Kassert,ikkje kasta. Redesign av bøker

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Øygarden bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Mangfold og inkludering, Nye formidlingsmetoder, Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:70 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2017, 2018, 2019, 2020

Søknad

Mål

Mål for prosjektet er å spreia og dela kunnskap om papiret og boka, om historie, prosessar og handverk. Prosjektet skal få oss til å sjå nærare på kreative prosessar rundt gjenbruk av papir og bøker, t.d. bokbinding basert på papir frå gamle bøker, collagekunst, papirklip, origami, papirskulpturar m.m. Vi ønskjer å nå ut til to målgrupper. For det første dei som er interesserte i boka som form og medium i eit historisk perspektiv og prosessar knytt til bok- og papirproduksjon. Og for det andre dei som er glade i kunsthandverk og i å skapa noko med hendene sine.

Beskrivelse

Kassering av bøker frå biblioteka er blir ofte assosiert med noko negativt, både blant folk flest og i media. Dette prosjektet skal setja fokus på gjenbruk og redesign av kasserte bøker og på papir og bok som utgangspunkt for kreative hobby- og kunst og handverksprosjekt. Vi tenkjer at deltakarane kan sjå på dette prosjektet som ein prosess dei går gjennom for å få praktisk og teoretisk kjennskap til ulike sider ved boka og papiret. I tillegg ønskjer vi at prosjektet skal setja fokus på gjenbruk og redesign av bøker og utfordra deltakarane sine kreative sanser og evnar.

Prosjektet skal bestå av fire delar
1. Føredrag om ulike sider av bok- og papirhistorie og prosessar knytt til produksjon av bøker
2. Ulike kurs knytt opp til gjenbruk av bøker
– bokbinding
– redesign bøker
– lag ditt eige papir
– digital gjenbruk av analogt materiale
3. Opne verkstader med veiledning
4. Utstillingar av resultat frå kursa og verkstader

Vi har allereie hatt eit fullteikna bokbindingskurs hjå oss, og fleire verkstader som det har vore stor interesse for, så vi veit at dette er noko som engasjerer folk. Med dette prosjektet ønskjer vi å binde dei einskilde kursa og verkstadane saman til eit heile som gjev ei meining ved m.a. å setja det inn i eit historisk og kunsthandverksfagleg perspektiv. Vi har ein tilsett med bakgrunn som grafikar og grafisk designer som vi tenkjer skal ha ei rolle i prosjektet. Å knytta prosjektet opp mot biblioteket sine eigne kasserte bøker, trur vi kan skapa eit positivt engasjement blant både dei tilsette og brukarane av biblioteket.

Vi tenkjer å gå i dialog med «Kode»-Kunstmuséene i Bergen, om fagleg bistand i høve utvikling av føredrag knytt til papirhistorie/papirkunst/bokkunst. Vi har ved fleire høve nytta formidlarar frå Kode knytt til andre arrangement. Vi ønskjer også å samarbeide med Sotra Husflidslag om planlegging av praktiske kurs og verkstader. Vi har ikkje skrive inn desse som formelle samarbeidspartar, sidan vi enno ikkje har hatt dialogen med dei, men basert på tidlegare samarbeid, ser vi at dette er noko som er realistisk å få gjennomført.

Vi tenkjer at nokre av kursa skal vera spesielt retta mot innvandrarar gjennom språkkaféen vi har kvar veke. Vi ser at når det er praktisk innhald på desse kaféane, er interessen stor, både blant innvandrarar og dei norske frivillige. Vi vonar også å dra ut døme på papirarbeid frå ulike land, frå deltakarar på kaféen, og nytta desse på kurs og verkstader undervegs. Kanskje kan vi også knytta til oss ressurspersonar frå denne gruppa, til å delta som rettleiarar på dei opne verkstadene.

Kassering er eit kontinuerleg prosjekt i alle bibliotek. Dersom dette gjenbruksprosjektet blir vellukka, ser vi for oss at tiltaka i prosjektet blir permanente og ein fast del av biblioteket sitt tilbod. Vi vil leggja ut informasjon om prosjektet generelt, aktivitetar i prosjektet, og resultat frå kurs og verkstader, på vår nettside og Facebookside etterkvart som prosjektet skrid fram. Vi vil også produsera ei digital idébank, med visuelt fokus, undervegs i prosjektet. Idébanken skal innehalda tips og idéar til bruk for andre bibliotek. I tillegg vil vi aktivt legga ut bilete på vår Instagramkonto. Vi vil også oppretta ein firmaprofil på Pinterest for å promotera aktivitetane i prosjektet og resultata av desse. Pinterest seier sjølv at dei er den eineste kanalen som indikerer kunden sin ambisjon – Kva er det ho har lyst til å gjera, lesa om og bli inspirert av? Pinterest er ein enorm utstillingsarena for hobby og handverksprosjekt og vi meiner at det kan vera ein av dei beste kanalane for å formidla denne typen prosjekt ut til store gruppar.

Målgruppe for prosjektet er ungdom og vaksne både dei med etnisk norsk og dei med innvandrarbakgrunn. Vi ønskjer at prosjektet skal vera ein integreringsarena for både nordmenn og innvandrarar, for som ein klok mann (Ragnar Audunsson) ein gong sa «…integreringspolitikken (må) rette seg like mye mot dem som gjerne omtales som etnisk norske som mot innvandrerne. Å integrere alle som bor i Norge i det flerkulturelle samfunnet – det må være utgangspunkt for å utforme bibliotekenes rolle som arenaer for integrasjon» (Bok og bibliotek nr. 4, 2006)