Shared reading for ungdom

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Sandefjord bibliotek
Samlet støtte:60 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2022, 2023

Søknad

Tilleggsinformasjon

  • Tilaket er forlenget til og med 31.12.2023.

    Publisert: 28. april 2023

Mål

Målet for tiltaket er å vere med på å betre den psykiske helsa for ungdom i Sandefjord kommune og opne opp litteraturen for dei som kanskje ikkje les så mykje eller oppsøker biblioteket. Vidare å legge til rette for ei trygg gruppe der dei kan oppleve samhald og mestring ved å sette ord på kjensler. Effekten av tiltaket vil bli målt gjennom respons frå ungdom som deltek.

Beskrivelse

Om shared reading:
Under Bibliotekseminaret i Stavanger 2021 – Kan litteratur redde liv? blei metoden Shared reading trekt fram som viktig helsefremjande tiltak i eit folkehelseperspektiv. Shared reading er ein metode for nærlesing og diskusjon av ein tekst i grupper, med ein leseleiar. Det er eit lågterskeltilbod der føremålet er å opne opp litteraturen for folk flest, og gjerne dei som ikkje sjølve finn vegen til biblioteket. Metoden vart utvikla av organisasjonen The Reader i England, som eit tilbod for sosialt utsette grupper og menneske med psykiske vanskar, og er ofte brukt på stader ein finn sårbare grupper: sjukehus, bibliotek, rusinstitusjonar, fengsel og så vidare.

Metoden krev ingen førebuing eller førekunnskapar av deltakarane. Leseleiaren har førebudd nokre opne spørsmål med utgangspunkt i teksten, som skal stimulere til refleksjon og diskusjon hos deltakarane. Leseleiar startar med å lese teksten høgt for dei som deltek mens dei følgjer med på utskrift av teksten (eller lukkar auga, om dei ønsker det). Leseleiar skal stille opne spørsmål, og undre seg saman med deltakarane, som bidreg med så mykje (eller lite) dei ønsker av tankar rundt teksten og det den vekkjer hos dei.

Forskar på metoden, Tine Riis Andersen hos Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, fortel at metoden har vist å ha positiv effekt på sosialt og psykisk velvære, at den hjelp på einsemd og forbetrar kommunikasjonsevner. Ho fortel vidare at høgtlesing er beroligande for psyken, og skapar nærleik til andre utan at ein føler ein må utlevere seg sjølv – dette fordi ein tek utgangspunkt i teksten, og i dekkje av den kan spele inn det ein ønsker av eigne erfaringar og kjensler. Ein får også nye perspektiv ved å lytte til dei andre i gruppa. Jane Davis, grunnleggjar av The Reader, fortel at eit av føremåla med metoden er nettopp å vekke kjensler hos lesaren. Ho vektlegg at litteratur kan gje språk der vi sjølv manglar orda, og mogleggjere nye fortellingar om ein sjølv.

Einsemd og psykiske vanskar blant unge i kommunen:
Unge i Sandefjord har lenge scora høgt på einsemd i Sandefjord kommune, og tal frå årets Ungdata-undersøking viser at dette framleis er tilfelle. 15 % av kommunens ungdommar rapporterer at dei slit med mykje einsemd, mot 11% som er landssnittet. Vidare rapporterer heile 22% at dei har hatt mange psykiske plager den siste tida, der er landssnittet 17%. Pandemi og nedstenging har antakeleg bidrege til desse tala. Sandefjord kommune har også eit høgt tal på unge som droppar ut av skulen.

Sandefjordbibliotekene ønsker å bruke shared reading for å betre den psykiske helsa til ungdom i kommunen, og for å nå unge som ikkje vanlegvis brukar biblioteket. Vi ønsker å oppsøke desse der dei er: på ungdomsklubbar (som husar mange uorganiserte ungdommar i Sandefjord), skulen, institusjonar og liknande. Vi har eit godt samarbeid med ungdomsklubbane Napern og Fellesverket i Sandefjord, og dei har invitert oss til å halde litteraturopplegg der. Vi har også eit godt samarbeid med Dnt Ung, og kunne tenke oss å prøve metoden ute i det fri, for å utnytte dei helsefremjande effektar ved å vere ute saman også.

Framgangsmåten vi ser føre oss er å bruke korte, tilgjengelege litteraturstykke (både skjønnlitteratur og fakta) som vi opplever engasjerer ungdom og kan vere springbrett for kontakt innover i dei sjølve og utover i gruppa. Vi allierer oss med leiarar av ungdomsklubbar eller tilsette ved institusjonar, som hjelper oss med å setje saman ei gruppe. Tilbodet er lågterskel, og ungdommane bidreg med akkurat så mykje (eller lite) dei er komfortable med der og då. Fokuset vil vere på å legge til rette for gode litteraturopplevingar i ei trygg gruppe der ein kan oppleve samhald og mestring.

Vi har tre leseleiarar hos oss som har teke tredagarskurset i Shared reading i regi av Fylkesbiblioteket, deriblant ungdomskoordinatoren, som er tenkt å ha hovudansvar for utforming og gjennomføring av dette tiltaket. På sikt ønsker vi å tilby shared reading for andre grupper også. Det hadde vore veldig fint å få frikjøpt personale til verkeleg å kunne ta denne metoden i bruk. Vi ønsker å etablere dette som eit tilbod for framtida, også som noko vi kan tilby digitalt.

Eit slikt tiltak går inn under aktiv formidling, som er nedfelt i Bibliotekplan 2020-2023 for Sandefjordbibliotekene på følgjande måte:

Sandefjordbibliotekene skal:
– Drive aktiv litteraturformidling gjennom utstillinger og arrangementer (pkt 1.4)
– Utvikle interaktiv litteraturformidling for barn og unge (pkt 1.6)
– Legge til rette for formidling av kunnskap mellom mennesker som et folkehelsetiltak (pkt 2.2)