Kortreist kunnskap i kombinasjonsbibliotek
Søknad
Rapporter
Mål
Dei fem kommunane i Vestland som har kombinerte folke- og skulebibliotek i vidaregåande skule, skal med utgangspunkt i breidda av dei samla ressursane på kvart bibliotek, utvikle betre tilbod og tenester til brukarar i lokalsamfunnet og til elevar og tilsette ved skulen.
Beskrivelse
Strategisk forankring
Nasjonal bibliotekstrategi oppfordrar til prosjekt innanfor nye samarbeidsformer og auka samarbeid mellom bibliotek og høgare utdanning om formidling, samt nye samarbeidsformer mellom skulebibliotek og folkebibliotek.
Prosjektet omfattar dei fem folkebiblioteka i Vestland som også er skulebibliotek for vidaregåande skule. I mange lokalsamfunn er den vidaregåande skule «høgare utdanning», og prosjektet skal utforske nye måtar å samarbeide på mellom folke- og skulebiblioteket for å synleggjere folkebiblioteka sitt innhald som opplysnings og danningsinstitusjonar for skulen og skulen sin kompetanse for folkebiblioteket sine brukarar.
Regionalt er prosjektet forankra i strategisk plan for utvikling av skulebiblioteka i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune, som fylkestinget vedtok igangsetting av i juni 2020. Planen skal m.a. sjå på samarbeid mellom skulebibliotek og kommunale bibliotek og potensialet for skulebiblioteket som arena for demokrati og danning. I kulturplanane for Hordaland og Sogn og Fjordane er det vekt på å utvikle aktiv formidling og folkebiblioteka som møteplassar og arena for danning og demokrati.
I arbeid med skulebibliotekstrategien har det kome fram eit tydleg skilje mellom bibliotek som er reine skulebibliotek og dei fem som er kombinerte folke- og skulebibliotek i vidaregåande skule. Det er: Hovudbiblioteka i Fitjar, Gloppen, Stadt, Stryn og det nyopna Åsane bibliotek i Bergen.
Prosjektet er organisert med fylkesbiblioteket som prosjektkoordinator. Biblioteksjefane i dei fem kombinasjonsbiblioteka har slutta seg til hovudmål og delmåla i prosjektet.
Delmål:
1. Det skal utviklast arrangement og tiltak for ulike målgrupper i folkebiblioteket med utgangspunkt i fagmiljøet på skulen
Samarbeid mellom skulen og biblioteket er i dag i hovudsak einvegs, dvs. at skulen nyttar folkebiblioteket sine ressursar, medan folkebiblioteket i mindre grad nyttar fagkompetansen på skulen. I prosjektet vil vi jobbe for at elevar og lærarar skal engasjerast for å formidle til og ha kontakt med folkebiblioteket sine målgrupper. Det kan vere undervisningspersonale som held populærvitskaplege foredrag eller elevar som ønskjer å formidle eller treng ein arena for å stille ut arbeider.
Folkebiblioteket skal hente fagressursar på skulen som kan visast fram for bygda gjennom arrangement på folkebiblioteket. På dei vidaregåande skulane er det mange lærarar som har spesifikk fagkompetanse, og gjerne spisskompetanse innan sitt felt, i t.d. kokkekunst, litteratur, biologi eller geografi. Desse kan halde populærvitenskaplege foredrag på folkebiblioteka for eit allment publikum.
Det skal etablerast gode samarbeidskanalar og ordningar for godtgjersle til lærarar som bidrar med fagkunnskap på arrangement i folkebiblioteket.
Elevar skal få tilbod om å praktisere t.d. barne- og ungdomsarbeid med førskulebarn som blir invitert til biblioteket. Sal- og service-elevar kan få praktisere sin kunnskap om marknadsføring på arrangement i folkebiblioteket. Elevar på elektro kan vere med på Makerspace. IKT-elevar kan lære eldre enkel bruk av data. Elevar som går på Design og handverk kan bruke biblioteket som utstillingslokale for sine arbeid. Utstillingar kan også lagast i samarbeid med/på oppdrag frå folkebiblioteket, for å formidle biblioteket sine litterære samlingar til allmenta.
Det skal etablerast gode samarbeid med dei einskilde avdelingane på skulen og bruk av elevar. Det skal arbeidast for at bruk av biblioteket til ulike føremål, kjem inn i skulen sine årsplanar.
2. Folkebiblioteket sine tenester og tilbod skal bli synleg for større grupper av elevar og tilsette på skulen. Målet er at det skal føre til auka bruk av biblioteket sine ressursar.
Biblioteka har unik tilgang på ei målgruppe som er vanskeleg å få inn i folkebiblioteket: Ungdom mellom 16 og 18 år. Folkebiblioteket har personalressursar og kompetanse i barne- og ungdomslitteratur som kan nyttast betre for å nå ungdommane.
Skulebiblioteket vert mykje nytta i samband med opplæring i norsk, informasjonskompetanse og kjeldekritikk. Mange lærarar er ikkje klar over kva tilbod som finst og nyttar ikkje biblioteket i undervisninga.
Gjennom prosjektet skal ein nå ikkje-brukarar blant elevar og tilsette på skulen. Dei som ikkje kjenner biblioteket skal få kunnskap om kva som finst av tenester og tilbod og ikkje minst, få lyst til å nytte dette.
Arbeid med dette delmålet skal tilpassast kvar einskild skule. Erfaringar skal drøftast i fagforum undervegs.
3. Etablere fagleg nettverk mellom bibliotek som er kombinerte folkebibliotek og skulebibliotek for vidaregåande skule
Det er 27 kombinerte folke- og skulebibliotek i vidaregåande skule i landet. Det er flest i Trøndelag med åtte, deretter kjem Vestland og Innlandet med fem kvar. Bibliotektilsette møtast faglege anten som folke eller- skulebibliotekarar. I prosjektet skal vi etablere eit fagforumet der skulebibliotekansvarleg/bibliotekleiar på kvart kombinasjonsbibliotek møtast. Tema på samlingane vil vere fagleg utveksling, ressurs- og erfaringsdeling, drøfting av idear, samarbeidsavtalar, opplegg for besøk i 1.klasse osb.
I prosjektperioden er fagforum prosjektgruppe. Gruppa vil ta stilling til om det skal takast initiativ til å etablere eit fagforum for tilsvarande kombinasjonsbiblioteka i heile landet. Det vil bli delt erfaringar frå prosjektet gjennom rapportering og innlegg på faglege konferansar og møte.
Langsiktig effekt av prosjektet
– Det er utvikla varig endring av praksis.
– Biblioteket har auka utlån av faglitteratur, barne- og ungdomslitteratur.
– Skulen har auka eigarskap til folkebiblioteket og fått sterkare tilknyting til lokalmiljøet.
– Kunnskap om folkebiblioteket er auka på skulen.
– Samarbeid mellom skule og folkebibliotek har auka og blitt betre.
– Det er etablert nye samarbeidsstrukturar mellom skule- og folkebibliotek.
– Det er etablert fast fagforum for samarbeid og erfaringsutveksling mellom dei fem kombinasjonsbiblioteka med vgs.
– Eit nasjonalt fagforum for denne bibliotektypen har blitt vurdert.