LESE-I-LAG: Shared reading i Gloppen

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Gloppen bibliotek
Samlet støtte:75 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2023

Søknad

Rapporter

Mål

– Gje lesarar eit tilbod om denne forma for ilaglesing
– Lage fellesskap om tekst
– Gje høve til fordjupning i tekst
– Tilby ulike arenaer for lesing -i og utanfor biblioteket
– Styrke litteraturglede og leseutforsking hos bibliotektilsette

Beskrivelse

LESE-I-LAG
Shared reading i Gloppen

Kva vil vi?
Shared reading – eller delt lesing, er ei form for litteraturformidling og aktivt arbeid med litteratur i fellesskap. Det har festa seg som eit fenomen både i litteratur-og bibliotekstudiesamanheng, og som tilbod frå bibliotek. Shared reading handlar om ei gruppe som møtest, der gruppeleiar har valgt ut ein tekst/ fleire tekstar som dei les der og då, og som er utgangspunkt for samtale.
Dette har ikkje vore prøvd ut i Gloppen som vi kjenner til. Med dette prosjektet ynskjer vi å prøve dette ut – over ein brei lest.

Kvifor?
– for lite dveling!
– for lite konsentrasjon!
– stopp no litt!

Vi lever i ei tid med mange distraksjonar, der det å dvele ved ting, å fordjupe seg, å gje rom til konsentrasjon, kan vere vanskeleg. Lesing er ein aktivitet ein vanlegvis held på med åleine, som krev ro.
Kva skjer når ei gruppe les og opplever ein ny tekst saman? Kva skjer med eiga lesing? Kan andre si lesing og samtale rundt teksten vere med å utvide teksten?
Samtidig lever vi i ei tid der fellesskap er stadig viktigare, der vi treng å sjå andre sine synsvinklar, at eigne kjappe reaksjonar ikkje er fasit, at ein og same tekst, ein og same situasjon, kan tolkast svært ulikt. Kan slik lesing i felleskap også skape unike augneblinkserfaringar?

Vi ynskjer å prøve ut Lese-i-lag som eit nytt tilbod til lesarar i Gloppen.
Vi ynskjer også å la fleire bibliotektilsette prøve ut denne forma for litteraturformidling/ litteraturdeling sjølv. Bibliotektilsette treng ha å eit sterkt og tett forhold til lesing og litteratur. Vi ynskjer å få fleire i vårt nære fagfelleskap med i denne lese-i-lag-læringa.

Korleis?
Ein av våre tilsette vil delta på kurs og setje seg inn i denne forma, og dele kunnskap med personalgruppa. Utprøving over brei lest: Vedkomade vert leseleiar i ulike grupper, og med ulike tekstar og stader. Vi ser føre oss at vi inviterar deltakarar til ein serie på 3 Lese-i-lag-økter i løpet av eit gitt tidsrom, der ein kan delta på ei eller fleire økter. Slik kan både leseleiar og deltakarar få høve til å prøve slik Lese-i-lag-lesing med fleire ulike tekstar.

Kven?
Vi ser føre oss å gje eit slikt 3-økterstilbod tilbod til fleire ulike grupper:
– Vaksne/ ungdom: 3 økter
– Vaksne dagtid: 3 økter
– Bibliotektilsette i Nordfjord: 3 økter

Kvar:
Vi ser føre oss å ha Lese-i-lag-øktene på ulike stader. Det kan vere vanskelegare å rekruttere deltakarar til noko som ikkje berre er ein eingangshending. Kan hende kan det å flytte staden vere motiverande?
Det kan og gje ein tilleggsdimensjon: Kva gjer dei fysiske omgjevnadane med lesinga?

Vi ser føre oss å kunne variere t.d. slik:
1.økt: På biblioteket. I eige rom, eller rundt det nye langbordet vårt ute i biblioteket
2.økt: I ei gamal stove på Nordfjord folkemuseum, som ligg rett over elva
3.økt: Ute i naturen.
For bibliotekargruppa kan øktene vere på 3 bibliotek, Gloppen, Stad, Stryn.

DELT LESING
delt glede
delt innsikt
ny innsikt ?