Litteratur i gamle hus
Søknad
Rapporter
Andre filressurser
Mål
Sveio folkebibliotek ønsker å utvikla tenesttane våre og nå ut til nye brukargruppar på ein ny måte.
Denne aktiviteten har fleire mål:
• Få nye brukarar til å bruka og kjenne tilhøyre til Sveio folkebibliotek
• Fremme leselyst
• Fremme lysten til å snakka litteratur med andre
• Auka livskvaliteten ved å nytta litteratur. Litteratur kan underhalde, vere terapeutisk, kontaktskapande, utviklespråkforråd og utvide horisonten vår m.m..
Beskrivelse
Prosjektbeskrivelse
Biblioteksektoren har fått ein anna rolle i samfunnet samstundes som hovudkjernen med arbeidet vårt står sterkt: Me ønsker at folk skal lesa. Dette prosjektet har eit mål å nå ut til nye og eksisterande brukarar. Dei som allereie les treng også inspirasjon til å lese oftare og utvikle lesepreferansane sine. Dei som ikkje les må oppdaga magien og viktigheita av å lesa. Me har 150% tilsette på Folkebiblioteket og 50% skulebibliotekressurs. Det er to personar som innehar desse ressursane.
Samarbeid med andre
Sveio folkebibliotek og andre friviljuge organsiasjonar i Sveio kommune ønskjer å samarbeide om dette prosjektet retta mot nye brukarar særskilt, men også dei som allereie les. Som kommentar til prosjekttittelen meiner me at litteratur i gamle hus vil skapa ny interesse for hus og litteraturen. Arrangementa vil ha ein dimensjon av det fysiske som er å gå til dei forskjellige husa, finne ut kor dei er, og ha ein litterær oppleving. Det vil også vere sosialt å vere ilag med andre under arrangementet. Dette kan også skapa ein arena som kan motvirke einsemd. Me opplev noko ilag.
Ein av dei friviljuge organisasjonane som me har god dialog med er Ung Sveio. Dei er ein ungdomsorganisasjon i Sveio Kommune. Avd. Ungdom og Fritid. Flemming Lothe er ungdomskoordinator der. Andre organisasjonar er Turlaget, Helselaget, Kirkens bymisjon Sveio,
Ung Sveio med fleire og Sveio folkebibliotek vil me dette skapa ekstra liv i gamle hus og kommunen. Med støtte Nasjonalbiblioteket vil dette vere mogleg.
Me vil også samarbeida med kulturrådgjevar i Sveio kommune Ellen Tveit som har vore med å skrive: «Kulturminne i Sveio»
Kulturminneplanen blei gitt ut i bokform i ein utvida versjon i 2016. Boka er på 174 sider og inneheld mykje bilete av kulturminne frå heile kommunen.
Innhald
Arrangementa vil vere på dagtid og kveldstid. Nokon arrangement vil i tillegg vere digitale. Type arrangement vil vere «shared reading», opplesing, eventyrstund, publikum tek med seg eigne dikt (poesikveld), m.m.. Førebuinga i dette prosjektet vil vere viktig fordi det er der me skal få tid til å tenkje ut ideane i detalj. Det vil også vere viktig å få tid til å oppdatera seg på det tekniske for at resultatet av den digitale biten vil ha auka kvalitet. Blant anna vil me ta: 23 ting om å formidle på nett – Kurs (bibliotekutvikling.no). Me vil også bruka tid på å øva oss på å formidla betre. Då vil me øva foran kvarandre og gje tilbakemelding på det som er bra og det som kan bli betre.
Teknisk
Teknisk vil me testa ut å streama direkte, filma og leggja ut i etterkant samt laga podcast. Målet er 4 digitale arrangement av dei 9 arrangementa. To av arrangementa skal lagast podcast av. Med oss teknisk har me Sveio kulturskule som vil hjelpa med redigeringa.
Planen vidare
Me ønskjer at den tida me brukar på å førebu arrangementa vil gje oss ein mal på korleis me kan jobba med liknande prosjekt i framtida. Då vil me sjå kva som krevjast av arbeidstid, teknisk utstyr og korleis me skal jobba med andre friviljuge organisasjonar. Me håpar også at dette prosjektet vil gje oss varig nettverk ut mot dei friviljuge organisasjonane. Denne kan gje meireffekt av andre spanande prosjekt der me håpar organisasjonane kjem til oss også med sine idear til arrangement.