Brukardreven innovasjon i bibliotek.

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Etne bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:300 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2024

Søknad

Mål

Målet med prosjektet er å undersøkje og hauste erfaring med brukardreven innovasjon. Vi vil teste om systematisk innsamling av kunnskap om målgrupper, og testing av «målgrupperetta» arbeid er noko me kan arbeide videre med og implementere som ein ny måte å jobbe på når me skal utvikle nye tilbod. Og når me skal vurdere og prioritere eksisterande tilbod.

Beskrivelse

Biblioteka sine tilbod konkurrerer med folk si tid, merksemd og energi. Tilboda våre skal være demokratiske og relevante, og inngå i ein større opplevelsesøkonomisk samanheng. Men korleis veit me at tilboda og innhaldet vårt er relevant? Eller demokratisk? Og korleis kan me nå ut til fleire enn dei som allereie brukar biblioteka?

Å ta i bruk nye metodar, å definere målgrupper og å undersøke folk sine behov og preferansar kan gi oss verdifull ny innsikt som kjem brukarane våre (og kanskje nye brukarar) til gagn. Men nye arbeidsmetodar og prosjekt krev tid og ressursar – og kunnskap. Difor søkjer me NB om midlar til å skaffe oss kunnskap om dette og ressursar til å kunne jobbe strategisk med det og setje i gang eit prosjekt 2024.

Alle dei biblioteka som inngår i samarbeidet skal gjennomføre sine eigne prosjekt der me prøver ut metoden. Førebelse planar for utprøving av metoden er: Korleis skal me nå ut til ulike, definerte målgrupper? Korleis engasjerer me brukarane når me skal flytte eit bibliotek? Korleis skapar me ein bibliotekplan med utgangspunkt i brukarane sine behov?

Undervegs i prosjektet kjem me til å ha regelmessig dialog og vere støtte for kvarandre for å drive dei lokale prosjekta vidare. Dette er eit samarbeidsprosjekt, men med lokale variasjonar etter dei ulike biblioteka sine behov. Grunna lange avstandar mellom biblioteka kjem mesteparten av dialogen til å føregå digitalt.