Fortida for framtida

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Høyanger bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som læringsarena, Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:125 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2015, 2016

Søknad

Mål

Hovedmålet med prosjektet er å ta vare på historia vår for framtida. Biblioteket skal være ein digital og teknisk ressurs for biblioteka i vår region gjennom å digitalisere og bevare ikkje-digitale kulturminner. Vi ynskjer å være eit digitalt senter der lånarar og bibliotekbrukarar kan få opplæring i, og hjelp til å bevare gamle kulturminner som ei sentral bibliotekteneste.

Beskrivelse

Gjennom prosjektet ynskjer vi og utvikle biblioteket som ein digital læringsarena og utvikle nye digitale bibliotektenester i Sogn og Fjordane.

Prosjektet er inspirert av det finske biblioteket «Meetingpoint» i Helsinki, Finland, og Høyanger Historielag si facebook-gruppe:
*Biblioteket i Helsinki har ikkje ei boksamling. Målet med biblioteket er å gje innbyggjarane praktiske råd og støtte i bruk av it-utstyr og i det å leve i eit informasjonssamfunn i samarbeid med andre offentlege og private institusjonar.
*Høyanger Historielag oppretta i 2012 ei facebookgruppe for å dele historiske foto og skape interesesse for lokalhistorie. Gruppa er ein stor suksess med over 1100 medlemmer i alderen 15 – 90 år. Det viktigaste suksessen ligg i talet på godt vaksne brukarar av gruppa. Ynskje om å få delta i diskusjonane og sjå bileta har auka den digitale kompetansen i befolkninga. Ein kompetanse som er grunnleggjande i vårt digitale informasjonssamfunn.

Tenesteutvikling og læringsarena:
Høyanger Bibliotek er eit tradisjonelt mellomstort folkebibliotek i Sogn og Fjordane med 450 m2 og ei stor boksamling som biblioteket er i ferd med å redusere. Målet med prosjektet er å halvere boksamlinga og gjere biblioteket meir brukarvennleg og skape større moglegheiter for endringar i bruken av lokalet. Vi ynskjer gjennom prosjektet å bygge opp ein digital/teknisk avdeling der alt materiale og møblar er utstyrt med hjul og kan brukast etter behov og tenester i heile biblioteket.
Biblioteket skal utvikle tenester der ein tilbyr innbyggjarane i kommunen og andre bibliotek hjelp til digitalisering av historisk materiale. Arbeidet med å utvikle tenesta vil være eit samarbeid med den lokale bedrifta «Gang Interaktiv» – ei lokal konsulentbedrift i Høyanger.
Dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane har starta arbeidet med å registrere kulturminner og utarbeide kulturminneplanar innan utgangen av 2015. Vi ser eit aukande behov for god og rask digitalisering av ulike kulturminner. Dette gjeld gamle VHS-kassettar, hefter, foto, lydopptak, enkle intervju og liknande materiale.
Prosjektet har som mål å gjere digitaliseringstenester tilgjengeleg for andre bibliotek i regionen vår. Målet med det teknnologiske utstyret er at dei tilsette skal fungere som instruktørar og tilretteleggarar for bruk av utstyret. Dette vil auke den digitale kompetansen til innbyggjarane samstundes som ein gjer ei viktig digitaliseringsoppgåve.
Høyanger Historielag har eit stort kontaktnett og mange aktive medlemmer. Eit godt samarbeid med laget om bruk og marknadsføring av den digitale avdelinga ved biblioteket.