prosjektet vil bli tilgjengeleggjort og fritt kunne brukast av andre aktørar som vil etablere litteraturnett.

Ein første versjon av litteratur-/forfattarnetta vil bli lansert tidleg våren 2016. I sluttføringa av prosjektet ynskjer vi å vidareutvikle funksjonaliteten og å leggje til rette for å kunne hente informasjon frå fleire kjelder.

Beskrivelse

Prosjektet «Lettare litteraturnett» (jf. vedlagt søknad frå 2013), blei støtta med kr. 400 000 frå Nasjonalbiblioteket. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Nordland fylkesbibliotek har i prosjektet samarbeidd om å få utvikla ein mal for etablering av lokale litteratur-/forfattarnett, der ein hentar informasjon frå eksisterande kunnskapskjelder som Wikipedia og Nasjonalbiblioteket sine databaser.

Arbeidet er godt i gang, og vi forventar å kunne lansere ein første versjon tidleg våren 2016.

* Stoda for prosjektet medio februar 2016 *

Ved prosjektstart jobba dei to fylkesbiblioteka tett saman for å finne kva ynskje og behov vi hadde for funksjonar i eit litteraturnett. Det vart utarbeidd ein kravspesifikasjon, og anbod vart utlyst i Doffin våren 2014. Pga. for dyre tilbod blei konkurransen avlyst, og det vart utarbeidd ein strammare kravspesifikasjon. Vi innhenta også synspunkt frå IT-avdelinga ved Nasjonalbiblioteket. Ny anbodsutlysing var klar våren 2015, der det vart spesifisert absolutte, viktige og ønska krav. Hausten 2015 vart det inngått kontrakt med Netpower som leverandør, dei kunne oppfylle dei absolutte krava og mange av tilvalskrava innan den økonomiske ramma som var sett.

Mykje av innhaldet vil bli henta frå wikipediaartiklar. Fylkesbiblioteka har i heile perioden registrert nye artiklar og oppdatert eksisterande informasjon om lokale forfattarskap. Sogn og Fjordane nyttar nynorskwikipedia, Nordland bokmålsversjonen, og i arbeidet har ein konferert og diskutert med Wikipedia om beste måten å registrere innhald.

Per dato er det registrert ca. 200 forfattarar med tilknyting til Sogn og Fjordane, og i tillegg har Nordland registrert og kvalitetssikra eit tal nordlandsrelaterte wikipediaartiklar.

Netpower utviklar metode for uthenting av data og sjølve nettstadane basert på kravspesifikasjonen og laupande kommunikasjon med fylkesbiblioteka. Eitt hovudkrav var at alle produkta frå prosjektet, inkludert programvare, bilete, tekst og design, skal vere publisert med open lisens eller kjeldekode som mogeleggjer vidare gratis utvikling, bruk og deling. Netpower nyttar WordPress i utviklinga.

Malverket og nettstadane er no i første testrunde, og vi vil lansere dei to ulike nettstadane i løpet tidleg vår. I denne første versjonen vil data bli henta frå Wikipedia og bokhylla.no, samt at det er mogleg å legge til lokal informasjon og spesialskrivne artiklar for nettstaden.

Status for prosjektet er altså hovudmåla blir nådd: Vi haustar frå Wikipedia, og koplar med informasjon frå Nasjonalbiblioteket. I prosjektet har vi bygd kompetanse på å jobbe i Wikipedia, vi har bygd opp artiklar og prøvd ut innhausting.

Erfaringane frå prosjektet er positive: Samarbeidspartnarane ser nytta av å saman utvikle ei felles løysing. Det gjer ho fleksibel, og aukar mogelegheita for at andre òg kan nytta ho.

Første del av prosjektet vil gå fram til 1. mai 2016. Etter lansering av nettstadane vil sluttresultat for prosjektet vil bli presentert som open kjeldekode saman med rettleiing for installasjon, fritt tilgjengelig for alle som ynskjer å bruke det. Vi vil også lage ein rapport som beskriver metode for registrering av informasjon i Wikipedia.

* Prosjektets del 2*

Første versjon av litteraturnetta baserer seg på innhald frå bokhylla.no presentert saman med wikipediainformasjon og lokalt lagra informasjon i WordPress.

Vi ynskjer å utfylle og auke informasjonsverdien i forfattarportalane ved å hente inn og vise ulikt materiale i form av tekst, lyd, bilete og film. Nasjonalbiblioteket har eit stort tilfang av elektronisk tilgjengeleg materiale som vi ynskjer å nytte, og vi vil òg undersøkje om det er andre kjelder ein kan hente data frå. Til dømes kan bibliografisk informasjon i biblioteksystema våre om kvar forfattars utgjevingar vere aktuelt å importere, og informasjon frå Lokalhistoriewiki.

For alle kjeldene må det undersøkjast kva som er mogleg å hente ut, teknisk og med omsyn til metadata, og vi må få utarbeidd ein måte å få eksportert/importert og presentert data på ein god måte på forfattarsidene.

For å tilby eit kvalitetssikra og godt oppslagsverk til størst mogleg nytte for brukaren er det ynskjeleg å avgrense upresise treff og hindre støy i større grad gjennom fleire og betre treff i NBs digitale kjelder og forbetre import frå Wikipedia.

Vi vil òg sjå på forbetra funksjonalitet for administratorane, løysingar som går ut over det ein har kunna hittil.

Vidare i prosjektet vil vi også auke fokus på å marknadsføre tenesta. Dette vil bli retta både mot bibliotekaktørar for å få andre til å nytta løysinga, og mot sluttbrukarar for å gjere tenesta kjend.

Vi ønskjer å synleggjere og marknadsføre forfattar-/litteraturnett som ein ressurs for biblioteka. Biblioteka skal kunne nytte forfattar-/litteraturnett som del av det digitale bibliotektilbodet sitt. Gjennom ein digital kanal kan ein sikre eit tilbod som alltid er tilgjengeleg. Skal biblioteka opplevast som aktuelle og henge med i tida er det viktig at biblioteket også er representert digitalt på dei plattformene som publikum nyttar. Her kan forfattarnett vere eit bidrag. Biblioteka vil også kunne nyttiggjere seg av relevante opplysningar til m.a. fysiske utstillingar i bibliotekrommet, førebuing til aktivitetar i biblioteket mm.

I marknadsføringa vil vi også fokusere på mogelegheita for at alle som ønskjer det kan bidra til litteratur-/forfattarnettet. Vi vil lage ei rettleiing som forklarer korleis ein kan registrere informasjon, og det er også lagt opp til ein enkel meldefunksjon på sjølve forfattarportalen der brukarar kan kome med opplysningar direkte for å gjere terskelen lågare, lette innsamlinga og gi effektiv kommunikasjon.

Gjennom å bruke Wikipedia som hovudkjelde til forfattarinformasjon, opnar vi for brukarmedverknad og interaksjon, og oppmodar til ein digital dugnad som vi håpar kan inspirere til brukargenerert innhald og læring, samt fylle kunnskapshol og gi viktige bidrag til kulturhistoria.