Er det ingen dikt om flyndre i den boka?

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Gloppen bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:200 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2018, 2019, 2020, 2021

Søknad

Rapporter

Mål

Gloppen folkebibliotek ynskjer å vidareutvikle tilbodet med bibliotektimar for dei yngste elevane i grunnskulen. Vi vil tilby bibliotekbesøk som er meir pedagogisk tilrettelagt og som kombinerer litteraturformidling med læring. Prosjektet er tett knytt opp mot kompetansemåla i norsk, og understrekar biblioteket sin funksjon som stad for læring.

Beskrivelse

Er det ingen dikt om flyndre i den boka?
-nye bibliotektenester til dei yngste i skulen

Bakgrunn:

Gloppen folkebibliotek var som ein av fem kommunar med i det no avslutta prosjektet «Lesarhistoria – ny veg til lesaren». Prosjektet ga oss eit høve til å arbeide tett på ei skuleklasse gjennom 2 år. Bibliotekaren og læraren utvikla eit undervisningsopplegg for den aktuelle klassa. Prosjektet var så vellukka at det har gitt oss lyst til å utvikle det vidare, og samtidig kunne tilby det til alle grunnskulane i Gloppen kommune. Vi ynskjer og å skaffe oss erfaringar og kunnskap om ein metode som også kan nyttast av andre.

Tidlegare hadde vi ei oppleving av at samarbeidet mellom bibliotek og skule var litt tilfeldig. Det var gjerne enkelte lærarar som såg verdien av å nytte biblioteket i undervisninga. Gjennom å knytte besøk i biblioteket opp mot læringsmåla i norsk for grunnskulen, vonar vi å utvikle og tydeliggjere biblioteket som læringsarena, også for dei aller yngste i skulen.

Tittelen på prosjektet er henta frå eit bibliotekbesøk. Ein elev undra seg over at forfattaren har skrive ei diktbok om dyr i havet – og gløymt å ta med flyndra. Elevane engasjerer seg i bøkene og innhaldet, og har store forventningar til det lærar og bibliotekar presenterer for dei.

Vi ynskjer å utvikle dei tradisjonelle klassebesøka i biblioteket til å bli meir enn bokprat ved at den formidlande bibliotekaren møter elevane på nye måtar. Tilbodet skal vere forankra i Utdanningsdirektoratet sine kompetansemål for norskfaget, og vil m.a. gi elevane kunnskap om ulike litterære sjangrar. Det er og eit poeng at elevane skal delta aktivt både munnleg og skriftleg i besøka.

Eit slikt tilbod vil vere i tråd med den nye rolla til folkebiblioteket om å vere ein læringsarena og ein plass for offentlig samtale og debatt, og vi trur at ein ekstra innsats mot denne aldersgruppa vil vere med på å skape tryggare og meir bevisste bibliotekbrukarar gjennom heile skuleløpet.

Forankring:

Tilbodet frå folkebiblioteket til grunnskulane skal vere forankra i Utdanningsdirektoratet sine kompetansemål for norskfaget.

Sitat frå kompetansemåla:

Muntlig kommunikasjon – Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
• lytte til tekster på bokmål og nynorsk og samtale om dem
• uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegning, sang og andre estetiske uttrykk

Skriftlig kommunikasjon – Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
• arbeide kreativt med tegning og skriving i forbindelse med lesing

Språk, litteratur og kultur – Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
• samtale om hvordan ord og bilde virker sammen i bildebøker og andre bildemedier
• samtale om innhold og form i eldre og nyere sanger, regler og dikt
• samtale om personer og handling i eventyr og fortellinger
• finne skjønnlitteratur og sakprosa på biblioteket til egen lesing
(https://www.udir.no/kl06/NOR1-05/Hele/Kompetansemaal/kompetansemal-etter-2.-arstrinn)

Utdraget frå Utdanningsdirektoratet viser at kompetansemåla handlar om å vise fram den store breidda av litteratur, sjangrar og uttrykksformer. I tillegg er det ein tydelig intensjon om at eleven skal vere aktiv part, ikkje berre ein passiv tilhøyrar.

Vi trur at eit meir utvikla tilbod med større fokus på eleven vil gjere bibliotekbesøket både relevant og direkte matnyttig for lærarane i skulen, og det vil gi den enkelte elev eit større utbytte av bibliotekbesøket. Besøka skal vere eit supplement til skulen si undervising, og ikkje berre ein «kosetime». Gjennom prosjektet skal elevane få undre seg over, reflektere over, snakke og skrive om litteratur. I tillegg inneheld prosjektet bokbad der elevar formidlar bøker til andre elevar, og der dei er aktive deltakarar i forfattarmøtet.

Gloppen kommune er med i regjeringa si satsing på språkkommunar: «Språkløyper – den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving 2016-2019». Målet der er m.a. å gjere elevane betre til å lese og skrive. Vi meiner tilbodet vårt vil passe godt inn i satsinga i vårt distrikt, og ynskjer å synleggjere biblioteket som ein ressurs inn i dette arbeidet.

Det er ikkje alltid kor mange bøker – eller kva bøker eleven les – som er det viktigaste. Gode opplevingar knytt til bøker og lesing vil uansett auke leselysta, og legge eit grunnlag for å bli trygge bibliotekbrukarar – noko som kan ha verdi i heile livsløpet. I eit samfunn prega av overskrifter og korte meldingar er det viktigare enn nokon gong å vise fram den store breidda av tekstar og uttrykksformer, og tørre å teste dei ut. Ved å samarbeide tett med grunnskulane vil vi nå ut til langt fleire av elevane enn i dag.

I andre del av prosjektet vil arbeidet med klassene vil fortsetje, og det vil bli evaluert og korrigert saman med lærarane som har deltatt. Erfaringane blir ein kunnskap som kan nyttast av andre.

Skuleåret 2018/19:

Plan for gjennomføring:

1. Utvikle pedagogiske opplegg og presentere dei i ein skriftleg «katalog» over biblioteket sitt tilbod til dei yngste i grunnskulen. Den vil bli utdelt til skulane hausten 2018.
Katalogen vil innehalde:
• Pedagogiske opplegg for ulike klassetrinn, som læraren kan velje frå:
o 3-4 litterære sjangrar (t.d. biletbøker, dikt, eventyr og fagbøker)
o bokbad for yngre elevar
o korleis finne fram i lokalet og i litteraturen
o forfattarbesøk
• Praktisk informasjon som:
o samarbeidsformer mellom lærar og bibliotekar
o klassebibliotek

2. Gjennomføre besøka i tett samarbeid med lærar som kjenner elevane godt. Tilpasse undervisningsopplegga til kvar klasse.

3. Bygge opp sjangerbibliotek som står klare. Då vil lærarane kunne velje kva tid dei ulike tilboda passar inn i undervisninga gjennom skuleåret.

4. Møte med ein forfattar som skriv på nynorsk, som er målforma i vår kommune. Forfattarbesøket kan vere knytt opp mot ein av sjangrane som ein verkstad. Samlaget sin serie Leseland fungerer veldig godt for denne aldersgruppa. Vi har tidlegare gode erfaringar med besøk av forfattarar frå denne serien m.a. Anna R. Folkestad. I anledning Samlaget sitt 150 års jubileum og prosjektet «Nynorsk lesefest» håper vi også å kunne samarbeide med dei.

Tilbodet skal vere det same til alle skulane i kommunen uavhengig av kor lang reiseveg det er til hovudbiblioteket. Dei fleste av besøka skal vere i biblioteket for å gjere elevane kjende i lokala og i hyllene. Dei ulike delopplegga i katalogen vil vere frittståande, men bygge på same mal slik at verdien for elevane aukar ved deltaking på fleire.

Skuleåret 2019/20:

Plan for gjennomføring:

1. Halde fram med å innarbeide dette som eit fast tilbod til alle skulane, og samtidig vere opne for å korrigere, bytte ut tema og liknande. Evaluere tilbodet med dei lærarane som har delteke.

2. Tilby andre bibliotek hospitering og evt hjelp med etablering av liknande tilbod i andre kommunar. Kommunane i vår region har eit etablert samarbeid, som vi kan nytte oss av for å gjere våre erfaringar kjende.

3. Oppsummere erfaringar og evaluering slik at metodane vi har nytta kan overførast og brukast av andre.