Bibliotek forandrer liv!

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vestland fylkesbibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye formidlingsmetoder, Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2015, 2016

Søknad

Mål

Å arrangere ein nordisk, bibliotekpolitisk konferanse i Bergen 12. – 14.juni. 2016.
Konferansen har tittelen: Bibliotek forandrer liv!
Konferansen skal haldast på Grand Terminus Hotell og Bergen Off. Bibliotek

Beskrivelse

Halmstadkonferansen, som har vore arrangert sidan 1990-talet, er ein viktig arena og møteplass for nordiske biblioteksfolk og kulturpolitikarar. Konferansen tek opp aktuelle problemstillingar for utvikling av
folkebiblioteka og set dei i eit politisk og fagleg perspektiv. Arrangementet har gjennom ei årrekkje vore ein sentral arena for å peike ut den vidare kursen til folkebibliotek i dei nordiske landa.

I 2016 vert konferansen arrangert i Bergen. Tittelen er «Bibliotek forandrer liv!».I omtalen heiter det at folkebiblioteka utgjer ein enorm, mektig og effektiv infrastruktur, som kan hjelpe samfunnet med å takle mange utfordringar. I eit moderne sekularisert samfunn er biblioteket ein tradisjonell institusjon med solid legitimitet. Potensialet til fokebiblioteka kan i enda større grad utnyttast til å byggje sterke fellesskap og styrkje kvart einskild menneske. Folk nyttar folkebiblioteka som uavhengige kjelder til inspirasjon, kunnskap og tilknyting. Dei er difor springbrett til innovasjon, økonomiske mulegheiter, eit sunnare og grønare liv og personelg vekst. Kvart bibliotek er unikt og tilpassa behova til brukarar og lokalsamfunn. Biblioteka utviklar seg i takt med at samfunnet og individuelle behov utviklar seg – mykje på grunn av den digitale utviklinga. I staden for å vente på at folk skal kome, når biblioteka ut i samfunnet på tallause vis.

Problemstillingane skal belysast gjennom innlegg og samtalar mellom politikarar og fagfolk frå Sverige, Danmark, Noreg og Finland. Nytt av året er eit møte før hovudkonferansen mellom nordiske bibliotekarar som arbeider på regionalt nivå.