Folkebiblioteket og skulane: Nye samarbeidsformer i ein liten/mellomstor samanslått kommune

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Midt-Telemark bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:400 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021, 2022, 2023

Søknad

Rapporter

Mål

Folkebiblioteket og skulane i Midt-Telemark kommune skal etter endt prosjektperiode ha funne ein måte å samarbeide på som styrkar folkebiblioteket sitt arbeid knytt til barn og unge, og som sikrar eit likare skulebibliotektilbod til elevane uavhengig av kva skule dei går på.
Tilsette i folkebibliotek og skule skal ha fått meir kunnskap om, og forståing av, kvarandre sine fagfelt.
Både folke- og skulebibliotek skal ha fått styrka sin posisjon i kommunen sine planar.
Mediesamlingane blir utnytta optimalt.
Det blir oppretta ei stilling som skule og bibliotek-koordinator på folkebiblioteket.

Beskrivelse

Bakgrunn:
1. januar 2020 slo Bø og Sauherad kommunar seg saman til Midt-Telemark kommune. Den nye kommunen har i overkant av 10 000 innbyggjarar. Folkebiblioteket i Sauherad var eit kombinasjonsbibliotek som låg på skulen, men det er no lagt ned, og skulen har fått nye lokale. Denne delen av kommunen har ikkje lenger ein folkebibliotekfilial, og med felles folkebibliotek plassert i Bø må vi lage nye strukturar for bibliotekdrifta i den nye kommunen. Folkebiblioteket har 2,8 årsverk.

Det går om lag 1200 elevar på barne- og ungdomsskulane i Midt-Telemark. Elevane tilhøyrer fire grunnskular, som har store ulikheiter når det gjeld mediesamling og ressursar på skulebiblioteka. Skulane har i hovudsak lærarar som skulebibliotekansvarlege, i høvesvis 5, 10, 15 og 20% stillingar.

Det har ikkje vore fokus på å utvikle eit strategisk samarbeid mellom folke- og skulebibliotek, eller mellom folkebibliotek og skule, i dei to tidlegare kommunane.

Prosjektet:
I Nasjonal Bibliotekstrategi 2020-2023, «Rom for demokrati og dannelse», heiter det at «skolen og bibliotekene har et felles samfunnsoppdrag blant annet når det gjelder kunnskapsformidling, informasjonskompetanse, lesing og leseglede». Skulen og biblioteket deler også verdiar i høve til demokrati og ytringsfridom, likeverd og ein tanke om å bidra til sosial utjamning.

Folkebiblioteket ønskjer å bidra til eit betre og meir likeverdig bibliotektilbod til elevane, samt ei profesjonalisering av fagområdet skulebibliotek. Vi ønskjer også å utvikle eit godt samarbeid med lærarane som sikrar at vi utfyller kvarandre i arbeidet for å gje det beste til elevane. Det er lagt vekt på samhandling på tvers av sektorar i utviklinga av ny kommune, og i desember vedtok kommunen at det skal arbeidast for betre resultat på nasjonale prøver gjennom lesing i alle fag, auka forståing og refleksjon. Her er det naturleg å sjå på eit meir omfattande og forpliktande samarbeid mellom skule og folkebibliotek enn kva det er i dag.

På grunn av trong kommuneøkonomi er det lite midlar til innkjøp av nye medium til skulebiblioteka. Vi ønskjer å finne måtar som maksimerer utbyttet av eksemplar både på folkebiblioteket og alle skulebiblioteka. Eit døme kan vere ei boksamling som ambulerer på dei ulike skulebiblioteka. Eit anna døme at alle eksemplar frå Kulturfond er på ein skule om gongen, med rullering, for på den måten å finne ut om fleire eksemplar på same bibliotek vil auke interessa. Skulebiblioteka har same leverandør av biblioteksystem som folkebiblioteket, og det vil vere aktuelt å sjå på mogelegheiter som kan ligge i dette.

Midt-Telemark kommune har prosentvis fleire barn som veks opp i familiar med låg inntekt enn elles i landet. Befolkninga er samansett, og elevar med framandspråkleg bakgrunn utgjer ein del av dette bildet. Kommunen arbeider for utjamning av sosial ulikskap i alle kommunale tenester, og ser utdanning som eit av dei viktigaste folkehelsetiltaka. Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring er eit uttalt mål.

For mange barn og unge i Midt-Telemark er skulen den viktigaste tilgangen til bøker og lesing. Mange elevar besøker aldri folkebiblioteket. Vi har som mål å nå ut til desse elevane i større grad enn i dag. Dette kan vi få til ved å bruke av folkebiblioteket sine ressursar, både når det gjeld medietilbod og kompetanse, der alle barn og unge er – i skulen. Slik kan folkebiblioteket i større grad oppfylle samfunnsoppdraget i høve til barn og unge, og på den måten vere med på å gje fleire elevar i Midt-Telemark kommune eit betre utgangspunkt.

Vi har i fleire år sett eit behov for, og potensiale i, eit tettare samarbeid med skulane, og nå er tida mogen for å sette i gang eit prosjekt. Kommunesamanslåinga pregar framleis drifta, men det er nå planar lagast. Mellom anna startar arbeidet med kulturstrategi i mars i år. Frå før har vi Kommunedelplan for kultur i Bø kommune og kommuneplanens samfunnsdel for Midt-Telemark. Alle planane er tilgjengelege her: https://midt-telemark.kommune.no/finn-tjeneste/kultur-og-fritid/kulturkontoret/planer/. Dei legg vekt på å utvikle nye samarbeid på tvers av sektorar, og noverande kommunalsjef for oppvekst er svært interessert i vårt prosjekt. Utgreiingsrapporten til Skoletjenesten, Deichman som kom i januar 2021, er også eit relevant dokument, som omfattar mykje av det vi ser for oss å arbeide mot.

Vi ønskjer å opprette ei prosjektstilling som skule og bibliotek-koordinator som skal ha ansvar for å utvikle samarbeidet med skulane og skulebiblioteka. Den som er tiltenkt koordinatorstillinga har arbeidd 20 år i skulen i Midt-Telemark og er i tillegg under bibliotek- og skulebibliotekarutdanning. Personen jobbar og 10% i vikariat på eit skulebibliotek. Dette kan gjere vegen til samarbeid mellom bibliotek og skule kortare. Koordinatoren vil ha arbeidsplass på folkebiblioteket.

Framdriftsplan:
Prosjektet er tenkt å gå over to år, med oppstart i mai 2020.

Det fyrste halve året:
Oppstart av prosjektgruppe (representantar frå alle skulane, skulebibliotekansvarlege, oppvekstsjef, prosjektleiar, biblioteksjef).
Kartlegge situasjon og behov ved dei ulike skulane (med særleg fokus på fagfornyelsen).
Undersøke korleis folkebibliotek samarbeider med skulebibliotek i samanliknbare kommunar
Finne ut kva vi ønskjer å måle effekt av, og korleis.
Arbeide fram ein plan for skulebiblioteka (for å kunne søke Udir om midlar til å utvikle arbeidet på skulebiblioteka).

Andre halvår vil vi ha fokus på utvikling av tiltak og opplegg saman med ressurspersonar frå skule og folkebibliotek, og rapportskriving for fyrste prosjektår.

Tredje og fjerde halvår vil bli brukt til utprøving av tiltak, eventuelle endringar, dokumentering av effekt, samt rapportskriving.

Etter prosjektperioden:
Resultata frå prosjektet vil legge grunnlaget for korleis det vidare samarbeidet mellom skule og folkebibliotek skal foregå. Når roller og ansvarsområde er avklart, må samarbeidet forankrast i planar og dokument. Vi har fått signal om at prosjektleiar kan arbeide vidare som skulebibliotekkoordinator etter endt prosjektperiode. Vi har tru på at den samarbeidsmodellen vi kjem fram til gjennom prosjektet også kan vere aktuell for andre kommunar.

Nyheitsverdi:
I mange små og mellomstore kommunar er det eit skarpt skilje mellom drifta i folkebibliotek og skulebibliotek. Dei høyrer ofte til to ulike budsjettområde, og mediesamlingane er relativt fastbundne. Den som har ansvaret for skulebiblioteket er ofte ein lærar tilsett på skulen, med lite tid til å utvikle og halde ved like fagkunnskapen som er ønskjeleg. Det er ofte stor skilnad på tilboda, når det er opp til kvar enkelt skule å finansiere drifta.

Vi håper dette prosjektet kjem fram til effektive, ressurssparande og fleksible løysingar som lett kan implementerast i andre kommunar som ønskjer å prøve ut nye modellar for drift og samarbeid.