Samarbeid mellom bibliotek og helsestasjon
Søknad
Rapporter
Tilleggsinformasjon
Mål
Opprette samarbeid mellom tilsette i bibliotek og helsestasjon, for å utforme formidlingstiltak som når nye lånarar blant småbarnsfamiliar.
-Mål: Å bygge erfaring og kompetanse i å samarbeida med andre institusjonar i målretta formidlingsarbeid.
– Effekt: Samarbeidet gjer grunnlag for ein rutine for samarbeidsprosjekter.
– Mål: Å skape bevissthet hos foreldre om verdien av lesing fra ung alder.
– Effekt: Auke i antall aktive lånarar i aldersgruppa 19-44 år
– Mål: Fleire born blir eksponert for bøker og lesing frå ung alder.
– Effekt: Dette vil bidra til å skapa interesse og kultur for lesing frå unga alder. Og kan bidra til betre leseferdigheter.
Beskrivelse
Bakgrunnen for prosjektet er blant anna tal frå nasjonale prøver som som viser at elevar i Osterøyskulen får låge resultat i leseferdigheter. Biblioteket har allerede samarbeid med skular og barnehagar og me ønskjer å prøve ut fleire metodar for å gje born bøker mellom hendene. Me ønsker å nå bredt ut til foreldre og me ønsker at biblioteket skal bli ein kjent plass for ungane frå tidlig i livet.
Samarbeid mellom bibliotek og helsestasjon er ein utprøvd innfallsvinkel til å formidla bøker og lesing til småbarnsfamiliar, men Osterøy bibliotek har ikkje noko slikt samarbeid. Me ønsker å ta med oss inspirasjon og eksempler frå tidligare prosjekt og samarbeida med tilsette på helsestasjonen på Osterøy for å finna fram til gode idear til formidlingstiltak som kan fungera her.
Måten me vil gå fram er å arrangera ei rad med samarbeidsverkstader med tilsette frå bibliotek og helsestasjon. Desse skal resultera i eit knippe med formidlingstiltak retta mot brukarane av helsestasjonen og ein plan for gjennomføring som bibliotekarer kan setta ut i livet.
Me søker om midler til frikjøp av arbeidstid sånn at tilsette på biblioteket kan førebu og gjennomføra samarbeidsverkstadene, og til å arbeida med tiltaka som blir utarbeida. Med full stønad vil me kunne bruke om lag 12-15% av eit årsverk på samarbeidsprosjektet.
Vidareføring etter prosjektperioden.
Målet er at samarbeidet med helsestasjonen skal kunne fortsetta etter prosjektperioden, sjølv om dei formidlingstiltaka me kan gjennomføra med støttemidler kanskje ikkje lar seg baka inn i dagleg drift.
Videre forventer me at lærdommar frå samarbeidsprosessen skal kunna tas med vidare i nye samarbeid og nye prosjekt i framtida.
Tiltaket er forlenget i forhold til opprinnelig tidsplan.
Publisert: 16. mai 2024