Debatt og opplevelser på tvers

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Øygarden bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som møteplass
Samlet støtte:250 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2014, 2015, 2016

Søknad

Mål

Biblioteka i vest ynskjer å undersøkja korleis ein kan samarbeida om å skapa eit klima og ulike arenaer for debatt i dei fire samarbeidande kommunane. Vi vil inngå samarbeid med ulike lag og organisasjoner i regionen for å henta inn kompetanse og erfaringar. Vi ønskjer å nå dette målet ved mellom anna å tilsetja ein prosjektleiar som har det overordna ansvaret for planlegging og koordinering av debattar og arrangement både i biblioteklokala og på andre eigna arenaer. Biblioteka i vest vil med dette prosjektet utforska ein ny samarbeidsmodell som kan vera overførbar til andre biblioteksamarbeid.

Beskrivelse

Biblioteka i Vest består av eit samarbeid mellom biblioteka i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Biblioteka har ein politisk vedtatt samarbeidsavtale og ein eigen partnarskapsavtale med Hordaland fylkesbibliotek. Tidlegare har vi fokusert på samarbeidsprosjekt som felles database/katalog og felles nettside. Vi ønskjer med dette prosjektet å føra samarbeidet inn i ei ny fase med fokus på arrangement og debattar med bakgrunn i den nye biblioteklova. Kommunane i samarbeidet ligg tett, med relativt liten avstand mellom biblioteka. Dette medfører at bibliotekbrukarane i stor grad nyttar biblioteka på tvers av kommunegrensar, og arrangement i biblioteka vert vitja av folk frå heile regionen. Biblioteka i samarbeidet er alle plassert i kjøpesenter i kommunesentra men lokala er av ulik storleik, frå rundt 300 til ca 1200 m2. Arrangement i lokala må difor ha ulik tilnærming og omfang.

Nærleiken til Bergen med det store tilbod av arrangement som finst der, er ei utfordring som må takast omsyn til i prosjektet. Samarbeid med lokale organisasjonar og ressurspersonar i nærmiljøet blir ein viktig føresetnad for å få til gode tilbod som innbyggjarane ønskjer å delta på.

Biblioteka ønskjer å nå ut til eit breiare publikum i samarbeid med brukarane, for å forankra formidlingsarbeidet regionalt og utnytta lokale ressursar. Vi ønskjer å byggja opp ein fast stamme med aktive debatt- og litteraturinteresserte brukarar som kan vera ein ressurs i det vidare arbeidet.

Arbeid med bibliotekutvikling og innovasjon blir ofte nedprioritert i biblioteka, på bekostning av den daglege drifta. Arrangement og debattar er ofte arbeidskrevjande for det einskilde bibliotek å planleggja, gjennomføra og henta inn eksterne midlar til. Det er også vanskeleg å få midlar over det ordinære bibliotekbudsjettet til litteratur og kulturformidling. Gjennom å samarbeide med friviljuge lag og organisasjonar kan ein søkja midlar andre stader enn der biblioteka har høve til å søkja, og nytta dette til felles beste i eit partnarskap.

Ein koordinator vil kunne kartleggja kva ressursar som finst i lokalmiljøa og kva ressursar som kan nyttast på tvers av kommunane. Koordinatoren vil også kunna arbeida med marknadsføring av biblioteka som debattarenaer og arenaer for aktiv formidling, og dermed skapa merksemd rundt biblioteket sin nye rolle i regionen.
Vi tenkjer mellom anna å byggja opp ein idebank som kan nyttast av andre bibliotek. Idebanken kan innehelda framlegg til føredrag, debattar, diskusjonstema, samarbeidspartar, ressurspersonar m.m. I tillegg vil idebanken innehelda ei «kokebok» for planlegging og gjennomføring av debattar.

Biblioteka i samarbeidet vil lansera ny nettside i løpet av sommaren/hausten 2014. Ein god og tenleg arrangementskalendar vil vera eitt av hovudelementa på denne sida. Kalendaren vil ikkje berre visa biblioteket sine arrangement, men også promotera arrangement i regi av andre kulturinstitusjonar i kommunane.

Regionen vil i løpet av dei neste tiåra, utvikla to nye byområde i tilknyting til kommunesentra.Det blir særleg viktig å få til debattar og engasjement knytt opp mot denne utviklinga. Her må biblioteka ta på alvor sin rolle som folkeopplysar og demokratisk torg.

I tillegg til samarbeidspartane nemnt seinare i søknaden, ønskjer vi å samarbeide så breiddt som mogleg, t.d. med politiske parti og andre frivillige organisasjonar.

Prosjektet er tenkt sett i gang hausten 2014 og er tenkt som eit toårig prosjekt.