Pop-up festivalbibliotek under Tysnesfest

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Tysnes bibliotek
Samlet støtte:30 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2021, 2022

Søknad

Rapporter

Mål

Formålet med tiltaket er å auke utlånet, nå ut til nye brukargrupper, synleggjere bibliotektenestene og formidle barne og ungdomslitteratur i eit pop-up-festivalbibliotek.

Beskrivelse

Tysnesfest er ein årleg sommarfestival i Tysnes kommune. Besøkstala har vore på mellom 20 000 og 30 000 frå heile regionen. Festivalen blir promotert som ein familiefestival og har arrangement for ulike målgrupper. Hovudfokuset er musikk, men det er også teater og foredrag.

I løpet av dei 2 vekene der festivalen blir rigga til og arrangert har biblioteket vore nøydd til å stengje, ettersom fleirbrukshallen vi ligg blir brukt som festivalkontor og artisthotell. Vi har nytta stenginga til ein grundig kasseringsrunde og ferieavvikling.

Vi har lenge hatt ynske om å å bruke festivalen til å nå ut nye grupper, utover dei faste brukarane våre. Tysnes er ein kommune med omlag 2800 innbyggjarar, men dette omlag tredoblast når ein rekner med hytte- og båt-turismen. Enn så lenge har vi ikkje hatt personalressursar til å gjennomføre dette på ein ordentlig måte. Det er synd ikkje å kunne nytte det yrande folkelivet til å synleggjera biblioteket og tenestene våre.

Vi ynskjer derfor å ta med oss det beste biblioteket har å by på og etablere eit pop-up-bibliotek i hjartet av Tysnesfest. Det er ein marknad under festivalen og vi får gratis marknadsplass og promotering i festivalprogrammet.

Vi tenkjer å setje opp ein fargerik, sydeninspirert bod, med strandstolar og parasollar slik at folk også kan slå seg ned og kose seg med ei bok.

Vi vil låne ut både vaksen- og barne-litteratur, men tenkjer primært å rette formidlinga mot barn. Dette er også eit godt høve til både å rekruttere born til Sommarles og framsnakka nynorsk barnelitteratur. Vi tenkjer også å ha nokre aktivitetar som buttonverkstad, quiz og ei litterær rebusløype.

Festivalen startar onsdag 7. juli, men vi vil ha pop-up-biblioteket betent frå 5. juli til og med 11. juli. Vi reknar med det vil gå med 10 dagsverk totalt med innkjøp, førebuing, rigging av bod og bemanning av festivalbiblioteket