Sommarbibliotek – med lesing i sentrum

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Aurland bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021

Søknad

Rapporter

Mål

Effektmål av sommarbiblioteket:
– Auka tal gamle og nye brukarar på biblioteket, og meir utlån.
– Auka kunnskap og bruk av biblioteket sine tenester for innbyggjarane og besøkande i heile kommunen.
– Auka kunnskapen og bruken av nasjonale digitale verktøy som finst tilgjengeleg for publikum.
– Biblioteket og litteraturen vert flytt ut av det ordinere bibliotekrommet, og dette vil gje rom for nytenking og nyskaping av nye formidlingsmåtar.
– Biblioteket vert meir synleg i lokalsamfunnet, og blir meir brukt.
– Formidling av litteratur knytt opp til utstillingane i huset.

Beskrivelse

Aurland folkebibliotek har eit ynskje om ein møteplass for innbyggarane, samt auka utlån på sommartid for gamle og nye lånarar. Me vil synleggjere at me har litteratur til alle. Målet ved å flytta små deler av biblioteket på sommartid til sentrum, trur me vil auke utlånet og auka besøket på folkebiblioteket vårt også vinterstid.
Bibliotek vårt er eit kombinert skule- og folkebibliotek, og er plassert i same bygg som skulen vår. Det ligg litt avsides frå sentrum. Me har dei seinare åra sett at biblioteket har vore litt «gløymt og gøymt» og me såg vårt snitt til at dette kan me gjere noko med. Desse midlane er midt i blinken for å realisere våre idear.

Ved å flytta nærare sentrum vil me nå fleire brukarar og auka utlånet.
Biblioteket vert synleg andre stader enn på sjølve biblioteket, og me får formidla litteratur til fleire og nye brukarar. Biblioteket vårt og lokallitteraturen vert med dette nærare og lettare tilgjengeleg til innbyggjarar og reisande i kommunen.

Det gamle Heradshuset i Aurland kommune ligg midt i sentrum, og har eit høveleg rom for tiltaket vårt. Me vil prøve ut metodar for formidling slik at det på sikt kan inngå som ein del av vår daglege drift. Dei 3 utstillingane me har i Heradshuset frå før er ein viktig del av Aurland sin identitet: E-Co utstillinga, Sivle utstillinga og Galleri Vinjum. Desse utstillingane vil også bli brukt i formidlinga av kulturarven vår til den oppveksande generasjonen, samt auke kunnskapen rundt dei 3 utstillingane me har i dette huset. Lokal litteratur vil bli knytt opp mot utstillingane.

Planlegginga og tilrettelegging av lokalet som skal brukast til «Sommarbibliotek» set me i gang med allereie haust/vinteren 2020.

Midlane frå Najonalbiblioteket vil me bruka til frikjøp av arbeidstid til arbeidsleiar ved biblioteket, tilsvarande ein 20% stilling i nokre månadar for å førebu og gjennomføre sommarbibliotektilbodet.