Oppsøkjande formidling i eit kombinasjonsbibliotek
Søknad
Rapporter
Mål
Som nytt kombinasjonsbibliotek ynskjer vi å avklare korleis eit distriktsbibliotek kan verte meir synleg i skulen når det er stor avstand mellom biblioteksbygget og skulebygget.
Vi vil finne gode, berekraftige løysingar for oppsøkjande formidlingsarbeid som eit lite kombinasjonsbibliotek. Dette skal gjerast ved å utforme ein strukturert plan for ekstern formidling til skule og barnehage.
Vi vil gjere folkebiblioteket meir tilgjengeleg for lånarar, barnehagar og skular utanfor Sande sentrum.
Ved å ta utgangspunkt i besøks- og utlånsstatistikk, vil vi sjå om vi i løpet av 2022 klarar å auke utlånsaktiviteten og mengda lånarar i alderen 6-16 år som bur i område med stor avstand til biblioteket. Vi brukar òg postadressa som indikator til dette føremålet.
Beskrivelse
Prosjektets varighet er satt til ein prosjektperiode på 7 månader: juni – desember 2022.
Ved kommunesamanslåinga gjekk Sande bibliotek over frå å vere eit hovudbibliotek i Gaular kommune, til eit meirope kombinasjonsbibliotek med tenestekontor og skule. Dette gjer at tilboda og bruken av biblioteket er drastisk endra.
Avdelinga på Sande er det næraste biblioteket til to skular og tre barnehagar. Sande skule ligg rett ovanfor gata til biblioteket, og Sande kombinasjonsbibliotek er i tett samarbeid med denne skulen. Utan målretta tiltak, vert det lite tid til oppsøkjande formidling retta mot dei som ikkje kan kome til biblioteket pga. manglande transport, opningstider eller funksjonsevne.
Den andre skulen ligg i Bygstad og har eit lite skulebibliotek. Det er lang avstand mellom Bygstad og Sande og dårleg med kollektivtransport, slik at det vert umogeleg for elevar frå Bygstad å bruke biblioteket på Sande eller hovudbiblioteket i Førde. I dag finst det ikkje formalisert samarbeid mellom Sande bibliotek og Bygstad skule.
Sande bibliotek ynskjer å prøve ut eit besøksopplegg for lokale skular og barnehagar som på grunn av avstand ikkje kan nytte Sande bibliotek på lik linje med dei nærare institusjonane. Om formidlingsprosjektet vert vellykka, kan det brukast som grunnlag for tenester til andre i lokalsamfunnet som eldre, nybakte foreldre og dei med funksjonsnedsetjing. Målet med prosjektet er å auke barn og unge si kjennskap til og interesse for biblioteket.
Prosjektet skal utforme eit formidlingsopplegg for barn og unge som ikkje har like god tilgang til bibliotektenester, og går følgjeleg glipp av litteraturformidling med støtte frå ein bibliotekar i skulekvardagen. Det er spesielt skulen og barnehagen i Bygstad som treng tettare samarbeid med folkebiblioteket, og det er dei vi ynskjer å rette formidlingsprosjektet mot.
Tilsette våre har den naudsynte kunnskapen, viljen og formidlingsevna til å drive med oppsøkjande formidling. Det vert vanskelig å gjennomføre utan ein strukturert plan, og utarbeidinga av ein slik plan vert kjernen i prosjektet. Difor treng vi å frikjøpe ein del av stillinga for å lage ein formidlingsplan og gjennomføre besøk, samt lage gode rammar for å kombinere oppsøkjande verksemd med opningstider og drift av kombinasjonsbiblioteket.