Kuratornettverk for FAIR forskingsdata

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:UiT Norges arktiske Universitet – biblioteket
Prosjektkategori:Innsatsområder: Åpen tilgang, åpne data, åpen vitenskap, FNs bærekraftsmål og bibliotek, Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:1 000 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2022, 2023, 2024

Søknad

Lenker

Tilleggsinformasjon

  • Prosjektet er forlenget til 2024.

    Publisert: 15. september 2023

Mål

Resultatmål:
Prosjektet skal etablera eit kuratornettverk for FAIR forskingsdata på tvers av norske fagbibliotek og andre einingar for forskingsdatastøtte. Nettverket skal vera eit praktisk hjelpemiddel for støttepersonell som skal hjelpa forskarar med tilrettelegging av forskingsdata for arkivering og deling.

Effektmål:
Prosjektet skal bidra til at institusjonane blir betre rusta til å tilby fullgod kurateringstøtte og dermed oppfylla krav og forventningar til handtering og deling av forskingsdata. Det vil igjen bidra til å gjera institusjonane meir konkurransedyktige. Nettverket vil også føra til at meir data av god kvalitet blir gjort tilgjengeleg for forskarar og samfunnet for øvrig og dermed stø opp om berekraftsmåla til FN.

Prosessmål:
Prosjektet legg opp til brei involvering av relevante aktørar gjennom heile prosjektperioden. Dette vil gje oss høve til å etablera og vidareutvikla gode samarbeidsrutinar som vil gagna deltakarane også etter prosjektslutt.

Beskrivelse

BAKGRUNN, BEHOV OG FORANKRING:
Det å gjera vitskapleg verksemd og resultat meir transparente, etterprøvbare og gjenbrukbare gjennom open tilgang til forskingsresultat har i fleire år vore eit strategisk mål både globalt og nasjonalt. Ein viktig del av dette arbeidet består i å leggja til rette for at data som ligg til grunn for forskingsresultat blir gjort så FAIR (Findable, Accessible, Interoperable, Reusable) som mogleg. I Noreg speler fagbibliotek ei sentral rolle i dette arbeidet, og dei har dei siste åra jobba med å byggja opp støttetenester for forskingsdatahandtering på institusjonane sine. Dette er eit krevjande arbeid der dei enkelte fagbiblioteka er avhengige av nasjonal koordinering og samarbeid (jf. avsnitt 6.5 i Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2023). Gjennom innspel og høyringsfråsegner til fleire utgreiingsarbeid dei siste åra (jf. Forskningsrådets Utredning og anbefalinger om lisensiering og tilgjengeliggjøring av forskningsdata og Sikts Felles infrastruktur og tjenester for FAIR forskningsdata), har særleg mindre forskingsinstitusjonar gjeve klårt uttrykk for at dei har behov for nasjonale støttetenester for å kunna utvikla og drifta eit støttetilbod for forskingsdatahandtering på institusjonen.

Forskingsdatakuratering handlar om kvalitetssikring, dokumentering, standardisering og formatering av data i tråd med FAIR-prinsippa og andre beste-praksis-tilrådingar for god datahandtering. I dag skjer kuratering ofte i slutten av eit forskingsprosjekt når dataa skal arkiverast og delast i eit eigna arkiv. Kuratoren ser då over datasettet og sørgjer i dialog med forskaren for at det er dokumentert og lagt til rette i tråd med FAIR-prinsippa og andre retningsliner til arkivet. Denne jobben krev kompetanse på ei rekkje område som t.d. (fagspesifikke) metadata og dokumentasjon, filformat, lisensar og andre juridiske og etiske aspekt. Forskingsdatakuratering er ei ny arbeidsoppgåve på fagbiliotek og andre støtteeiningar på forskingsinstitusjonar. Det er stor variasjon i kor langt dei ulike institusjonane har kome i dette arbeidet og kva kapasitet og føresetnader dei har for å rigga seg til for etablering og drift av kurateringsstøtte for forskarane sine.

Med støtte frå Nasjonalbiblioteket er det sett i gang eit arbeid med å få etablert eit nasjonalt kompetanserammeverk for forskingsdatahandtering, som skal sikra ei felles forståing og praksis på feltet, og at dei som jobbar med støttetenester for forskingsdatahandtering har tilstrekkeleg kompetanse. Det planlagde nettverket vil byggja vidare på dette arbeidet og på tidlegare prosjekt som t.d. Open Science Toolbox. Tilgang på nødvendig kompetanse vil vera ein viktig føresetnad for å byggja opp støttetenester, men erfaringane dei større fagbilblioteka har gjort med forskingsdatakuratering dei siste åra, viser at det i tillegg er behov for kontinuerleg kompetanseheving og -utveksling for å meistra dei konkrete utfordringane i det praktiske kurateringsarbeidet. Etableringa av eit nasjonalt kuratornettverk for FAIR forskingsdata er eit konkret tiltak for å imøtekoma dette behovet. På eit overordna plan vil nettverket fremja arbeidet med tilgjengeleggjering av forskingsdata og stør såleis direkte opp om krav og forventningar i policyar frå Forskningsrådet, Regjeringa, prosjektsamarbeidspartnarane og andre forskingsinstitusjonar, vitskaplege forlag m.fl.

MÅL:
Målet med prosjektet er å få etablert eit nasjonalt kuratornettverk for FAIR forskingsdata. Basert på erfaringar frå liknande eksisterande tiltak i inn- og utland og på innspel frå målgruppa som blir samla inn i byrjinga av prosjektperioden, skal prosjektet byggja opp ein grunnstamme av ressursar, evaluera, ev. tilpassa, og ta i bruk ei kommunikasjonsplattform, utarbeida ein differensiert medlemskapsmodell som er tilpassa ulike typar institusjonar, og laga ein plan for berekraftig drift og vidare utvikling av nettverket etter prosjektslutt. Detaljane i den konkrete utforminga av nettverket vil vera hovudoppgåva for sjølve prosjektet, men basert på erfaringane samarbeidspartnartnarane har gjort på området dei siste åra, har vi følgjande ambisjonar for nettverket når det er fullt ut etablert:

Kuratornettverket skal
– vera ope og relevant for alle typar fagbibliotek og andre einingar for forskingsdatastøtte uavhengig av sektor;
– definera tydeleg ansvar og omfang for deltakarar i nettverket;
– vera uavhengig av kva arkivteneste og andre relaterte tenester forskingsinstitusjonen bruker;
– dekkja alle relevante sider ved FAIR datakuratering, t.d. metadata og dokumentasjon, filformat, lisensar og andre juridiske og etiske aspekt inkl. CARE-prinsippa (jf. https://www.gida-global.org/care), tekniske aspekt (t.d. knytte til arkivtenester), men også kommunikasjon og samarbeid med fagmiljø;
– tilby fagspesifikk støtte i tilfelle der det ikkje finst meir eigna fagspesifikke arkiv som tek seg av kurateringa;
– tilby eit diskusjonsforum der kuratorar kan ta opp og få hjelp med praktiske spørsmål;
– dela materiell som stør opp om kurateringsarbeid, t.d. filformatvurderingar, README-filmalar, kuratorrapportmalar;
– arrangera workshopar og webinar om aktuelle tema;
– tilby kom-i-gang-opplegg for nye medlemer.

GJENNOMFØRING:
Prosjektoppgåvene er fordelte på fire arbeidspakkar:

1. Prosjektleiing og -formidling
Ansvar: UiT
Arbeidsoppgåver: Etablera prosjektteam inkl. ansvarlege for arbeidspakkane 2-4; koordinera prosjektaktivitetar; formidla prosjektaktivitetar og -resultat; kontakt og rapportering til styringsgruppe og til Nasjonalbiblioteket.

2. Materiell
Arbeidsoppgåver: Få på plass ein grunnstamme av materiell som er nyttig i kurateringsarbeid; laga eit opplegg for korleis materiellet skal forvaltast og vidareutviklast etter prosjektslutt.

3. Kompetanse
Arbeidsoppgåver: Laga eit opplegg for kunnskaps- og erfaringsutveksling; få på plass ein grunnstamme av praktiske workshopar og webinar, inkl. opplegg for kollegarettleiing på kuratering i praksis; laga eit opplegg for korleis desse ressursane skal forvaltast og vidareutviklast etter prosjektslutt.

4. Organisering
Arbeidsoppgåver: Få på plass ein differensiert modell for korleis medlemskap, samarbeid og vidareutvikling av kuratornettverket skal organiserast (inkl. ansvar og roller) for å sikra berekraftig drift.

I heile prosjektarbeidet følgjer vi prinsippet “Adopt, adapt, develop”, dvs. at vi i prioritert rekkjefølgje skal
– ta i bruk eksisterande ressursar (“adopt”);
– tilpassa dei etter behov (“adapt”);
– og berre som siste utveg utvikla (“develop”) nye ressursar heilt frå botn av.

Prosjektet legg opp til brei involvering av flest mogleg relevante interessentar på feltet i heile prosjektperioden, men særleg i innspels- og uttestingsfasen av arbeidspakkane 2-4. Når desse arbeidspakkane er fullførte, planlegg vi eit avsluttande seminar der nettverket blir lansert og presentert for potensielle medlemsinstitusjonar.

Arbeidet undervegs i prosjektperioden og kommunikasjon og formidling i etterkant, vil foregå i konteksten av det allereie eksisterande nasjonale nettverket NO-RDA og koordinert med eksisterande formidlingskanalar som t.d. openscience.no.

UiT vil vera prosjekteigar på vegne av NO-RDA, og vil levera prosjektleiar, og saman med NTNU gjennomføra ein stor del av det løpande arbeidet. Styringsgruppa for NO-RDA vil fungera som styringsgruppe for prosjektet. Samarbeidsinstitusjonane vil bidra på prosjektaktivitetar, workshopar og utarbeiding og kvalitetssikring av leveransane.