Lesarhistoria – ny veg til lesaren
Søknad
Mål
Prosjektet prøver ut og samanliknar formidlingspraksisar som alle vender seg til unge lesarar. Det involverer folkebibliotek, skular og barnehagar i kommunar i Sogn og Fjordane. Målet er å utvikle formidlingspraksisar med utgangspunkt i barns og unges lesarhistorier. Vi vil auke kunnskapen om korleis vi kan skreddarsy formidlinga til den einskilde.
Gjennom prosjektarbeidet vil vi opparbeide kunnskapar om og ferdigheiter i formidling som tek omsyn til situasjonen den einskilde er i, og til korleis ho eller han ser seg sjølv som lesar i høve til sine sosiale og materielle omgivnader. Å kunne lese er grunnleggande for å orientere seg i verda, og i neste omgang for at den einskilde skal kunne delta i fellesskapet, med dei plikter og rettigheiter det fører med seg.
I prosjektet vil vi:
• kartleggje formidlingspraksisar og reflektere over desse på bakgrunn av deltakarane sine erfaringar og forsking på området
• vidareutvikle konkrete formidlingspraksisar og dokumentere prosessane
• generere forskingsbasert kunnskap og dele erfaringane med andre aktørar i praksisfeltet
Beskrivelse
SAMANDRAG
Prosjektet «Lesarhistoria – ny veg til lesaren» er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, fem folkebibliotek, fire skular og ein barnehage i Sogn og Fjordane samt Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Målet er å utvikle formidlingspraksisar med utgangspunkt i barns og unges lesarhistorier. Fylkesbiblioteket fekk i 2013 midlar frå Nasjonalbiblioteket til forprosjektet «Lesarhistoria – ny veg til lesaren». Vi søkjer no om støtte til å vidareføre dette arbeidet inn i ett treårig prosjekt.
Gjennom forprosjektet er det etablert eit godt grunnlag for gjennomføring av hovudprosjektet. I samarbeid med ei ressursgruppe og forskar frå HiOA har vi utarbeidd planar for fem delprosjekt som varierer i omfang og målgrupper, men som alle føreset eit tett og nært samarbeid mellom folkebiblioteket og den samarbeidande institusjonen. Folkebiblioteka går inn med sin kunnskap om ulike typar tekstar og medium til barn og unge, skulane og barnehagen med sin kunnskap om leseopplæring og den einskilde elev.
Prosjektet vil dreie seg om å kartleggje og evaluere formidlingspraksisar i det einskilde delprosjektet, og å utvikle desse på bakgrunn av aktuell forsking og deltakarane sine erfaringar. Forskarar skal følgje prosjektet, gi råd undervegs og dokumentere arbeidet. Vi legg vekt på å få til eit godt samspel mellom praksisfeltet og forskarane, med tanke på kunnskapsspreiing både internt og eksternt. Lesarhistoriene til barn og unge som deltek, formidlarane sine refleksjonar og forskarane sine observasjonar utgjer empirien i prosjektet.
Arbeidet i prosjektet handlar om å gjere biblioteka betre i stand til å oppfylle krava i den reviderte biblioteklova. Gjennom delprosjekta utforskar biblioteka rolla som formidlingsarena og læringsarena. Tilknytinga til eit større forskingsprosjekt i regi av HiOA sikrar fagleg kvalitet og at kunnskap som blir opparbeidd kan kommuniserast ut på ein vitskapleg og systematisk måte.
PROSJEKTORGANISERING
Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, folkebibliotek, skular, barnehage og HiOA.
Følgjande institusjonar samarbeider om prosjektet:
• Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
• Høgskolen i Oslo og Akershus
• Florø kommune (barne- og ungdomsbibliotekar ved folkebiblioteket, rektor og skulebibliotekar ved Krokane skule)
• Sogndal kommune (barne- og ungdomsbibliotekar ved folkebiblioteket og lærar på mellomtrinnet ved Kaupanger skule)
• Gloppen kommune (barne- og ungdomsbibliotekar ved folkebiblioteket og lærar på småskuletrinnet ved Nordstranda skule)
• Balestrand (biblioteksjef og skulebibliotekar/lærar ved Sagatun skule)
• Bremanger (biblioteksjef og pedagogisk leiar i Davik barnehage)
Det kan vere aktuelt å trekkje inn Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Foreningen !les undervegs i arbeidet.
Alle alderstrinn frå og med barnehagen til og med ungdomsskulen er representerte i prosjektet.
Fylkesbiblioteket leier prosjektet. Prosjektgruppa vert samansett av representantar for kvar av samarbeidspartnarane, og skal samlast to gonger i året. Prosjektmøta vil ha karakter av seminar der faglege spørsmål vert drøfta, og der deltakarane presenterer problemstillingane dei møter i prosjektet for kvarandre.
Folkebiblioteka er av ulik størrelse og spreidde på dei tre regionane i fylket. Gjennom samlingane i prosjektet vil biblioteka knyte kontaktar og utvikle eit felles fagmiljø.
Forskar og prosjektleiar vil besøke delprosjekta etter ein fastsett plan. Føremålet er både å observere arbeidet, drøfte erfaringar og gi råd om vidare arbeid. Ein prosjektblogg skal sikre god kommunikasjon og erfaringsdeling frå delprosjekta.
I samband med forprosjektet vil fylkesbiblioteket hausten 2014 starte opp eit forum for tilsette i folkebibliotek og skulebibliotek der tema vert formidling av barne- og ungdomslitteratur. Deltakarane i prosjektet vil få ei sentral rolle i dette forumet.
Prosjektet inngår i eit større forskingsprosjekt initiert av Høgskulen i Oslo og Akershus, institutt for arkiv, bibliotek og informasjonsvitskap. Overordna undersøkjer prosjektet føresetnadene og moglegheitene for å realisere folkebiblioteket sitt samfunnsoppdrag slik det er formulert i den nye formålsparagrafen. Eit sentralt spørsmål her er korleis biblioteka kan verke saman med andre aktørar i lokalmiljøet som for eksempel lokale medium, litteraturhus, arkiv og museum, utdanningsinstitusjonar, lokale politiske parti, frivillige organisasjonar mv for å skape ei berekraftig lokal offentlegheit. Målet med prosjektet er dels å bidra til å generere og formidle forskingsbasert kunnskap som praksisfeltet kan ha nytte av i sitt utviklingsarbeid, dels å bidra til systematiske evalueringar og felles forskingsbasert refleksjon og diskusjon om formidlingspraksisar i bibliotek og biblioteka si rolle som møteplass og debattarena. Prosjektet Lesarhistoria – ny veg til lesaren vil bidra med kunnskap om møtet mellom tekst og lesar i bibliotek, skule og barnehage, og om korleis formidlingspraksisar kan utviklast i møte mellom bibliotekar eller lærar og den unge lesaren.
STRATEGISK FORANKRING
Prosjektet er forankra i Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011-2014, punkt 6.3, Strategi 2: Styrkje og vidareutvikle kultur- og litteraturformidlinga, særleg for barn og unge ((http://fylkesbib.sfj.no/sites/fylkesbib.sfj.no/files/5/vedlegg/bibliotekplan_web.pdf). Formidling til denne brukargruppa, og spesielt av nynorsk litteratur, er eitt av dei mest sentrale satsingsområda i planen. Formidlingskompetanse er dessutan eitt av områda som er prioriterte i sak 37/14 Kompetanseutvikling i biblioteka i Sogn og Fjordane, vedteken i Hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane 17.06.14 (/http://www.sfj.no/sff/K2PUB.nsf/viewAttachments/C1256B3B0048DA1DC1257CF4003E9151!opendocument&frame=yes). Delprosjekta vil også finne si forankring i læreplanane og årsplanane til skulane og barnehagen.
METODE
Tre typar dokumentasjon dannar grunnlag for kunnskapsutviklinga i prosjektet. Dei to første er sentrale, den tredje supplerande:
• barns og unges lesarhistorier før, undervegs og til slutt i prosjektet
• formidlarane sine forteljingar før, undervegs og til slutt
• forskarar og representantar frå prosjektleiinga/fylkesbiblioteket vil observere eit utval formidlingspraksisar og skrive sine forteljingar på grunnlag av det
Dokumentasjonen vil vere i skriftleg og munnleg form (intervju t.d.). Han kan også vere digital om det er føremålstenleg.
Kunnskapsutviklinga i prosjektet bygger på dei ulike deltakarane sine forteljingar. Valet av subjektive forteljingar som grunnlag for evaluering og forsking heng nøye saman med prosjektets overordna intensjon. Den openheita som forståinga av lesarhistoria legg opp til, fordrar at evalueringa evnar å sjå det som er på spel og ein ikkje på førehand hadde tenkt på. Ei evaluering som samanliknar lesarhistoriene til deltakarane – det vere seg bibliotekarar, lærarar, barn eller foreldre – gjer det mogleg å sjå både det individuelle, særmerkte og perspektivbundne, og å identifisere mønster.
Forskaren i prosjektet vil undervise deltakarane, gje råd i planlegging og gjennomføring og dokumentere resultata frå prosjektarbeidet. Deltakarane skal forske på eige arbeid, dvs få hjelp til å nytte vitskaplege metodar i gjennomføring og evaluering. På denne måten vil erfaringane kome andre aktørar i praksisfeltet til gode og i neste omgang danne grunnlag for ny forsking. Prosjektet vil få overføringsverdi til andre bibliotek, skular og barnehagar. Slik systematisk evaluering og plan for erfaringsdeling meiner vi aukar prosjektets overføringsverdi. Vi må derfor ha ein strategi for korleis vi skal gjere prosjektet kjent. Eit enkelt tiltak kan være å opprette en blogg om prosjektet kor vi kan legge ut oppdateringar og informasjon.
BAKGRUNN OG TEORI
Det teoretiske omdreiingspunktet for prosjektet er omgrepet lesarhistorie, som “brukes for å karakterisere mer enn en lesers kodekompetanse, leseflyt, leseforståelse og forståelsesevne. I en leserhistorie inngår også leserens lesererfaring på godt og vondt og metaperspektivet leseren har på egen lesing og leseutvikling. I leserhistorien kartlegges for eksempel holdninger til lesing, lesemodeller eleven har i nære relasjoner, og mulige temaer og sjangrer leseren kan motiveres av. Medievaner og elevens forhold til digitale tekster og sosiale medier kartlegges, i tillegg til elevens bruk av skole- og folkebibliotek» (Kverndokken, 2013: 156).
Vi veit at tilgang på variert litteratur kan betre lesekompetansen. Det er òg dokumentert at fritidslesing har mykje å seie for oppøving av leseferdigheiter og leseforståing. Eit felles mål for biblioteka, skulane og barnehagane er å motivere for lesing, og det er behov for å systematisere kunnskapen om kva formidling som fungerer for ulike grupper. Lesarhistorie-omgrepet gjer oss merksame kor kompleks leseevna er, og kor vidt lese-omgrepet må bli forstått om vi skal nå fram med formidlinga. Dette gjer det nødvendig med samarbeid om formidlinga. I prosjektet skal vi ta utgangspunkt i det den einskilde sjølv likar å lese, med eit mål om at deltakarane skal oppleve aukande meistringskjensle i løpet av prosjektperioden.
Definisjonane av lesing og formidling er altså ikkje eintydige, men har fleire nyansar. Det er viktig å vere bevisste på dette om vi skal nå fram til barn og unge på ein måte som gir dei kjensle av myndiggjering og medborgarskap. Dette er ein sentral føresetnad for prosjektet og gjennomgåande for dei lokalt forankra delprosjekta som inngår i «Lesarhistoria – nye vegar til lesaren».
Delprosjekta syner på ulike vis bruk av biblioteket som formidlings- og læringsarena. Dei utforskar òg korleis bibliotekaren kan kome inn med sin kompetanse på nye arenaer, i samarbeid med andre profesjonar. Felles for alle er at lesarhistoria dannar grunnlag for samtale og debatt, anten det er mellom barn og vaksne – bibliotekarar, lærarar, foreldre eller andre – eller mellom fagfolka som er involverte i prosjektet. Delprosjekta har stor breidde og variasjon. Samla viser dei eit mangfald av måtar biblioteka kan oppfylle den nye formålsparagrafen på.
DELPROSJEKT 1: BALESTRAND FOLKEBIBLIOTEK OG SAGATUN SKULE
Skulen har erfaring med å være juryklasse til Uprisen (i regi av Foreningen !les). I delprosjektet vil vi byggje vidare på erfaringane frå dette arbeidet. Vi vil bevisstgjere elevar og formidlarar om lesarhistorie-omgrepet, og bruke lesarhistoriene aktivt som dokumentasjon gjennom prosjektperioden. Ved å følgje klassen gjennom tre år vil vi undersøkje om det skjer ei utvikling i lesarhistoriene.
Prosjektet er retta mot årets 8. klasse på Sagatun skule. Dei 18 elevane blir følgde til 10. klasse. l løpet av perioden skal Balestrand folkebibliotek flytte til nye lokale på skulen, og vert med det eit kombinasjonsbibliotek. Tett kontakt mellom biblioteket og skulen er vesentlig for prosjektet. Etter mønster frå arbeidet med Uprisen skal klassane lese og vurdere årets ungdomsbøker og publisere bokmeldingar på nett. Kartlegging av elevane sine eigne lesarhistorier er utgangspunkt for val av bøker så vel som for diskusjonar i klassen. Elevane skriv tekstar om bøkene dei les gjennom heile prosjektet, og refleksjon over eigne lesarhistorier dannar grunnlag for arbeidet med bokmeldingane. På den måten ynskjer vi å knyte elevane sitt arbeid med tekstane til deira eige liv i større grad. Vår hypotese er at fokuset på lesarhistorie-omgrepet vil dreie bokmeldingane frå den øvingsprega påpeikinga av til dømes plottstruktur og språklege verkemiddel som er vanleg (og som også dominerer meldingane til Uprisen), til korleis bøkene kan brukast i høve til lesaren si eiga historie.
DELPROSJEKT 2: FLORA FOLKEBIBLIOTEK OG KROKANE SKULE
Krokane skule har erfaring frå å være ressursskule i Program for skulebibliotekutvikling. Skulen har bibliotekar i 50 % stilling, som er i gang med skulebibliotekarutdanning ved Universitetet i Agder. I tillegg har skulen fire bibliotekassistentar frå 6. og 7. klasse, med oppgåve mellom anna å formidle litteratur til dei andre elevane. Flora kommune har ei felles bibliotekgruppe der representantar frå alle skulane og folkebiblioteket er representerte. Folkebiblioteket og skulane har gjennom fleire år samarbeidd om ei omfattande lesesatsing, «Flora les». Den målmedvetne satsinga på skulebibliotekutvikling og tradisjonen for samarbeid mellom folkebiblioteket og skulane gir eit godt grunnlag for å gjennomføre delprosjekt i «Lesarhistoria – ny veg til lesaren».
Krokane skule vil trekkje prosjektet inn i filosofisatsinga til skulen. Skulebibliotekaren vil introdusere kollegiet for lesarhistorie-omgrepet ved å fortelje si eiga lesarhistorie på eit fellesmøte. Folkebiblioteket bidreg med innspel om formidling og aktuell litteratur. Deretter skal den einskilde lærar ha ei filosofi-/grubleøkt i sin klasse, fortelje si lesarhistorie til elevane og ha ein dialog om kva ei lesarhistorie er. Elevane skal så skrive brev til skulebibliotekaren og barne- og ungdomsbibliotekaren ved folkebiblioteket, som vel ut bøker til prosjektet på bakgrunn av dette. Breva har form av ei lesarhistorie og munnar ut i ønske om vidare lesing. Etter at elevane har lese bøkene, har skulebibliotekaren og barne- og ungdomsbibliotekaren ei evaluering med læraren. Sentrale spørsmål blir korleis refleksjon over omgrepet lesarhistorie og arbeidet med eigne lesarhistorier har påverka lesinga, og kva dette fortel om korleis formidlinga skal vidareførast. Prosjektet vil òg involvere bibliotekassistentane og sjå på korleis deira lesarhistorier kan brukast i formidlinga. At elevar formidlar til andre elevar er eitt viktig verkemiddel for å nå nye lesarar.
DELPROSJEKT 3: SOGNDAL FOLKEBIBLIOTEK OG KAUPANGER SKULE
I samband med Kaupanger skule sin årlege leselystaksjon har barne- og ungdomsbibliotekar frå Sogndal bibliotek dei siste åra besøkt skulen for å snakka om bøker i 5. -7. klasse. I tillegg får 6.klassingane kvart år tilbod om å komme på besøk på biblioteket, der dei blir presenterte for aktuelle bøker. På grunn av avstanden til biblioteket er det vanskeleg for elevane på skulen å komme på biblioteket oftare. Gjennom prosjektet ynskjer biblioteket å vidareutvikla samarbeidet med skulen, ved å leggje opp til skulebesøk i tillegg til klassebesøka på biblioteket. Barne- og ungdomsbibliotekaren vil følgje ein klasse tett og få meir kjennskap til enkelteleven si lesarhistorie i forkant av skulebesøk. Slik kan ho leggje opp til meir individuell formidling.
I dette delprosjektet skal elevane skrive sine eigne lesarhistorier i form av brev som dei sender til barne- og ungdomsbibliotekaren ved folkebiblioteket. Ho får slik eit godt fundament for å velje ut kva som skal leggjast fram for klassen anten det er på skulen eller i biblioteket. Bibliotekar og lærar kan vere førebilete ved å fortelje om sine eigne lesarhistorier og kanskje òg om andre sine – om det høver. Etter at elevane har valt bøker, skal den einskilde elev skrive ein tekst om lesinga – om korleis ho eller han opplevde boka. Elevane skal seie noko om i kva grad dei finn at forfattaren talar til dei, om han har noko å seie som betyr noko for dei, om kva det er som gjer boka er spanande eller ikkje m.m. Breva frå elevane gir oss grunnlag for å samanlikne og sjå ei utvikling over tid.
DELPROSJEKT 4: GLOPPEN FOLKEBIBLIOTEK OG NORDSTRANDA SKULE
Gloppen folkebibliotek ynskjer å auke kompetansen på formidling til ei gruppe som ikkje enno har etablert seg som bibliotekbrukarar, nemleg 2. klassingar. I prosjektet skal bibliotek- og skulebesøk koplast opp mot kompetansemåla i læreplanen for norskfaget. Elevane skal lage små bøker på skulen, og desse vil hjelpe barne- og ungdomsbibliotekaren ved folkebiblioteket til å definere interesser og nivå. Dette dannar grunnlag for formidlinga. Klassen vert delt i mindre grupper og får ei meir individtilpassa opplæring og formidling på folkebiblioteket. I prosjektets andre år, vil 3.klassingane, som då har vore gjennom slik opplæring, fungere som fadderar for dei nye 2.klassingane. Bibliotekarens oppleving av prosjektet vil stå sentralt for evalueringa. Viktige spørsmål blir: klarar vi å auke kompetansen på formidling til denne gruppa? Og korleis brukar elevane biblioteket vidare inn i 3. og 4. klasse i forhold til andre skuleelevar som ikkje har fått slik opplæring på 2. trinn?
DELPROSJEKT 5: BREMANGER FOLKEBIBLIOTEK OG DAVIK BARNEHAGE
I dette prosjektet handlar det om å opprette eit samarbeid mellom ein barnehage og eit bibliotek som ligg langt frå kvarandre. Gjennom prosjektet vil dei utvikle eit tettare samarbeid. Prosjektet bruker lesarhistoria som utgangspunkt for å gjere dei vaksne – dei tilsette i barnehagen og foreldra – meir bevisste på kor viktig lesing er og korleis ein kan leggje til rette for og arbeide med lesing.
Forskarar/prosjektleiar skal kartleggje barna sin lesarhistorier i samarbeid med barnehagen og folkebiblioteket. Foreldra og dei tilsette i barnehagen er informantar. For denne gruppa vil lesarhistoriene dreie seg om kva bøker barna likar å høyre, anten det er foreldra, tilsette i barnehagen eller andre som les for dei. Kartlegginga vil fungere som utgangspunkt for eit tettare samarbeid om formidling mellom bibliotek, foreldre og barnehage. Forskarar/prosjektleiar vil gjennomføre intervju/samtale med dei vaksne for å samle informasjon til gjennomføringa av delprosjektet og i samband med evalueringa. Folkebibliotekaren vil delta på foreldremøte og presentere bøker, setje saman bokkassar på bakgrunn av lesarhistoriene, formidle direkte til barna og ta del i evalueringa.
KUNNSKAPSSPREIING
Erfaringane frå prosjektet skal spreiast på prosjektbloggen og på dei deltakande institusjonane sine nettstader gjennom prosjektperioden. I tillegg vil dei deltakarane bidra med foredrag på kurs og konferansar, og i andre fora der dette kan vere aktuelt. Ved avslutninga av prosjektet vil forskarane/fylkesbiblioteket publisere ein rapport /artikkel som presenterer resultatet frå prosjektet.
Fylkesbiblioteket og deltakande biblioteka vil nytte erfaringane frå prosjektet i vidare arbeid, t.d. i høve til formidling i vidaregåande opplæring. Gjennom aktiv spreiing av prosjektresultata og samarbeidet med HiOA sikrar vi at kunnskapen som er opparbeidd kjem framtidig formidlingspraksis i bibliotek, skule og barnehage til gode.
Liste over faglitteratur som er nytta under utarbeidinga av søknaden vert lagt inn i rapporten frå forprosjektet.
Detaljert oversikt over delprosjekta kan leggast fram om ynskjeleg.