FriBib – Felles møteplass

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vang bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som møteplass
Samlet støtte:150 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2015, 2016

Søknad

Mål

– Lage ein godt fungerande felles møteplass i bibliotek og frivilligsentral (FriBib) – i Vang kommune
– Å lage eit rom som tek vare på brukaranes behov av båe tenestene
– Å utvikle eit bibliotekrom for framtida

Beskrivelse

Vang folkebibliotek fikk støtte til forprosjektet: Fribib – felles møteplass (Ref#de0ef446)
for 2014. Vi søker no om støtte til å gjennomføre planane som har laga for å utvikle
denne felles sosiale møteplassen.

I forprosjektet søkte vi om hjelp til:
– Analysere behov, med fokus på brukarmedverknad.
– Utforming av lokala.
– Framtidsretta digitale løysningar

Utifrå kunnskapen og undersøkingane vi har gjort i forprosjketet som skal avsluttas i haust, søker vi om støtte til sette ideane våre ut i livet og finne fram til ein felles løysing for bruk av dei felles romma.

Interiørarkitekt Mette Milling held eit to dagars seminar i august kor brukarar, kommunetilsette og andre bibliotek i regionen var med fyrste dagen. Andre dagen arbeide dei tilsette på bibliotek og frivilligsentral fram ein førebels plan for endring av rommet. Kostnad for nytt eller endring av interiør av er lagt fram for kommunen, som har sagt seg villige til å koste det meste av dette. Vi søker NB om pengar til arbeidet med å velje og skaffe dette inventaret.

I forprosjektet har vi vært på studietur til «Nye Deichman». Det ga oss visjonar om blant anna framtidsretta digitale løysningar i rommet. Med bakgrunn i dette og analyse av behov, ønskjer vi å lage eit podium i biblioteket kor vi kan ha aktuelle utstillingar, opne samtaler, monologar osb. som kan skape engasjement og debatt. Vi vil bruke ein projektor som skal gje informasjon, oppleving på ulike måtar på ein vegg i bakgrunn. Vi treng opplæring og røynsle i bruk av dette verktøyet for formidling
Vi ønskjer og å lage ein «dynamisk bokhylle» – 6 m lang til formidling av media. Den skal vere fleksibelt og funksjonelt forma, slik at ein enkelt kan endre henne. Hylla skal vere ei hylling til boka og litteraturen. Den skal den vere vakker og den må spesiallagast. Til desse to installasjonane søker vi om penger.
Under forprosjektet har vi funne ut at ein viktig del av korleis eit felles rom kan og bør brukas til ulike funksjoner. Då er det snakk om lyssetting og akustikk og lydbilete. Dette som eit neste steg, om eit år, grunna kommunale løyvingar og arbeidsmeng. Difor har vi sett opp prosjektperioden til to år.

Kritiske suksessfaktorar.
Vang folkebibliotek og Vang frivillig sentral har hatt ein sterk auke i besøk og eit svært høgt aktivitetsnivå dei to siste åra. I fjor hadde vi det høgst besøk i Oppland med 11,9 besøk pr. innbygger. Vi samarbeider godt, men det vert og eit meirarbeid med å drifte romma/ta ansvar for romma/vere sosialt deltakande, som vi no ikkje har klart å løyse. Dette må vi løyse med utforming av romma, men og med at vi finn ut gjennom diskusjon og utforsking kva rolle og oppdrag vi har som frivilligsentral og bibliotek og korleis vi skal samarbeide reint praktisk.
Vi søker NB om pengar for å frigjere tid til denne prosessen, som vi ser som heilt naudsynt for å fungere best mogleg for bygdas innbyggarar.