Å Vestland, Vestland! – nye og revitaliserte samarbeid i eit nytt fylke
Søknad
Rapporter
Tilleggsinformasjon
Mål
Vi vil styrke tenestene til bibliotekbrukarane i fylket gjennom nye former for samarbeid, revitalisering av eksisterande samarbeid, og etablering av ein ny digital samarbeidskultur.
Beskrivelse
Bakgrunn
Biblioteksamarbeid er og har vore ei viktig kjelde til fagleg utvikling i begge dei tidlegare fylka, Sogn og Fjordande og Hordaland, som no er samla i Vestland fylke. Biblioteksamarbeida har blitt utvikla gjennom fleire større utviklingsprosjekt, sist i prosjekta «Saman for framtida» (2012-2014) og «Biblioteklandskap i endring» (2011-2013), og er forankra i gjeldande kulturplanar. Samarbeida fungerer som lærande nettverk eller praksisfellesskap, og bidrar både til felles ressursutnytting, betre bibliotektenester og til styrka kompetanse blant dei bibliotektilsette.
I 2020 vart kommune- og regionreforma gjennomført, noko som har gitt endringar med større og samanslåtte folkebibliotek, kommunar og fylke. Som følgje av reforma er det behov for å vurdere dei eksisterande regionale samarbeida på nytt. Eit større kollegium kommunalt og regionalt dannar også nye rom for samarbeid. Folkebiblioteka er i stor endringar relatert til det ein kan kalle ei sosial vending, med auka fokus på sosial interaksjon og rolla som møtestad og debattarena, og det ein kan kalle ei digital vending, med vekst i digitale tenester og tilbod. (Audunson el al, 2020) Endringane stiller krav til ny kompetanse og dugleik for dei tilsette i biblioteka, og gjev auka behov for kollegial støtte både fagleg og sosialt. Digitale samarbeidsplattformar gjev grunnlag for nye samarbeid uavhengig av geografisk nærleik, og for nye samarbeidsformer for nye og eksisterande samarbeid.
Seksjon for bibliotekutvikling gjennomførte våren 2020 ei spørjeundersøking (sjå vedlegg) retta mot folkebiblioteka i fylket utanom Bergen, der nokre spørsmål var relatert til biblioteksamarbeid. Undersøkinga viser at om lag alle biblioteka (93%) deltek i eit regionalt biblioteksamarbeid. Biblioteka rapporterer at dei i stor grad opplever utbytte av samarbeida i høve ressursar som blir brukt, mellom anna når det gjeld fagleg og sosialt fellesskap, felles arrangementsturnear, deling av kompetanse, å løyse felles utfordringar, og å dele planar, idear og erfaringar. Ved ny kommune- og fylkesstruktur, ønskjer biblioteka å halde fram med samarbeida. Om lag halvparten (47%) ønskjer i tillegg også å danne nye formar for samarbeid, basert i stor grad på ulike samarbeidstema knytt til tenester i biblioteka. Biblioteka rapporterer behov for støtte frå seksjon frå bibliotekutvikling mellom anna når det gjeld faglege innspel og blikk frå utsida, prosjektutvikling og søknadsskriving, og økonomisk støtte. Det er også behov for kurs og kompetansehevande tiltak på prosjektutvikling/ søknadsskriving, prosjektleiing, og kompetansedeling/ praksisfellesskap.
Innhaldet i prosjektet
I prosjektet skal vi etablere varige strukturar for biblioteksamarbeid i Vestland fylke gjennom å:
1. Utforske nye samarbeid og vurdere eksisterande samarbeid
Med utgangspunkt i erfaringar frå tidlegare samarbeid og svar frå spørjeundersøkinga går vi i dialog med kommunane for å kartlegge vidare kva tema som er aktuelle å danne nye samarbeid rundt. Vi vil også vurdere eksisterande samarbeid relatert til funksjon og ny kommune- og fylkesstruktur.
2. Etablere nye og revitalisere eksisterande samarbeid
Vi vil kople samarbeidspartar og etablere treffpunkt, samt tilby ein søknadspott for midlar til organisering, koordinering og utvikling av samarbeida for å bygge varige strukturar for samarbeid. Kompetanseutvikling vil vere sentralt for å samarbeide på nye måtar og for å revitalisere eksisterande samarbeid.
3. Kompetanseutvikling
Kompetanseheving vil gå føre seg på tre område:
• Heve kompetansen på det å samarbeide og å utvikle gode digitale praksisfellesskap, samt prosjektutvikling og prosjektarbeid.
• Heve kompetansen på ulike relevante samarbeidstema.
• Heve kompetansen på digital samhandling
4. Utforske og etablere ein ny digital samarbeidskultur
Utforske mogelegheita som det digitale gjev for relasjonsbygging og samhandling, og ta i bruk digitale samhandlingsverktøy. Erfaringar frå tidlegare samarbeidsprosjekt viser at også meir uformell erfaringsdeling og det å vere ein del av eit fagleg/sosialt nettverk er viktig og fører til kreativitet, motivasjon og betre tenester for brukarane. Relevante spørsmål er korleis ein skal bygge fellesskap og tillit gjennom digital samhandling, og om det er måtar å organisere møte og samarbeid på som legg til rette for uformell erfaringsdeling og prat som erstatning for fysiske møte.
Referanse
Audunson, R., Hobohm, H., & Tóth, M. (2020b) How do librarians, archivists and museum professionals conceive the respective roles of their institutions in the public sphere. I R. A. Audunson (Eds), Libraries, archives and museums as democratic spaces in a digital age. (p. 165 – 184) De Gruyter Saur.
Prosjektet er forlenget utover opprinnelig tidsplan.
Publisert: 28. april 2023