Leselyst med dei yngste – saman om lesekultur i Møre og Romsdal

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Seksjon for arkiv, bibliotek og museum
Samlet støtte:1 200 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2024, 2025

Søknad

Lenker

Mål

Målet for tiltaket er å styrke biblioteka i Møre og Romsdal sin innsats for å nå ut med lesing og litteratur hos dei yngste barna, og at biblioteka har ressursar til å prøve ut nye formidlingsaktivitetar, som seinare kan gå inn i drift. Tiltaket vil gå parallelt med at vi gjennomfører kompetansehevande tiltak innan satsingsområdet «Leselyst med dei minste – saman om lesekultur» i FiF-prosjektet.

Gjennom ulike aktivitetar vil biblioteka ha som mål
• å skape leselyst hos barn i alderen 0–6 år
• å spreie kunnskap om verdien av lesing og etablere ein bevisst lesekultur for dei vaksne som er tett på barna i det daglege
• å samarbeide og jobbe på tvers med barnehagar, skolar, helsestasjonar, andre bibliotek, frivillige organisasjonar og andre

Effekten av tiltaket vil kunne sest i nyetablert eller betra kontakt med barnehagar og helsestasjonar spesielt, auke i utlånet av bøker for dei yngste, og at fleire foreldre oppsøker biblioteka saman med barna sine.

Beskrivelse

Vi har jobba aktivt med å forankre søknaden i folkebiblioteka i Møre og Romsdal, og inviterte mellom anna til eit innspelsmøte. Vi fekk positive tilbakemeldingar på at vi skriv ein felles søknad. Erfaringane frå samarbeidet i «Utfor – formidlingsprosjekt i samarbeid med ungdom i Møre og Romsdal» vart trekt fram som motiverande for å vere med på dette tiltaket. Organiseringsmodellen med ein prosjektleiar frå eitt av biblioteka vil vi også ta med inn i dette tiltaket. Denne modellen styrkar biblioteka sin eigarskap til tiltaket. Før innsending av søknaden har alle biblioteka fått høve til å lese gjennom og kome med tilbakemeldingar, og vi har kartlagt kva for bibliotek som søker på eiga hand og som difor ikkje er omfatta av denne søknaden.

Vi søker på vegner av 24 folkebibliotek, inkludert folkebiblioteket i Haram kommune, som blir eigen kommune igjen i 2024. I Møre og Romsdal vil det då vere 27 kommunar i staden for 26. Midlar vil bli fordelte til biblioteka etter omfang av aktivitetar knytt til tiltaket. I tillegg vil ein del gå til prosjektleiar via eitt av biblioteka etter nærmare avtale.

Søknaden gjeld folkebiblioteka i følgande kommunar:

Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Haram, Hareid, Herøy, Hustadvika, Molde, Rauma, Sande, Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda og Ørsta.

Ei viktig side ved tiltaket vil vere at dei bibliotektilsette får utvikle kompetansen sin og gjere seg erfaringar knytt til formidling på arenaer der det er mogleg å nå innbyggarar som elles ikkje kjem på biblioteket. Under følger ei liste over aktuelle aktivitetar:

• Delta på personal- og foreldremøte i barnehagar og skolar for å inspirere og motivere til høgtlesing for barna. Formidle bokpakkar med høgtlesingsbøker tilpassa barnets alder, med litt informasjon om bøkene og tips til høgtlesinga.
• Samarbeide med helsestasjonar for å auke bevisstheita om betydninga av høgtlesing og at vaksne rundt barnet viser ei positiv haldning til det å lese. Lage brosjyrar om biblioteket til utdeling på helsestasjonar.
• Aktivitetar for å trygge foreldre og/eller besteforeldre i det å lese høgt for dei yngste. Mange synest det å lese høgt er uvant og krevjande. Nå foreldre/besteforeldre for eksempel gjennom frivillige organisasjonar.
• Ha lesestunder i barnehagar og skolar, for barnehagebarn og førsteklassingar, gjerne i kombinasjon med formidling av bokkasser.
• Ta i bruk «Tøyveskebiblioteket».
• Bruke metoden shared reading – samlesing saman med dei yngste.
• Formidle tilrettelagt litteratur, f.eks. parallellspråklege bøker, bøker med punktskrift og følebøker med taktilt innhald, til foreldre og barn som har behov for det.
• Digital formidling til foreldre med små barn, spesielt for dei som har lang veg til biblioteket eller ikkje kjem seg på biblioteket.
• Samarbeide med barnehagar om barnekunstutstilling i biblioteket, laga med utgangspunkt i ei eller fleire bildebøker som blir formidla i barnehagane på førehand.
• Lesestunder og andre formidlingsaktivitetar ved utebibliotek for barn, eller andre utandørsarenaer.

Frå fylkeskommunen si side vil vi prioritere følgande oppgåver:
• Sette saman ei styringsgruppe med representantar frå biblioteka og ein representant frå seksjon for arkiv, bibliotek og museum.
• Velje prosjektleiar som er tilsett i eitt av biblioteka. Biblioteket får overført midlar frå tildelinga frå Nasjonalbiblioteket til å løne denne.
• Rettleie biblioteka i arbeidet med å kartlegge kva formidlingsaktivitetar dei allereie har innarbeidd i formidling knytt til målgruppa.
• Rettleie biblioteka i arbeidet med å sjå kva nye formidlingsaktivitetar dei kan prøve ut i dette tiltaket og ha som mål å få innarbeidd som faste.
• Hjelpe prosjektleiar i arbeidet med å motivere for og følge opp at biblioteka gjennomfører aktivitetar i tråd med søknaden, og at dei samarbeider med andre bibliotek i tiltaket når det er hensiktsmessig.
• Gi prosjektleiar og biblioteka råd undervegs ved behov.
• Gjennomføre kompetansehevande tiltak innan satsingsområdet «Leselyst med dei minste – saman om lesekultur» parallelt med dette tiltaket.