FriBib – Felles møteplass

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vang bibliotek
Prosjektkategori:Forprosjekt
Samlet støtte:60 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2014

Søknad

Rapporter

Andre filressurser

Mål

-Å få til ein godt fungerande felles møteplass i bibliotek og frivilligsentral (FriBib) – i Vang kommune
-Å lage eit rom som tek vare på brukaranes behov av båe tenestene
-Å utvikle eit bibliotekrom for framtida

Beskrivelse

Om Frbib:
Vang er ein grisgrendt kommune i Valdres med omlag 1650 innbyggarar. Her finns eit bibliotek, men ingen filialar.

I 2012 vedtok kommunestyret å opprette ein frivilligsentral. Biblioteket ønska seg og fekk frivilligsentralen inn i lokala sine. Lokala vart noko ombygd. Kommunen løyde pengar til automatisk utlånsautomat og kontrollportar og me fekk kortsystem for inngangsdør. Opningstida til frivilligsentralen er 8 timar pr uke utanom vanleg opningstid i biblioteket. Biblioteket er sjølvbetent når lokala er opne.
FriBib ligg i same hus som legekontor, helsestasjon og NAV. Det er to likestilte kommunale tenester som samarbeider om aktivitetar og bruk av same rom. Båe er under kultursjefen. Tilsaman 2,36 stilling.

I dag har me ved sia av tradisjonelle bibliotektenester bl.anna debattar, kunstutstillingar, bokkvelder, leksehjelp, filmkveldar, dataspel, karriererettleing, informasjonsmøte for asylmottak, fleirkulturelle treff, møterom for lokallag, klassebesøk, ulike verkstader og ikkje minst er me «ein stad å vere».

FriBib har ein felles visjon om å vere ein møteplass med låg dørstokk i kommunen.

Bruk av romma – utfordringar:

Me ønsker: Å behalde ein roleg, open og venleg stemning, aktivitetar, utnytte rommet best mogleg, vere ei storstove i lokalsamfunnet, samstundes som biblioteket skal fylle sitt samfunnsoppdrag som eit moderne informasjons-, kunnskaps- og kultursenter.

FriBib ønsker hjelp til
-å analysere behov, med fokus på brukermedverknad
-utforming av lokala
-framtidsretta digitale løysingar i lokalet

Så snart me veit om prosjektet får løyvingar, vil me sette opp ein meir detaljert framdriftsplan.

Me vil samle inn informasjon om og erfaringar frå avslutta og pågåande prosjekt støtta av Nasjonalbiblioteket:
Til dømes: «Bibliotekrom i Troms». Bruk av arkitekt Mette Milling. «Innbydende bibliotekrom», Bruk av arkitekt Anne Cecilie Hopstock, «På vei mot praksisfellskap» Verktøy for å redusere og effektivisere rutinearbeid og spisse samlinga. Og ikkje minst
prosjektet «Det nye Deichman» når det gjeld digitale løysingar. Dette for å sjå kva vi kan tilpasse lokalt.

Frvilligsentral og bibliotek må saman lage ei prioritert liste over kva vi tenker å bruke det felles rommet til.
Me vil lage ei brukarundersøking for både frvilligsentral og bibliotek.
Me vil dra på studietur til ein plass med erfaring frå samlokalisering og samarbeid som FriBib.
Me vil engasjere arkitekt, rådgjevar frå fylkesbiblioteket og IKT Valdres.
For så endeleg å samanfatte informasjon, innspel og analyser til ein søknad om prosjektmidler for å gjennomføring av prosjektet i 2015.