Flytande fellesskap
Søknad
Mål
• Etablera og vidareutvikla fleire konkrete og varige samarbeidsformer mellom biblioteket og dei andre samlokaliserte aktørane (både private, offentlege og frivillige) i samband med flytting av biblioteket. Samarbeidet skal resultera i regelmessige felles aktivitetar og tilbod som engasjerer ulike delar av lokalsamfunnet.
• Å skape ein fleksibel samarbeidsmodell som gjer det mogleg for biblioteket og dei samlokaliserte aktørane å stadig tilpassa og utvikla nye felles aktivitetar basert på innspel frå brukarar og endringar i lokalsamfunnets behov, for å sikre ein relevant møteplass over tid.
Beskrivelse
Prosjektet går ut på å flytte biblioteket til kulturhuset for å samlokalisera det med turistinformasjon, kafé, villakssenter og kunstmuseum. Formålet er å finne gode samarbeidsformer for å kunne skapa eit naturleg samlingspunkt for både innbyggjarar og besøkjande. Møteplassen skal vera dynamisk og flytande, den skal vera tilpassingsdyktig og i kontinuerleg utvikling med utgangspunkt i det aktive samarbeidet mellom dei ulike partane.
Om prosjektet
Lærdal folkebibliotek gjennomførte i 2019-2021 prosjektet Biblioteket i sentrum med midlar frå Nasjonalbiblioteket. Her la me grunnlaget for kva innhald og tenester biblioteket skulle ha for å dekka behova i lokalmiljøet. Målet den gong var å flytte biblioteket til sentrum i løpet av prosjektperioden, men fyrst i 2025 er det endeleg vedtatt ny plassering av biblioteket.
Mykje av det me fekk ut av det førre prosjektet blir med oss vidare. Me har definert funksjonar og soner for biblioteket og har jobba med å aktualisere biblioteket i lokalsamfunnet. No skal me i gang med å sjå på det fysiske lokalet og korleis bibliotektenestene me skal tilby skal få plass der. Lokalet me skal inn i er mindre enn det me har i dag, og me skal også dela det med fleire. For at det skal bli eit vellukka sambuarskap, må me starta med korleis me skal arbeida i lag og kva rollar dei ulike aktørane skal ha i bygget. Me må finna felles mål og felles retning. I tillegg vil me finna fellesnemnarar og utnytta kvarandre sine kvalitetar. Difor er det viktig med ein god prosess for å finna ein retning saman. I det førre prosjektet hadde me ei større satsing på berekraft og møtestad, og dette er også sentralt i dette prosjektet.
I det førre prosjektet hadde me god erfaring med bruk av samskapingsteknikkar gjennom tenestedesign og brukarinvolvering. Dette vil me trekke inn i enno større grad no. Ny plassering av biblioteket har skapt eit enormt engasjement i Lærdal og vart den mest omtalte politiske saka i nyare tid. Sjølv om plasseringa splitta både politiske parti og innbyggarane, er målet vårt no å laga eit bibliotek som heile kommunen kan vera stolte av.
Sjølv om engasjementet kring biblioteket var stort, opplevde me at mange ikkje brukte tenestene våre eller kjente til kva me kunne tilby. Me vil difor arbeida meir med å bygga fellesskap for å styrka demokratiet og deltakinga. Innbyggjarane i Lærdal har laga seg store forventningar til nytt bibliotek, men kva forventar dei eigentleg? Korleis kan me som skal jobba med prosjektet møta desse? Og korleis vil desse forventningane påverka dei tenestene me skal tilby? Me er heilt avhengige av brukarmedverknad for å imøtegå desse spørsmåla.
Samarbeidspartar
I tillegg til at me skal imøtekomma innbyggjarane sine forventningar og håp om å skapa ein god møtestad i kommunen, skal me også gjere dette saman med andre. I bygget me skal inn i finn me fleire kommunale tenester i tillegg til private tenester. Sogn kunstsenter, Lærdal kino og kultursal, Nasjonalt villakssenter, FUS Lærdal, Laksen kafé og bakeri og turistinformasjonen blir alle dei nye sambuarane våre.
– Sogn kunstsenter er eit kommunalt museum som formidlar og tek vare på kunstgåva kommunen fekk av Lærdalskunstnaren Hans Gjesme. Museet blir drifta i samarbeid med Musea i Sogn og fjordane som har det kunstfaglege ansvaret.
– Lærdal kino og kultursal ligg under kulturavdelinga i kommunen. Kultursalen vert brukt til både konsertar, teater, føredrag og seminar i tillegg til øvingslokale for kulturskulen og frivillige lag og organisasjonar. Lærdal kino er ein kommunalt driven kino med ein til to kinovisningar i veka.
– Nasjonalt villakssenter er ei nasjonal stifting som har ei nyopna utstilling kring villaks, klima og miljø.
– FUS Lærdal er eit kontorfellesskap som leiger ut kontorplassar og er drifta av eigedomsselskapet og Sogn Næring.
– Laksen kafé og bakeri og turistinformasjonen blir drifta av reiselivsselskapet Norways’ best. Dei har planar om heilårsdrift og vil bidra til å skapa ein møtestad i kommunen gjennom heile året. Dei blir den viktigaste samarbeidsparten vår saman med kulturavdelinga i kommunen.
Me vil også trekke inn brukarane og då særleg lag og organisasjonar. Fleire av desse brukar allereie biblioteket sine fasilitetar i dag til sine aktivitetar, og me må finne ut kva behov dei har i dei nye lokala våre. Me vil også sjå på korleis me kan utvida samarbeidet med desse i lag med dei andre aktørane i bygget.
Mikrourbanisering og samfunnsutvikling
Som eit ledd i prosjektet vil me sjå på rolla til kulturhuset og korleis dette bygget saman med alle aktørane kan få til eit godt samarbeid og gjere bygget til ein stadig aktuell møtestad. Me vil sjå på faktorar som mikrourbanisering og korleis bygget kan bidra i samfunnsutviklinga i kommunen. Me vil utnytta dei kvalitetane som ligg i å vera samlokalisert for å skapa eit pulserande bygg i eit elles stille sentrum, særleg i vinterhalvåret. Me vil kople oss på pågåande prosjekt i kommunen som ser på samfunnsutvikling og sentrumsattraktivitet.
Metode og verktøy
Me har tidlegare brukt element frå tenestedesign og har lyst å utvida dette no. Det skal i stor grad vere fokus på opplevingar og heilskap frå brukaren sitt perspektiv.
• Brukarmedverknad: Involvera og undersøke brukarane sine behov og forventningar gjennom ulike teknikkar og metodar. Sjå på korleis me kan imøtegå desse på best mogeleg vis.
• Samarbeid: Etablere faste samarbeidsfora med dei andre aktørane i kulturhuset, for å utvikle felles arrangement og tilbod, og slik få ein heilskap i huset. Me vil også sjå på metodar for å involvere brukarane i dette arbeidet.
• Aktivitetar: Utvikle eit variert og engasjerande arrangementstilbod, med fokus på lokale tema og aktuelle samfunnsspørsmål der me spelar på dei ulike aktørane sine kvalitetar og kompetanse.
• Profilering: Utvikle ein tydeleg og attraktiv profil for bygget, og utarbeida ein felles plan for bruk av profilen.
• Det fysiske rommet: Skapa eit innbydande og fleksibelt kulturhus og bibliotek, som legg til rette for variert bruk.
Evaluering og overføringsverdi
Me vil evaluera samarbeidet og framdrifta undervegs, både gjennom evaluering av møter og resultat frå ulike aktivitetar. Me legg opp til ein testperiode og eit demo/pilot-bibliotek sommaren 2026, før me ferdigstiller det endelege biblioteket hausten 2026. På denne måten får me også evaluert testinga i sluttfasen av prosjektet.
I prosjektet skal me finna ein modell for korleis me kan samarbeida på tvers både som offentleg og privat aktør og korleis me kan involvera frivillige i arbeidet vårt. Å bygga slike samarbeid og skapa ein dynamisk møtestad saman i ein liten tettstad har stor overføringsverdi for andre små bibliotek eller for bibliotek som skal flytta inn saman med andre aktørar.
Det vil også vera relevant å sjå korleis biblioteket som organisasjon kan samarbeida med eit heilkommersielt selskap. Korleis vil denne kombinasjonen fungere og vil me få til eit godt samarbeid som ikkje går på kostnad av dei oppgåvene me er pålagde å utføra?